tysdag 20. januar 2009

Amaryllis

Til jol kjøpte eg meg ein amaryllis med knoppar, klare til å bringe fram store vakre blomar. Dei to første fekk stå i fred heilt til dei visna, men då det kom ein tredje på den litt lågare stilken oppdaga eg plutseleg at den hadde fått juling, og knekt halsen. Eg tok den av og sette den i vatn, og der har den no stått i 5 dagar - like fin! (Dei to siste bileta er tekne idag, etter at den faktisk blomstra fram den siste knoppen òg)

Syns dette vart ein fin serie, med den kraftige raude mot den bleike bakgrunnen;














(og grunnen til at eg kan sitje her og blogge midt på ein vanleg tysdag er at eg har ei jente med feber, snørr og hoste, og ei med intens øyreverk. Med bortreist mann har det vore ei festleg natt, kan du sei ;) )

5 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Uffda. Ille når småttene har det vondt. Men blomsten er jo helt nydelig.

Håper jentene er på beina att snart.

Lev lurt.

Nikoline sa...

Ja du kan så sei... eg er i alle fall ikkje flink til slikt,tek berre vare på masse "skrot" som enkelte her i huset kallar det...
Det var skikkeleg moro å finna gamle Hordaland og eg har teke meg tid til å lesa dei frå "perm til perm"!
Stakkars liten med øyrebetennelse,får håpa det går fort over. Har aldri hatt det sjølv,men høyrer dei seier det er frykteleg vondt! God bedring til henne.

Noralill sa...

God bedring til vetlejenta! Nydeleg blom! Alltid kjekt å ta fram fotoapparatet når ein har flotte motiv...

Ha ein fin veke!

rod i hob sa...

Stakkars jentene OG deg!! Hørtes ikkje møje kjekt ut å væra aleina når dei e sjuke....!! Uff -håpa dei snart blir friske igjen!!!

Nydelig amaryllis!! Eg hadde to kvite -som tok HEILT av når eg satte dei i vatn -trur de va sju bloma på totalt!!?? Åsså var eg litt lat når eg sku setta vekk pottene. Den eina havna rett inn i skapet, å trur du ikkje den har fortsatt å gro?? I dag tok eg den fram i lyset, den var "noko" bleik. Men kansje den kjeme seg og blomstrar enn gong til??

I eit hus i ein dal sa...

Bale med sjukdom i heimen:(
Kjekt du har tid og ork å skriva likevel..
Kosar meg med bloggen din:)

Related Posts with Thumbnails