torsdag 31. desember 2009

Rosa årskavalkade - 2009

På årets siste dag tenkte eg det ville passe med ein aldri så liten årskavalkade, i år som ifjor.

I januar handla det mykje om scrapping, vinter og frost. Eg viste fram gåvene eg hadde laga med papir til jol, og haldt framleis på med den siste gåva til eit godt stykke ut i januar. Å lage stjernebok er ikkje gjort i ein fei! I vårt gamle hus fekk me dessutan kjenne på kulde og frost når vatnet på kjøkkenet fraus, og isen på taket tok med seg heller i fallet. Heldigvis slapp me store skadar som fylgje av vatn i veggar.



I februar gjorde baseluskane sitt inntog i Rosaheimen. Mor sjølv låg langflat i eit par dagar, men det var storesyster som var verst ramma frå februar og utover, med influensa, fylgd av vannkoppar, omgangssjuke og leddbetennelse (denne har framleis ikkje heilt sluppe taket, og har ført til at me har vore igjennom revmatisk utredning med jenta. For eit par dagar sidan kom det brev om at det ikkje er grunn til å tru at ho har kronisk barnerevmatisme - heldigvis! - , men berre etterdønningar etter denne betennelsen. Kraftige saker!) Februar var òg ein månad med mykje inspirasjon! Eg tok fatt på eit lappeteppe av hekla oldemorsruter, og me starta oppussing av yttergangen vår, for å få det litt varmare der.

Mars kom med løfter om vår! I rosaheimen starta me grillsesongen, og hadde opptil fleire fine vårturar med jentene. Våre snille bestemødre kom med kjekke gåver til både meg og jentene, og Storesyster såg omsider ut til å friskne til etter alle dei før nevnte baseluskane.

I april var våren eit faktum, og Rosa måtte ut på sko-handel . Eg og mannen hadde ei fantastisk helg på Vossa Jazz, og på kjøkkenet tok me inn den gamle kjøkkenbenken som hadde stått der i uminnelege tider.

Så kom mai, med ei aldri så lita identitetskrise for bloggen, og stor-opprydding rundt huset. Me var på tur til vakre Lærdal, og endeleg kunne me kjøpe og plante blomar i hagen. Stor gleda! Rosa konverterte nesten til grønt, og eg oppdaga at eg kunne sy! Den aktive månaden vart avslutta med ei pinsehelg via til maling av huset vårt i steikande solvarme.

Juni kom, med sommarfestar, turar og insektangrep. Eg fekk meg eit inspirasjonspåfyll då eg var på Kvinner i tiden-konferanse i Bergen, og me feira tradisjonell jonsok i heimbygda. Månaden vart dessutan avslutta med ein fantastisk kosleg tur for meg og storesyster til austlandet, der me møtte damer og ungar frå den beste barselgruppa ever!


Sommarmånaden juli starta med eit karstykkje, vakkert vèr og varme dagar, før regnet kom. Likevel vart det tid på arbeidsrommet ved symaskina for meg. Årets ferietur gjekk til fantastiske Sandsøy.


Fyrste helga i august var eg og rosamannen på tur igjen, denne gongen til Mjøsmarkedet på Biri, saman med foreldra mine. August er månaden der begge jentene våre har bursdag, og det var feiringar i fleire dagar til endes. Dette er dessutan månaden for den store "happeningen" i bygda; Balkanfest Evanger, som eg hadde mykje arbeid med i forkant, men der eg kunne nyte musikk og folkeliv heile festivalhelga.

September fortsatte der august slutta - med usansynlege mengder regn! Men omsider slapp sola igjennom, og me kunne riste av oss svømmehud og tungsinn. Etter mange månader iherdig arbeid kunne eg med glede og stoltheit konstatere at lappeteppet mitt var ferdig! Ei vakker gåve kom i hus, og me dreiv stadig med litt oppussing i Rosaheimen.

Det var med glede eg snudde kalendaren til oktober. Den starta med at eg sjølv runda år, og sidan gjekk det slag i slag. Innimellom reising og bursdagsfeiringar rakk eg å pusse opp litt på bloggen.

Plutseleg var det november, som vart innleia i materialismens teikn - Rosa shoppa i aust og vest! November kom dessutan med vakre soloppgangar og bilder av rimfrost. Rosamannen sin gamle bestefar gjekk bort, og me reiste til Sandsøy for andre gong dette året. I mellomtida hadde eg og storesyster ein skikkeleg jentetur til Rotterdam.

Så kom desember, og eg starta kalendar-blogging opp mot høgtida. Eit travelt år har vorte avrunda med ein travel månad, der min kjære har vore heimeverande husfar. Rommet til storesøster vart ferdig, me hadde jolemarknad i bygda. Eg gjorde ferdig eit grafisk oppdrag, og dagane gjekk med til joleførebuingar. Nokre dagar før jola tona inn kom snøen som bestillt, og så var det berre å henge med i svingane til jolefreden senka seg.

Og no er snart jola over, og me skal skrive 2010. Det er heilt utruleg kor fort dagar, veker og månader går! Det har vore eit innhaldsrikt år, i livet og i bloggeverda, og eg ser fram til det nye med spenning og forventning. Eg håpar alle der ute får eit godt år, og at det vert innleia med ei fredelg nyttårsfeiring.

Takk for det gamle, takk for kommentarar, råd og inspirasjon og Godt Nytt År frå meg i det Rosa Universet!

måndag 28. desember 2009

La det snø, la det snø la det snø!

Det er heilt utrulege mengder snø som har kome her vest den siste veka. Fyrst vart me sikra ei kvit jol, slik ein alltid drøymer om. Og no har det jammen komme over halvmeteren med kvit masse, som ligg og dekker absolutt alt. I skrivande stund har Rosamannen vore ute og måka for tredje eller fjerde gong idag!

På taket ser me kor stort varmetapet er, når snøen smeltar og vert hengande i lange spyd frå takrennene. Endå større på den sida der me ikkje har etterisolert taket, enn der Rosamannen har stappa inn nokre ekstra lag med gule matter.

Og sjølvsagt: ungane STORKOSAR seg!! Igår var me ute i hagen og laga snømann, snøhole og snølykter. Sistnevnte var vel mest mor sitt prosjekt, med storesyster som ivrig medhjelpar. Det er ganske kosleg når dei to lyktene står på kvar si side av porten vår.
Idag har det snødd nye 20-30 cm etter att desse bileta vart tekne, og ein skal mange mange år tilbake for å finna liknande snøfall.


Eg kjenner ei viss uro for korleis det vert når alt dette skal smeltast, men ein skal jo som kjent ikkje ta sorgene på forskot. Så spørst det om me klarar å lokalisere skiskoa til storesyster, som i ein eller annan ryddesjau må ha havna innerst, nederst ein stad. Skal ho lære å gå på ski må det jo verte denne vinteren??

fredag 25. desember 2009

1. joledag - unna vei!

I tidlegare tider var 1. joledag ein dag full av forbod. Ein skulle ikkje gå ut, ikkje gå på besøk, ikkje arbeide, ikkje gjere handarbeid. I vår tid er det hjå dei fleste litt anleis, og heldigvis for det (sjølv om eg framleis meinar at dagen skal vere prega av fred og ro!). Me har brukt dagen til å prøve ut jolegåver, både ute og inne. Jentene fekk seg nye akebrett, og storesyster fekk i tillegg ein kjempegod todelt skidress hjå tante og onkel. Med snøføre og fint vèr var det difor perfekte forhold for å ta ein prøvetur i Skarhaugen.

Storesyster var "tøff i trynet", og klatra til toppen av bakken med det samme. Ho skulle absolutt forsere eit naturleg hopp, men då det kom til stykket feiga ho (heldigvis) ut. Men full fart hadde ho nedover bakken, og det klarte eg å fange ganske fint i dette biletet, syns eg.
Vetlesyster er på lang nær så tøff, og protesterte villt for den minste nedoverbakke. Ho likar best å ake oppover! Men etter litt påtrykk frå far fòr ho òg i full fart nedover med frydefulle lydar. Det var vakkert i Skarhaugen idag, og Rosamannen vart vel ein tanke nostalgisk, sidan det var her i bakkane han sjølv aka som smågut.


No ikveld har me vore i stort familiebesøk på mannen si side. Også dette ville vel vore utelukka for eindel år tilbake, men no er vel 1. joledag i stor grad ein dag som vert nytta til nettopp slike samkome. Jentene har kost seg ilag med tremenningar, og me vaksne har fått skravla med slektningar ein ellers ikkje treff så ofte.

Til slutt får eg sei takk for fylgjet til deg som har vore innom medan eg har drive med kalendar-blogging i desember. Det vert nok ikkje innlegg kvar dag framover, men samtidig er eg jo inne i ein god driv, så me får håpe det ikkje vert store hòl ;)

Ynskjer deg gode melsdagar!

torsdag 24. desember 2009

24. desember - Jolaftan

Endeleg er dagen her - jolaftan. Glede og forventning, tradisjonar, god mat og godt selskap. Sjølv om eg nok må rekna meg som vaksen no, så kjenner eg ei slag barnsleg forventning nettopp fordi det er så mange tradisjonar som tek meg tilbake til barndomens jolegleda. Forskjellen er sjølvsagt at no skal meg gjera alt me kan for å gje våre små prinsesser dei samme gode forventningane og minnene som me sjølv har frå vår barndom.


Medan me ventar på kvelden, ventar på at dei andre skal stå opp, og ventar på at noko skal skje, så skal me få med oss Snekker Andersen og Julenissen, Tre nøtter til Askepott, og Disney sin joletime, som eg reknar med vert avslutta med "When you wish upon a star", i år som ifjor, og som alle dei andre gongane.

Me skal i kyrkja, det høyrer med! Og når me kjem derfrå vert det herleg, røykt pinnekjøt med alt det gode tilbehøret. Sjølv likte eg ikkje dette då eg var lita, men jentene mine er glad i smak, og har gledd seg masse til det gode kjøtet. Og så får me håpa at alle får iallefall eitt gåveynskje oppfyllt iløpet av kvelden!


No har alle mottakarene fått jolekort frå oss, og dermed kan eg vise det heile her på bloggen. Bileta er tekne gjennom året, og ellers er det leiking i photoshop eg har drive med. Eigentleg skulle eg ikkje laga noko voldsomt jolekort i år, men heller bruke tida på andre ting. Men, så vart eg så utruleg inspirert av BO sin jolekortkavalkade, og sjølv om ikkje dette på nokon måte kan måle seg med det ho gjer, så var det kjekt å halde på med, og kjekt når mottakarane vert glade.
Med dette ynskjer eg alle som les, og alle medbloggarar ei god og roleg jolefeiring, og håpar at alle får gode stunder saman med nokon dei er glad i, sjølv om mange også har ein plass som står tom. Med på vegen sender eg det som for meg er sjølve jolesalmen, sjølve jolestemninga i tre vers. Og den er så kraftfull på nynorsk!
GOD JOL!


Fager er jordi, herleg er Guds himmel
Glade gjeng sjelene pilgrimsgong
gjennom dei fagre rike på jordi
gjeng me til paradis med song

Tider skal koma, tide burt skal kverva
ætt skal fylgja ættarad
aldri skal tagna tonen frå himlen
sjeli sitt glade pilgrimskvad

Englane song det fyrst for hyrdingflokken
vent det tona for sjeli møydd;
Fred over jordi! Menneske, gled deg,
oss er ein evig Frelsar fødd!

onsdag 23. desember 2009

23. Desember - klar?



Nå har vi vaska golvet - check,
og vi har børi ved - check,
og vi har sett opp fuggelband - ikkje heilt,
og vi har pynta tre - check.

Med 3 av 4 kryssa av skulle me vel vere klare for jola? Dagen idag har gått i eitt, med pynting, pakking og rydding. Eg hadde tenkt at me skulle vere på plass hjå svigers til barne-tv ikveld, men når klokka runda 18 ikveld hadde me akurat pakka i bilen, og skulle ta til på gåvebytte-runden med familien i bygda. Dermed var hovmesteren allereie igang då me nådde fram, og leggetida for dei små vart grovt overskride før jola eigentleg er igang. Det var nesten litt vemodig å forlate det nyvaska og pynta huset, men me får nok ei kosleg jolehelg her med besteforeldre, tanter og ein onkel. No håpar eg alle mine medbloggarar er ferdige med jolestria, og kan nyte stemninga og forventningane for morgondagen og helga.

Nå har vi vaska golvet og vi har børi ved,
og vi har satt opp fuggelband og vi har pynta tre’
Nå sett vi øss å hvile og puste på ei stund,
imens je rugge vogga, så bror din får en blund.

Dra krakken bortåt glaset, så sett vi øss og ser,
og prøver å finne leia der julestjerna er,
den blankeste ta alle, hu er så klar og stor
du ser a over taket der a Jordmor-Matja bor.

Hun er så snill den stjerna, hu blonke kan du sjå?
- og nå ska je fortælja og du skal høre på.
Den fyrste gong hu skinte så laga hu ei bru
imilla seg og himmel’n og ei krubbe og ei ku.

I krubba lå ein liten gutt så fresk og rein og go,
og mor hass dreiv og stelt’n og far hass stod og lo,
og gjetergutta deromkring dom kute tel og frå
og bar med seg små lam-onger som gutten skulle få.

Og tel om med tre vise menn - dom rei i flere da’r
og ingen visste vegen og itte ‘hen det bar,
Men stjerna sto og blonke på himmelhvelven blå
så ingen ta dom gikk bort seg og alle tre fekk sjå.

Ja, det var fyrste gongen at julestjerna brann,
men sea har a brønni i alle verdens land,
og såmmå å som hender er stjerna like stor
- du ser a over taket der a Jordmor-Matja bor.

tysdag 22. desember 2009

22. desember - såvidt

Jepp, idag har eg faktisk gløymt å blogge, heilt til eg ser at klokka er så godt som midnatt, og det straks heiter vetlejolaftan. Dagen idag har vore innhaldsrik, med skule-/barnehagegudsteneste der eg spelte saman med organisten, foreldrekaffi i barnehagen der 5-åringane hadde eit lite skodespel, og diverse gjeremål i heimen i mellomtida. Skodespelet var forøvrig om prinsesse Gullhår, og eldstejenta mi var veldig stolt og VELDIG spent prinsesse som prøvde stolar, graut og senger hjå tre søte bjørnar ;)

Kvelden etter leggetid for dei små har vore brukt på kjøkkenet, med skumbollar og nokre fantastisk spennande "snickers-muffins" på tapeten. Skumbollane skulle vise seg litt kompliserte, sidan eg fyrst klarte å bruke ein liter vatn istadenfor ein desiliter, som det stod i oppskrifta, og sidan måtte vispe det heile for hand, sidan håndmiksaren på mystisk vis har mista vispane sine. Heldigvis har eg ein sterk mann som syns hjulvisp er ein fantastisk sak, og dermed slapp eg å pådra meg senebetennelse i armane, som fort kunne vorte resultatet utan. No har eg kost meg med Herreavdelingens juleverkstad, og alle deira betraktningar rundt jolefeiringa. Kosleg!!


Å pakke inn gåver er ei av dei kjekke "plitene" som høyrer med i desse tider, og ikveld var storesyster ivrig med å pakke inn dei siste tinga ho har laga, som skal leverast ut til familien min her i bygda før me reiser til svigers for å feira jol. Tuppa har produsert, og måtte sjølvsagt pakke inn sjølv, med store mengder tape og møye :)

Til slutt må eg berre vise kva min kjære kom med idag når han hadde vore på handel: 10 raude roser til sin fru! Saman med det raude hjarta som storesyster har laga i barnehagen vart det riktig fint på kjøkkenbordet vårt.

No skal skumbollane få eit lag sjokolade og eit med kokos, og SÅ er det leggetid :)





Ta med deg denne versjonen av ein av dei songane som VERKELEG høyrer barndomens jol til.

Nattinatt!

måndag 21. desember 2009

21. desember - smånissar og snøleik

Idag har det vore nissefest i barnehagen til jentene, og det var to ivrige smånissar eg prøvde å fotografere litt før dei skulle ut døra idag tidleg. Storesyster bestemte at dei måtte ha stolar å sitte på under fotograferinga. Vetlesyster var slett ikkje einig, ho ville heller leika med noko ho hadde funne i eit skap. Og når storesyster prøver å gje ho ein kos på kommando, då vert det ville protestar!

Ellers har ettermiddagen vorte brukt til aking og basing i snøen, idag som igår. Der storesyster aldri får nok, begynnar vetlesyster å hylskrike etter få minuttar ute i kulden og snøen, og vil berre heimatt. Den gamle sparken, eller sparkstøtting som det kanskje heiter på fint(?) fann me i uthuset, og den passar heilt supert til småjentene våre. Fin er den òg :)

Ikveld har eg tatt meg på tak og rydda og turka støv i stova. Me lir av eit syndrom som heiter "legg-frå-deg-ting-der-det-er-ein-stad-å-legga-det", og det fører til at bokhylle og databord inneheld ein del meir enn dei skulle. No derimot, burde eg nesten ha teke bilde av kor ryddige og reine dei er ;)
Imorgon er det jolegudsteneste for skule og barnehage i bygda, og eg skal vere med og spele til salmane på flygelhornet mitt. På slutten av dagen er det foreldrekaffi i barnehagen, og innimellom der bør eg skvise inn mengder med husavask og litt baking.
No kjem ein av mine absolutte favoritt-salmar i jola, som heldigvis er veldig mykje brukt her i området både før og under jolehøgtida.
God natt!
Det lyser i stille grender av tindrande ljos ikveld
og tusende barnhehender mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar sin broder i himmelhall
som kom og vart heimsens Frelsar, som barn i ein vesal stall.

Der låg han med høy til pute og gret på si ringe seng
mens englane song der ute på Betlehems aude eng.

Der song dei for fyrste gongen ved natt over Davids by
den evige himmelsongen, som alltid er ung og ny,

den songen som atter tonar med jubel kvar jolenatt,
om barnet, Guds son, vår sonar, som døden for evig batt!


søndag 20. desember 2009

20. desember - Jolekonsert på 4. sundag i advent

I bygda mi er det alltid jolekonsert i kyrkja 4. sundag i advent. Musikklaget eg er med i har hovudregi, og inviterer med seg eit kor og nokre fleire aktørar som bidreg med song eller spel. For mange i bygda er dette noko slikt som "årets høgdepunkt", og det er eg igrunn einig i. Denne gongen var det dessutan min tur til å vera ein av musikklaget sine eigne solistar, og det er både kjekt og spennande! Sjølv om (eller kanskje på grunn av?) at generalprøven igår gjekk frykteleg dårleg, så var det heilt greit å spele idag. Kjekt når det er fullsett kyrkje, og skummelt når ein kjenner at leppene er vinterturre og ikkje heilt slik dei burde vere. Alt i alt vart det ein flott konsert, og det er ingenting som hjelper slik på jolestemninga som når Fager er Jordi vert spelt og sunge til avslutning. Det gjer heller ingenting at det ligg massevis av snø der ute, som gjer at den vesle Gato vår minnar om Skomakergata (som du kan sjå meir av her. Biletet er lånt herfrå).

Litt utlada vert ein etter å ha spelt konsert, men med joleferie framfor oss vurderer eg å ta fatt på litt baking no, og rett og slett rangla litt ;)

Tenn ljos, no strålar saman dei fire ljosa klårt
for han som elskar alle og kjenner livet vårt.
Tenn ljos for himmelkongen som gjetarflokken såg,
for jord- og himmelbarnet som i ei krubbe låg.

God kveld, den siste sundagen før jol!

laurdag 19. desember 2009

19. desember - Kvit glede!!!

Idag har det snødd...

og snødd......

og snødd....

og SNØDD!

Eg trur det må ha komme omtrent ein halvmeter rein, kvit glede frå ovan idag. Storesyster har vore ute og basa saman med sine kjære syskenborn i fleire timar, og var trøtt og svært lukkeleg då ho endeleg kom heim på ettermiddagen.
Vetlesyster har desverre fått feber og hoste, og har vore innomhus heile dagen, for det meste slapp på sofaen. Dermed vart det verken felles handletur eller felles generalprøve for meg og rosamannen, men ein fin dag har det vel vore likevel. Kvar gong eg ser ut vindauga vert eg barnsleg lukkeleg over å sjå at det stadig dalar snø frå himmelen, og det ser ikkje ut som det skal stoppa med det aller fyrste. Det er dessutan lova blå grader etter snøfallet, og det ser ut til å verta ei fantastisk høgtid reint vèrmessig!

Rosamannen måtte ta seg av jolegåveinnspurten og utvelging av den viktige jolegrana heilt åleine idag, og eg innrømmer at eg er litt spent på sistnevnte, spesiellt når han gjentek at den ikkje er så veldig stor...... Eg har ikkje fått høve til å sjå den endå, men håpar den ikkje er SÅ liten ;)

Eg hadde ein plan om å få knipsa litt bilder utandørs idag, men sidan eg enten har vore sjukepassar eller på farten, så måtte eg nøye meg med det eg kunne sjå frå trappa framfor og bakom huset vårt. Dermed er det igrunn berre ein song som passar, den nyleg att-funne norske versjonen av "White Christmas", som Dizzie Tunes i si tid spelte inn. Med den ynskjer eg deg òg ei kvit jol!

Jeg drømmer om en hvit glede, drømmer om jul med hvite trær
Om små barn som synger, og spurv i klynger
I snedrev og vintervær
Slik minnes jeg min glad barndom med julesne på hver en vei
Hils til alle hjemme fra meg, må hver julekveld bli hvit for deg

Hvor bærer hjertet så sårt mitt savn, som fjernt i en fremmed havn
En dag i desember når det lakker mot jul i gjen
Her vandrer jeg i den travle strømmen, i lyset av min desemberdrøm

Jeg drømmer om en hvit glede, drømmer om jul med hvite trær
Om små barn som synger, og spurv i klynger
I snedrev og vintervær
Slik minnes jeg min glad barndom med julesne på hver en vei
Hils til alle hjemme fra meg, må hver julekveld bli hvit for deg

fredag 18. desember 2009

18. desember - joleferie og status

Det er fredag, det er kveld, og eg har funne meg eit glas raudvin for å feira at joleferien er eit faktum. Eg har jobba 5 dagar denne veka, for å "tena inn" ein ekstra fridag neste veke. Den skal brukast til dei siste førebuingane i heimen før jolehøgtida er over oss, og eg trur det skal gå heilt fint! Dei siste par gåvene skal kjøpast imorgon, og er planlagde. To av tre kakesortar er klare, og pepperkakehuset står ferdigpynta og freistande på disken. Små hender er med ujamne mellomrom bort og sjekkar om pynten faktisk sitt fast, eller om det tilfeldigvis skulle dette av noko godt... Far stod for bygginga, storesøster var pyntesjef, og vetlesyster var kvalitetssjef, der ho stappa innpå med nonstop og seigemenn. Eg syns det var litt morsomt då storesøster regisserte fargekoding for nonstop, der dei gule skulle vere langs alle kantar, akurat som dei mange ljoslenkjene ein ser ute i desembermørkret. Ho resignerte fort då far ikkje viste samme vilje til gjennomført mønster og estetikk, og sidan vart det om å gjere å få mest mogleg godsaker på byggverket. 5 minuttar etter ferdigstilling kom spørsmålet om me ikkje snart skulle rive det....

Ellers har min kjære ferierande mann verkeleg vore "i støtet" denne veka, og har fornya badet vårt med diverse skap, vaska vindauger og teke delvis rundvask på kjøkkenet. Det er dessutan utruleg herleg å komma heim til ryddig hus og ferdig middag! Dermed føler eg igrunn at me er i rute her i rosaheimen. Eit par ryddeprosjekt har eg for dei komande fridagane, gåvene skal pakkast inn, og til slutt skal me sjølvsagt pynte hus og tre (Note to self: Hugs å kjøpe tre imorgon!).

Det har vore eit par kalde dagar her vest, og idag tidleg var det berre is å hente i springen på kjøkkenet. Rosamannen fekk heldigvis fiksa saken rimeleg fort, og no ikveld har temperaturen såvidt byrja å stiga igjen. Imorgon er det nemlig lova ein heil del snø, og eg må sei eg håpar verkeleg meteorologane har rett i spådommane om ei kvit jol! Det er så vakkert med all denne rimfrosten og det tynne snølaget som ligg på trea allereie, men diverre har eg ikkje hatt sjangs til å fotografere noko av det, sidan det er mørkt når me reiser og mørkt når me kjem att om dagane. Kanskje kan eg få teke litt bilder imorgon, mellom loddsal, handlerunde og generalprøve?

Håpar du der ute har gode desemberdagar, og har tid til å legge at eit ord eller to når du stikk innom. God fredagskveld med ein av mine favoritt-jolesongar!

Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom,
der samles mine tanker som i sin hovedsum.
Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt;
jeg kan deg aldri glemme velsignet julenatt!

Akk, kom jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn
og full av lengsel sukke: Kom, Jesus, dog herinn!
Det er ei fremmed bolig, du har den selv jo kjøpt,
så skal du blive trolig her i mitt hjerte svøpt.

Jeg gjerne palemgrene vil om din krybbe strø,
for deg, for deg alene jeg leve vil og dø.
Kom, la min sjel dog finne sin rette gledes stund,
at du er født herinne i hjertets dype grunn.

torsdag 17. desember 2009

17. desember - Fretex-funn

Med ujamne mellomrom tek eg meg ein tur innom Fretex, og eit par gongar i haust har eg følt meg heldig, som har funne noko fint. Denne engelen, f.eks. Den skal halda eit ljos oppå fatet sitt, og gøymer seg litt bak stjernestaven.

Denne veka føler eg meg ekstra heldig, for eg har nemleg funne noko me verkeleg trengte i stova vår: ein stålampe! Stova vår har vore opplyst av 2 små lampar på veggen i ganske lang tid no, og då me hengte opp adventsstjerna vart det meir som ein bonus. Kravet om lys har auka i takt med at dagane har vorte kortare og kortare.

Og no er den her, lampen vår. Eg klarte ikkje gå ifrå den, med den vakre skjermen sin. Litt slitasje på foten (og noko av det er nok berre skit - har nemleg ikkje rokke å vaska den endå), medan skjermen er heilt fin.

Ljoset er varmt og fint, akurat som det skal vere i ei stove.

I tillegg fann eg denne fine og juleraude strikkakjolen til storesyster, som eg måtte ta med meg. Endå er den nok i største laget, men eg håpar ho vil bruke den, så fin som den er!


Fru Rosa har fått skikkeleg vond hals og ganske tett nase iløpet av siste 24 timar, men me satsar på at det går over fort, fort, fort! Imorgon er siste dag på jobb, med nok ein jolelunch, før eg tek joleferie heile neste veke. Det vert herleg!
Dagens jolesong er ein salme som kjem frå New Zealand, og som Eyvind Skeie har omsett ganske nyleg. Den nynorske versjonen er det ein kollega som står for, og eg syns songen er vakker!

Solbarn, jordbarn, bak di tynne hud
strålar mot oss kjærleik i frå Gud.
Ref:
Høyr oss, sjå oss,
Stjernebarn stig ned,
så jordas born i alle land
finn Guds julefred

Flyktning, krigsbarn,
heimlaus og forlatt
misbrukt, skada,
i den djupe natt
ref.

Gløymt barn, skremt barn,
med sitt såre sinn,
ingen merkar
tårene på kinn
ref.

Borstkjemt, einsamt
barn med lengting ser.
Trusbarn, Gudsbarn
håpar, ventar, ber.
ref.

Håpsbarn, fredsbarn,
barn frå æve-rom
vis kvart jordbarn
himlens herlegdom
ref.

onsdag 16. desember 2009

16. desember - postverkets siste frist

Den er faktisk idag, oppdaga eg plutseleg. Ikkje at eg pleier vere veldig nøye på det, for som oftast kjem jo ting fram meir eller mindre i tide til jol, men sidan eg likevel hadde klar dei korta og gåvene som skal sendast, så gjekk halvparten i posten idag, og resten imorgon.

Ikveld har eg vore på øving i musikklaget, den nest siste før den tradisjonsrike jolekonserten siste sundag i advent. Etter det har eg stått krumbøyd over kjøkkenbordet med fyrste del av gåvepapir og band. Eg fann eit papir med englar på hjå Nille, og då var det ikkje vanskeleg å velje for meg ;) Grunna ein fullstappa kveld vert det difor eit mini-innlegg, såvidt i tide før midnatt. Imorgon er det førjolssamling på jobb, med joletallerken og det heile. Det vert nok både kjekt og godt!

Natti!


Å du heilage, nådeberande
julefest med Guds fred på ny!
Dagen er runnen,
sigeren vunnen!
Gled deg, å gled deg, du kristenlyd!

Å du heilage, nådeberande
julefest med Guds fred på ny!
Krist kom med ære,
vår skal han vere!
Gled deg, å gled deg, du kristenlyd!

Å du heilage, nådeberande
julefest med Guds fred på ny!
Kristus er frelsar,
han vi no helsar!
Gled deg, å gled deg, du kristenlyd!

tysdag 15. desember 2009

15. desember - jolekort

Ikveld har eg omsider fått printa, kutta og bretta årets jolekort til slekt, vener og familie. Denne gongen er kortet produsert i photoshop, og eg har ikkje teke eigne jolekortbilder, men satsa på gjenbruk. Det er jo veldig framme i tida, ikkje sant? Trur ikkje eg skal vise heile kortet no, men framsida kan du jo få sjå.

Det går i lilla i år, og difor må eg iallefall sørge for å få det ut FØR jola kjem, slik at fargen passar med tida me er i: adventstida ;)

No skal eg berre skrive navn og adresser på dei konvoluttane eg har, og sende fyrste ladning imorgon den dag. Så må eg kjøpe litt meir konvoluttar før resten kan få, men eg trur nok det skal gå fint. Me er jo endå berre på 15. desember! Likevel kjenner eg at eg er litt uroleg for lista mi for gjeremål før høgtida, sidan fleire dagar og kveldar har vorte brukte til ei lita fornying av badet istadenfor generell husavask, men den saken er jo grei: Jola kjem uansett korleis det ser ut! Eg gledar meg iallefall over å kunne setje eit kryss ved punktet for jolekort ikveld! (og dessutan har Rosamannen forsikra meg om at han er utruleg effektiv når han fyrst set igang....)

Ei krubbe var vogga som venta han her
det vesle barn Jesus, vår Frelsar så kjær.
Og stjernene lyste heilt inn der han låg
det vesle barn Jesus på legjet av strå.

måndag 14. desember 2009

14. desember - pepperkaker i boks

Jepp, no har me iallefall èin sort i boks. Som eg skreiv igår, så tok eg meg på takk og bakte pepperkaker med jentene på ein ellers litt sliten søndag.

Storesyster har gleda seg lenge, og venta med lengsel og smerte på at mor skulle komma seg på IKEA for å kjøpe pepperkakedeig. Ja, for å lage pepperkakedeig det syns eg høyrest så skummelt ut at DET vågar eg meg ikkje på - endå. Jenta var difor ikkje tung å be igår, og hadde funne fram både kjevle og forkle før me knapt var komne innom døra heime.


Og ho var ein riktig flink liten bakar. Ho kjevla så tynt at eg fekk problem med å få kakene heile bort til brettet, og bakte nok ut nesten halve deigen heilt sjølv, før ho lurte på om det var greit med ein pause. Vetlesyster kasta skrå blikk på den store, men fann ut at det kjekkaste med deigen var å strø mjøl på den, og ete, ete, ete! Eg anar ikkje kor mykje deig ho åt, men eg vil anta at ho har hatt litt vondt i magen i natt.... One down, three to go. Trur eg, då ;)

No sitt eg og motar meg opp til å ta fatt på noko, utan at eg heilt veit kva det skal vere. Ikkje fordi det ikkje er ting å gjere, men fordi eg ikkje heilt veit kvar eg skal begynne. Då er det både fornuftig og fint å starte med litt blogging, ikkje sant?

God vekestart!


O helga natt, o helga stund för världen,
då gudamänskan till jorden steg ned!
För att försona världens brott och synder,
för oss han dödens smärta led.
Och hoppets stråle går igenom världen,
och ljuset skimrar över land och hav.
Folk, fall nu neder, och hälsa glatt din frihet.
: O helga natt, du frälsning åt oss gav. :

Ty frälsar'n krossat våra tunga bojor
Vår jord är fri, himlen öppen nu är
Uti din slav du ser en älskad broder,
och se, din ovän blir dig kär
Från himlen bragte frälsaren oss friden,
för oss han nedsteg i sin stilla grav.
Folk, fall nu neder, och hälsa glatt din frihet.
: O helga natt, du frälsning åt oss gav. :


søndag 13. desember 2009

13. desember - 3 ljos

Det er heilt utruleg, men me har kome til (og nesten passert) den tredje sundagen i ventetida.

For min del hadde den ein særs roleg start, då me sov til LANGT på dag etter et knakande kjekt jolebord igår kveld. Både rakfisk og smalahovud smakte fortreffeleg, og attåt hadde me god drykk og godt selskap. Eg fekk endåtil ei jolestjerne i hus, som ein ekstrabonus etter kalendarjobben eg har gjort for brannvernet i haust. Hurra!

I ettermiddag tok me ein lynvisitt hjå svigers for å henta jentene heimatt, og likevel rakk me å eta ein nydeleg sundagsmiddag før det var tid for å spela ved jolegrantenning i nabobygda. Vel heime att tok eg sats og inviterte jentene med på pepperkakebaking medan min kjære stranda på sofaen med forkjølinga si. Pepperkakebaking trur eg kanskje eg skal komma tilbake til i eit anna innlegg, men etter ein travel dag føler mor seg omtrent som ein oppvridd klut ikveld, og skal sporenstreks finna vegen til loppekassen. I morgon startar ei ny veke, der me forhåpentlegvis rykkar mange steg vidare i joleførebuingane.

Tenn ljos, tre ljos skal flamme
for alle som må slåss
for rettferd og for fridom
og som treng hjelp av oss.
Må vi få til eit samfunn
der alle folk er med.
Tenn ljos for dei som strider
for fridom, rett og fred.

laurdag 12. desember 2009

12. desember - shopping og jolebord

Idag har eg og rosamannen vore på jolehandel, og no er dei alle fleste gåvene i boks! Ei skal produserast i heimen, og eit par gåver får me kjøpe i meir lokale butikkar, før me er heilt ferdige.

Og apropos boks, så har det vorte kjøpt både boksar, eller store kassar, om du vil. Dei skal på loftet, for å få ei betre organisering på rommet me brukar til bod. I dette rommet har me akurat har funne att golvet, no når min kjære har hatt ferie. Han har vore flink handyman og laga hyller under skråtaket, slik at me kan stable ting på litt fornuftigare måtar.

Det har òg vorte handla fleire skap til badet, som er eit anna katastrofeområde i rosaheimen. Med kommodar og skittenkle-korger i store delar av rommet har det vore ganske kaotisk, men NO - No skal det bli orden på sakene, du!

Eg skulle gjerne har skrive eit LANGT innlegg om alle observasjonane ein gjer seg iløpet av ein slik handletur. Eit aldri så lite sosialantropologisk innlegg. Om folk, vanar og uvanar, skikkar og uskikkar. Men ikkje ikveld..

No skal nemleg fruen svinga seg inn i dusjen, og fjelga seg opp til me skal på jolebord ilag med dei tidlegare nevnte brannmennene i bygda. På menyen står det visst både rakfisk-kanapè og smalahovud, så det kan verte ein spanande kveld!

Det var julekveld i skogen. Fjernt fra verdens ståk og larm
lå en rødmalt liten stue, heller fattigslig og arm
Der i stuen, som var dekket av den hvite julesnø
der lå gamlemor og gumlet på sitt siste stykke brød

Gjennom sprukne, frosne ruter titter julestjerner inn
på de salte juletårer på den gamles gamle kinn
og ved gruen, der det ulmet i den siste tyriflis
satt han gamlefar og drømte om en fordums julegris.

Bare armod var å spore på de gamles julebord
All den julemat de eide var en muggen fleskesvor
Og i taket glødet lampen som en hyklerisk rubin
der den brente deres siste dråper juleparafin

Alt som hørtes denne julekveld av julelyd og låt
var de gamles såre julehulk samt julesukk og gråt
Over skogen ruget freden kun en dompapp satt og svor
i et julenek som viste seg å være fra i fjor

Da med ett av domme bjellers klang blir julefreden brutt
De blir dommere og dommere, men tier så til slutt
Og på stien opp til stuen høres glade juletrinn
Derpå dunker det på døren, det er noen som vil inn.

Men det var nok ikke julenissen, slik en skulle tro
Der i døren full av juleøl og julestemning stod:
en person med pels, Amerika-koffert, briller og sigar
Samt en juleklump i halsen, mens han hvisket: Mor og far!

Det var eldste sønn i huset og familiens sorte får
han som ingen hadde hørt ifra på fir'ogtyve år.
Men nå stod han der og julesang en julemelodi
mens han åpnet julekofferten med julegaver i.

Det var juletre med julelys og julegrøt med fett
og de gamle åt og koste seg og gråt en juleskvett
Og de før omtalte juletårer silte gang på gang
da de begge to fikk nye sett med tenner i presang

Stillhet senket seg i stuen, brutt av julerap og -stønn
fra de juleglade gamle og den julesendte sønn
Men da fram på julebordet sattes juledram og røyk
gjorde gamlemor et hallingkast så sengehalmen føyk

Dog mens julenatten senker seg med trollskap og mystikk
over juleglede, julestas og juleromantikk
lar vi julesangen slutte, for de gamles julekveld
ble jo nettopp slik vi ventet: Det ble jul alikevel!

fredag 11. desember 2009

11. desember - Nisse-ballett

Ikveld har me vore på kulturskulen si joleavslutning/jolekonsert på Voss. Storesyster har lenge vist interesse for dans, og gleda var stor då me i vår fann ut at kulturskulen skulle starte ei gruppe kalla "danseleik" for 5-6-åringar. Me meldte ho på, og var saman med jenta spent på kva denne danseundervisninga gjekk ut på. Storesyster såg for seg strutteskjørt og ballettsko med det samme, medan mora prøvde å dempe forventningane, og sei at det sikkert handla om både folkedans og mange ulike danseformer.

Gleda var difor enorm då det viste seg at alle håp vart innfridde: det var ballettundervisning! Ikkje alvorleg og strikt, men likevel displinert, med leikande tilnærming til posisjonar og haldning.
I ein periode var det litt vanskeleg med heile dansinga, for ein sårbar femåring merkar utruleg fort at nokon kjenner kvarandre frå før, og at ein kanskje ikkje er heilt "med i gjengen". Slik kan det vel fort verte når dei fleste høyrer til på sentrumsskulen, medan me kjem i frå ei anna bygd. Foreldra får vanlegvis ikkje fylgje ungane inn i salen, fordi dei då vert distraherte frå undervisninga. Men læraren har vist stor fleksibilitet, og me fekk vere der over ein periode, slik at jenta følte seg trygg nok til å vere med. Det føltes trist at noko så kjekt skulle bli så vanskelig, men no er alt slik det skal vere, og ikveld har me sett korleis storesyster og dei andre jentene har leika, dansa og kosa seg.

Dei framførte ein dans i ring, med pianomusikk og ekte ballettrinn, så søte og flinke at morshjarta svulma! Etterpå var det tid for solo-dans, slik dei har øvd på mange gonger. Kvar av jentene fekk velje eit trinn eller ein posisjon som dei framførte etter tur, og til stor applaus frå salen. Ein kunne verkeleg sjå at dei sola seg i glansen! Snuppa vår var nok litt trøytt i ettermiddag, og var veldig spent for å skulle danse framfor så mange folk i salen. Ho lurte litt på om ho i hele tatt ville vere med, men etterpå var ho så stolt, så stolt.

Saman med vetlesyster sat ho deretter nokså pynteleg heilt framme og høyrde og såg dei andre borna som spelte, song og dansa. Ein slik konsert tek laaaaang tid, og det er med skam å melde at me trakk oss tilbake i pausen. Men sidan me hadde to segneferdige småtupper med oss, som knapt hadde helde ut å sitte musestille på plassen sin i over ein time til, så fekk me oss ein matbit og fann vegen heim i senga. Så får me håpe slikt vert tilgjeve ;)

Imorgon skal herr og fru Rosa ta seg ei sløyfe med jolehandel og sidan på jolebord, medan dei søte små nok ein gong er på besøk hjå snille besteforeldre. Ser forresten at eg faktisk var så trøytt igår kveld at eg sette feil dato på innlegget, men det var visst ingen andre som oppdaga det heller ;)
God fredagskveld!
Det kimer nå til julefest,
Det kimer for den høye gjest,
Som steg til lave hytter ned
Med nyttårsgaver: Fryd og fred.

Related Posts with Thumbnails