Og venta
God laurdagskveld!
Ikveld er eg og Hedvig "åleine" heime. Oda fekk vere att hjå bestemor og bestefar på ein storesysternyttårsferie, medan rosamannen allereie er igang med den lange oppkjøringa til NM for brassband. Du kan jo gjette kvar eg skal tilbringe kvelden, no som Hedvig er i seng? Jaudå, etter ein lynrask ryddesveip over 1. etg pilar eg opp på scrapperommet. Ikveld skal eg starte på eit nytt storprosjekt! Eg hadde eigentleg tenkt å scrappe jolebilder, men det får vente til ein annan kveld - eg klarar ikkje sitje å bruke mi heilt åleine-tid på å sitje framfor PC'en for å plukke ut og printe bilder.
Ha ein god fredagskveld!






Juli, sjølvaste sommarmånaden.
Me hadde mykje varme sommardagar, og bloggen var prega av blomar, hageliv og gode dagar.
Så kom august, og årets sommarferie gjekk til Hunderfossen og Biri. August er bursdagsmånaden for jentene mine. Månaden då eg skulle ta fatt på jobb igjen etter eit år i permisjon. Månaden då Hedvig skulle byrje hjå ei velrennomert dagmamma som kunne ta godt vare på ho. Slik gjekk det ikkje, men heldigvis ordna alt seg til det beste til slutt. I august fekk eg òg vere gjestebloggar på Norske Interiørblogger, der eg viste fram det nye kjøkkenet mitt.

Og i slutten av månaden starta snikkaren på arbeidet med å skifte kledning og vindauger i huset. Med andre ord - ein innhaldsrik månad!
September, starten på hausten. I rosaheimen handla det stortsett om èin ting - å prøve å male huset fort nok til å halde fylgje med snikkaren. Som verdas beste avkopling var eg på kurs, og scrappa mi fyrste stjernebok.
Så vart det oktober - månaden der eg sjølv har bursdag, og fekk silhouette-maskina eg hadde ynskt meg lenge. Men noko mykje viktigare hende òg - etter 6 vekers arbeid var snikkaren ferdig med huset, og sidan frosten sneik seg innpå oss var malesesongen òg plutseleg over. Sjølv halvmalt syns me det er finaste huset i bygda.
Plutseleg var me i november, og denne månaden vart det mykje scrapping. Fyrst ei heil helg i heimen utan mann og barn, og deretter kvar einaste kveld eg hadde høve resten av månaden. Det vart stjernebok, LO'ar, bokmerker og forskjellige kort. Alt saman så utruleg kjekt å pusle med!

Men litt seinare, då dei før nenvte e-stoff og sukkerbombene var inntekne, då var det ikkje lenger råd å stogga det like årvisse "spring-så-fort-du-kan-rundt-jolatreet"-løpet. Det du ser over er altså Oda i farta. Eg valde å ta biletet slik utan blitz, for verkeleg å illustrere tempoet det går i mot slutten av ein ekta jolatrefest. Vesle Hedvig i klumpete sko hang òg med, og var faktisk ikkje overkøyrd av nokon i den store malstraumen. Alt i alt var det ein særs effektiv jolatrefest; me kom, me song, me åt, dei sprang, me kjøpte lodd, dei fekk nissegodt, me trakk lodd, og vips - etter ein dryg halvannan time var gildet over. Eg kunne slepa med meg to småsure pappa-jenter heimatt, medan far sjølv gjorde si plikt som god bygdamann og tok ein slump dugnadsinnsats for å avpynta den store grana. Då er det berre å gle seg til neste år, då me igjen skal springa "rundt om en enebærbusk" ;)
Ha ein god romjolskveld!!