fredag 5. desember 2008

Jolebakst

Då kan eg melda om at jolebaksten har hatt sitt offisielle avspark idag.

Fredag er heimedag for oss jentene i rosaheimen, og den prøvar eg å bruka godt. Å bruka dagen godt kan vere alt frå langdryge kaffibesøk hjå svigerinner eller naboar, til å kosa oss i heimen med ymse gjeremål. Idag var ein fredag av den sistnevnte sorten.

Oda elskar å få hjelpe til på kjøkkenet, og for at ho ikkje skal synast det er kjedelig å berre vere heime med mor ein dag prøver eg å finne på noko me kan gjere saman, om me fyrst skal vere heime heile dagen. Det er ikkje nokon voldsom jolebakst eg legg ut på i år heller - serinakaker, pepperkaker, risbollar, kaaaanskje kakemannar etter Rønnaug si oppskrift, og kaaanskje ekte kjøpe-kransekakemasse-kransekakestenger, berre fordi eg sjølv likar det så godt. Jolebaksten varierer forøvrig frå år til år, fordi eg alltid leitar etter noko endåtil rosamannen kan lika. Kaker er ikkje hans sterkaste side - evt største svakheit :)


Serinakaker oppdaga me ifjor, etter foreldrekaffi i barnehagen. Ikkje for søte, ikkje for store, og ikkje vanskelege å få til. Oda laga faktisk det eine brettet nesten åleine idag. Ho rulla og trilla, og med stor møye kom det litt perlesukker på kvar einaste kake - og på nesten heile brettet :)


Kakeboksane, ikkje særleg fine kakeboksar til ein tiar på europris ein gong for leeenge sidan, stod faktisk lett tilgjengelege i eit hjørneskap, og akurat den boksen eg var tenkt å bruke - trur du ikkje den innehaldt restane av serinakaker frå ifjor? Huff! Dei vart til kompost, og eg kunne fornøyd slå fast at eg har iallefall lært litt frå ifjor - denne gongen lagde me halvparten så mykje :)

No ikveld har eg kost meg åleine med gløgg, julemusikk og litt finpuss på diverse plakatar før jolemarknaden på sundag. Eg hadde ein plan om å gå på scrapperommet sidan mannen er ute av huset, men det vart for seintpå kveld. Midt i kveldens gjeremål vart eg nemleg sitjande å sjå på ein film, eller rettare sagt ein musical - "Hairspray". Om du likar musikalar, og treng ein aldri så liten lykkepille så er denne heilt rett valg. Kanonbra songarar og ei svært humoristisk framstilling av alvorlege tema frå USA på 60-talet.

Då er det berre å rydde unna koppar og kar, og kravle seg til sengs. Imorgon ventar nye gleder, nye utfordringar, nye oppgåver, og to små som er klar til å forlate varmen under dyna mykje tidlegare enn mor og far :)

Fredagskos



onsdag 3. desember 2008

Hugselister

Ja, eg innrømmer det - eg er ein liste-person.

Eg har pakkelister på nattbordet eit par dagar før me skal på turar (turar med overnatting)
Eg har sjølvsagt handlelister
Eg har hugselister for oppgåver i forbindelse med verv
Eg har gåvelister for jol og bursdagar
I joleboka mi har eg lister over jolekort, kaker, gåver til og frå,...

Og no trur eg jammen at eg treng ei arbeidsliste for oppgåvene i heimen før jol. Det er heilt klart ein klisjè, men dagane berre spring ifrå meg! No til helga skal me på jolemarknad, og i den forbindelsen har eg, og har hatt, diverse oppgåver med små trykksaker og annonsering. Når den "bekymringa" er ute av verda ber det rett til hovudstaden i 3 dagar. Men etter det - når kalendaren nærmar seg den 15. desember - skal eg prioritera heimen. Mange av jolegåvene er tenkt ut, og er på veg inni ei - ja akurat, gåveliste. (er det forresten berre hjå oss det er slik at mor tenkjer ut dei fleste gåvene, og deretter - kanskje - konsulterer far, medan han på si side tenkjer ut ei gåve, den til mor? Gjerne etter nøye spesifiserte ynskjer... For all del, ikkje eit vondt ord om verken rosamannen eller ordninga for denel, eg likar jo å ha kontroll. Men likevel, litt snodig er det jo :) )Ein del skal eg laga, og må berre få satt av nokre kveldar på arbeidsrommet, så skal nok det gå fint. Tradisjonen tru vert me nok i seinaste laget med gåver og jolekort (som i år vert konvertert til jolebrev) som Posten skal bringa for oss, men det brukar jo å gå bra, så det gjer det sikkert denne gongen òg.

Litt baking lyt det verte, sjølv om det vanlegvis ikkje er den heilt store avsetnaden på slikt her i huset. (Dvs - eg er ein kakemons av dimensjonar, men prøvar å begrense meg. Jentene er glad i ALT som er godt, men bør jo òg begrensast, og mannen får søtstoffkvoten sin dekka av ei einaste lita kake, og utgjer dermed ikkje det heilt store forbruket) Men så er det alltid kjekt å ha noko på lur, og kunna invitera nokon på kaffi i dei forhåpentlegvis rolege melsdagane (altså dagane mellom jol og nytår ;) )

Husvask? Tja... Eg har i mitt stille sinn planlagt at rosamannen skal få ansvar for å totalrenovere badet (det går vel fint, min kjære? *smask*), kjøkkenet skal få sleppe eit lag med støv, og kanskje tilogmed stova skal få ein omgang med støvkluten?
Men nokon rundvask i alle rom?? Nei takk!

Og i tråd med mitt forrige innlegg - jolepyntinga skjer heilt på slutten, den eller dei siste dagane før sjølvaste kvelden.

Har eg gløymt noko då?
(bileta er av den mirakuløse mini-orkidéen min, som etter eit halvt år utan vatn plutseleg byrja å spire igjen - hurra!)

søndag 30. november 2008

1. sundag i advent - eller er det jol alt?

Fyrste sundag i advent - rundt i grenda kjem det stjerner i vindaugene, ljos på ei og anna busk, og adventsstakar i kvar ei stove. I blogglandia ser eg den eine etter den andre plukke fram jolegardiner og jolepynt, eller fortelje at no er jolehandelen fullført, huset vaska og alle dei 7 sortane i boks. Hjeeeeeeeelp!
Er det ikkje adventstida som byrjar no då? Advent betyr ventetid, ikkje sant? (nei forresten, igår var eg frivillig medarbeidar då 72 11-åringar deltok i Lys Vaken i Vangskyrkja, og der lærte me at advent betyr "han skal koma") Men me ventar på jola, på familietid, tradisjonar, juleevangeliet og alt det andre me forbind høgtida med....eller byrjar eigentleg jolefeiringa no, og så ventar me på noko anna?

For meg handlar adventstida om å førebu seg, førebu huset, førebu gåver til dei ein bryr seg om og no i år meir enn før; forklare Oda kva alt dette er for noko. Greit nok, eg hadde ikkje hatt noko imot å droppe husvasken som òg er ein del av joleførebuingane hjå dei fleste. Og sjølv om eg idag har vaska alle vindaugene i 1. etg, så kan det godt hende at eg hoppar bukk over andre delar av den obligatoriske golv-til-tak vaskinga. Men alt dette andre (den før nevnte baking, planlegging av jolegåver og kjøp/produksjon av desse, pynting og for å ikkje å gløyme jolekort) - det er jo adventskosen - det er jo joleførebuingane. Om eg skulle vere ferdig med dette før desember og adventstida kom, så trur eg at eg ville ha vore møkande lei heile jola om 24 dagar. Kva skulle eg DÅ bruke tida på? Turke støv av jolenissane?


Ved 3. gongs gjennomlesing vert eg litt usikker på om det er lurt å publisere dette innlegget. Det ser ut som meir av ein peikefinger enn det på nokon måte er. Eg berre undrar meg litt over at jola ser ut til å ha innteke halve landet før me eingong har runda 1. desember? Og for min eigen del vert eg meir og meir overbevist om at nissefar på rot, han skal få sitje i loftsmyrkret saman med resten av jolepynten (eller iallefall det meste av den) heilt til vetlejolaftan, når det skin i kvar ei krå, nett før hovmestern for n'te gong snublar seg over isbjørnen medan han vert meir og meir på ein snurr.

Når eg går rundt med litt undring idag, så undrar eg meg sant å seie litt over meg sjølv òg. Det er heilt tydeleg at det har gått litt vel fort i svingane siste tida; Ljos til adventsstaken? Nei, der var kun dei lilla frå ifjor, som alle var litt påbegynt. Me tende sjølvsagt eit ljos likevel idag, medan eg og Oda song den tilhøyrande "Tenn lys". Adventsstjerna kom ned frå loftet, men pæra inni var visst gåen, og me hadde ingen som passa, så den lyt òg vente til imorgon. Heldigvis var adventsstaken med 7 ljos intakt, og kunne setjast i kjøkkenglaset. Og den sterkt etterlengta ljoskula som eg venta på heile desember ifjor ha r omtrent funne sin plass (eg bestillte abbonement på Bolig+, og tenkte at den kula ville ta seg fint ut i førjolstida......det gjer den jo no - eitt år etter...). Adventskalendaren til Oda har eg sikkert tenkt på i over ein månad, men då alle gåvene skulle pakkast ikveld mangla det visst eit par likevel... Berre småting, alt saman - ingen som vert såra og vonbrotne - berre mor som nok ein gong får bevist at det er jammen godt hovudet sitt så godt fast på resten av meg. Ellers er det ikkje godt å seie kvar eg kunne ha gløymt det att....

God adventstid då, folkens!


Tenn lys, eit lys skal brenne for denne jorda vår
den blanke himmelstjerna der vi og andre går
omkring og deler vona at gode ting skal skje
må jord og himmel møtast - eit lys er tend for det.

(bilde: http://www.markmallett.com)
Related Posts with Thumbnails