fredag 28. november 2008

5 om meg

No er det lenge sidan sist, men plutseleg oppdagaeg at eg har fåttei utfordring frå I eit hus i ein dal om å fortelje 5 ting om meg sjølv (x 3).

Den hoppar eg sjølvsagt på

5 ting eg likar:
Familien min; min kjære mann og mine nydelege små prinsesser!
scrapping
lydbøker
lese interiørblada mine
jobbe/leike med trykksaker/grafisk arbeid

5 ting eg ikkje likar:
husarbeid!
glatte og/eller våte vegar
mus i huset
pc'ar, når dei kræsjar
nevnte eg husarbeid?

5 artistar/musikk eg likar:
Radka Toneff
Kari Bremnes
Kristin Asbjørnsen
Al Jarreau
Tower of Power
(denne lista kunne vore endelaus)


Ser at utfordringa har vore rundt store delar av bloggverda no, så trur kanskje eg let den bero her hjå meg. Om du har lyst til å ta utfordringa er du hjarteleg velkomen!



(bilde frå allposters.com)

Med denne nydelege vesle engelen ynskjer eg deg ein god kveld - snart er det adventstid, med førebuing, forventning, familietid, ljos og varme tankar. Eg gler meg!

onsdag 26. november 2008

To Molly, with love!



Tove starta det, og eg fylgjer så gjerne opp;

Ei stor helsing og ein varm klem til Molly, som har knalltøffe tider og ei sterk historie. Måtte ho få ro og fred til å nyte livet med familien sin!

tysdag 25. november 2008

Konferanse


Å reise på konferanse er igrunn ikkje så dumt. Å starta konferansen med ein betre lunch på hotell er heilt genialt! Kombinert med litt rusling i Bergen, som strålar under bleik vintersol utgjer det ein glimrande dag. Og så er det berre å gle seg til togturen heimatt,med siste utgave av bolig+. Var ikkje desse pikyrande små kulene utruleg søte?

måndag 24. november 2008

Datatrøbbel


Ja,det er den syrgjelege sanninga - me har nok ein gong datatrøbbel. Denne gongen er det skjermen som ser ut til å avgå ved døden. Me driv gjentekne opplivningsforsøk, men idag har den ikkje reagert på det heller. Mannen står klar med skrujern,men eg har mine tvil.. Me har eit monster av ein skjerm på loftet som kanskje kan sveivast igang igjen, men eg håpar at eg om ikkje så frykteleg lenge kan traktere eit nytt vidunder.. Enn så lenge - bajbaj frå mobilbloggaren Rosa
Related Posts with Thumbnails