4-åringen står i sofaen og kikar ut glaset, og er i ekstase. "Mamma, det er snø - eg vil ut å gå på ski!" seier ho, lenge før fleire me kjenner sansynlegvis har stått opp. Omsider kler me på dei gode dressane, sko, hue, vottar - men ikkje ski. Det får halda med akebrett, når snøen ligg i eit så florlett lag at den knapt dekkjer .

Storesyster er full av adrenalin, glede og arbeidslyst. Å dra vetlesyster opp bakken på akebrett er vel inga sak! Vetlesyster humrar over denne nye opplevinga, og sit fint i akebrettet så lenge det går framover. Sidan har ho ikkje tid - her er så mykje som skal utforskast!
Tilogmed litt posering for fotografen går an når ein er i så godt humør! Er det årets jolekort-bilete som plutseleg dukka opp?

Vel heime i hagen må det kokkelerast. Vatn, snø, gras og jord i herleg blanding - perfekt, syns Oda.

Hedvig gjev seg ende over, ligg i snøen og myser rundt seg...
Tenk å gleda seg slik over noko så enkelt som eit par cm krystallisert vatn?? Eg håpar på ein god vinter, og ei god helg!