Det kan vel ikkje vere så mykje å be om? Altså, om ein fyrst får innvilga eitt så kan eg tenkje meg eit par andre føremål der det hadde vore høveleg med eit under, men dette er så pikyrande lite at det berre MÅ gå bra?

Sundag var faktisk heile familien heime - heile dagen. Etter x antal helgar i rekkja der ein eller fleire av oss har vore ute på noko, var det veldig godt å berre sulle rundt i eige hus og hage. Ja, for sjølv om me snakkar november, så har me eitt og anna å gjere i hagen. Laurdag hadde Oda og rosamannen med hjelp frå svigerfar rydda eine delen av hagen for alt mogleg snikkarrot. Jaudå, det har stått der det - i minst ein månad! Medan me styrte litt ute kom eg plutseleg på eit par ting som eg har vore tenkt å gjera lenge. F.eks. hengja opp desse pottene med lyng på veggen. Sjølv om det skal dekkbeis på resten av huset til våren så hengjer eg dei opp no; fram og tilbake er som kjend like langt.
Ein anna ting er har planlagt i heile haust er å setje ut laukar. Eg trur det var i august ein gong, at eg var på Plantasjen. Der hadde dei pakningar med laukar for tulipanar og krokus. Krokusen er saman med snøklokka det ultimate vårteiknet, og eg som før knapt gadd å sjå på ein tulipan syns no dei er nydeleg fine. Planar om eit tulipanbed starta å danse rundt i hovudet mitt etter turen på Plantasjen.
Vel heime vart det ein annan dans. Dei to pakkene med blomelaukar hadde gleda seg til å få ein ny heim, men vart nok syrgjeleg skuffa! Omtrent på linje med han teddybjørnen, veit du, som vart kjøpt av ein gammal rik mann for så å bli surra i gråpapir og lagt på ei hylle... pakkane med laukar havna faktisk på hattehylla, og der har dei låge sidan. Etterkvart som dagar, veker og månader har sprunge forbi har eg tenkt meir og meir på at noko måtte gjerast, og sundag var endeleg tida der. At det nok eigentleg er for seint prøvde eg å ikkje tenkje på. Ifylgje eit par gode hagetips burde slike laukar vore i jorda 6-8 veker før frosten slo inn. Og plantane synst sikkert det var akurat passe tidleg-vår-temperatur, for nesten alle har kome med ein spire eller to. Spørsmålet er korleis dei reagerer no når dei plutseleg hamna utandørs, og det slett ikkje går mot vår, men vinter!
Hadde det ikkje vore nydeleg med ei lang rekkje krokus her i plenkanten?

...eller i dette hjørna?

...for ikkje å snakke om ei tulipanklynge i bedet framom huset!

Og til slutt, då det endå var laukar til overs, men litt lite plass å plante dei på, laga eg til to kar med jord som har vore i bruk på plantar heile sommaren. Eg håpar det er akurat passe mørkt, kjøleg og næringsrikt (evt -fattig), slik at eg kan setje zinkbalje og bøtte med blomar ut i hagen til våren.

Då gjenstår det berre å sjå om undera si tid er forbi....