Heldigvis er ungane mine effektive med sjukdom - det heile var unnagjort på tre timar. Etter det var ho berre trøytt og slapp, og sjølv om eg på ingen måte ynskjer å ha sjuke born, så er det faktisk ganske kosleg når 4-åringen helst vil kose med mamma heile dagen (bortsett frå at mamma då kanskje vert smitta òg?)

Det triste med å vakne av sjukdom var at jenta i over ei veke hadde gledd seg til barnehagen skulle arrangere kafè for foreldre og bygdefolk. Det såg ikkje lovande ut fredag morgon! Men som sagt, jenta er effektiv; Med eit par gode duppar på sofaen og ein forfriskande dusj var ho heilt klar for ein liten kafètur. Ho var bevisst på at dette ikkje var dagen for nærkontakt, sjølv om ho verka å vere frisk att. Og bank i bordet og kryssa fingrar - me håpar og trur ikkje at nokon stod i umiddelbar smittefare!

Med utslått storesyster var det minstemor som styrte showet. Og høveleg nok - ho fann fram stetoskopet. Ikkje så lett å veta korleis det skal brukast - kanskje ein skal ropa inn her?

Eg nevnte møter, ikkje sant? Det kan kanskje synast som redsel for å verte gjeranslaus, når mor iløpet av ei og same veke melder seg som vara foreldrerepresentant i barnehagen til storesyster, seier ja til å vere i nemnda for årets lokale jolemarknad, og stiller seg disponibel som leiar i det lokale korpset. Etter ein intensiv valkamp "vann" eg vervet på onsdag. Du veit - det er meg og Barak! hihi. I morgon kveld vert det styremøte i "Det hvite hus" (jada, humor på høgt plan, men eg klarte ikkje dy meg her i mitt nymåla hus).
No satsar eg på bittelitt rolegare tider og friske ungar, slik at neste blogginnlegg berre er eit par dagar unna.
Ha ein strålande sundag!






