fredag 31. oktober 2008

All by myself

Fredagskveld, ei aldeles strålande utgåve av Beat for Beat på fjernsynet (du verden som dei svenske brørne kunne synge!), medan eg et ein sein og velfortent middag. Etter eit aldri så lite morgonrush idet mann og born skulle ut av huset har eg hatt dagen for meg sjølv. Planen var husarbeid, og SÅ scrapping. Ein halvtime i kvart rom, tenkte eg. Akurat den delen slo ikkje til, men no veit eg iallefall at eg kan med godt samvet kose meg resten av helga med strøkent hus og nyvaska golv. Den kjensla er igrunn ikkje så verst.


Eit par bilder frå stova mi, der eg omsider har fått hengt opp telys-lyktene i glaset. Glaskarmane manglar rundt dei nye vindaugene, så her er det berre å skru krokar rett i det gamle tømmeret. Ein av mine vakre glasenglar, produsert av Alma KJærland på Stord, heng i midten.

Nei, det er ikkje støv på linsa, men foto via ein gamal speil som heng på stoveveggen. Når eg ser på biletet kjem eg på at eg har jammen sommargardinene hengande endå. Kanskje eg lyt ta meg ein tur på loftet iløpet av helga, og finne fram dei brune, lune vintergardinene?

Det er gneistrande haustdagar me har hatt i det siste. Og det skulle berre mangla, etter dei ufattelege nedbørsmengdene som har sørga for at vaskemaskina omtrent har gått varm. 2 ungar i barnehage, i høljeregn og stiv kuling= klesvask. Men altså - slik var kveldshimmelen ikveld. Ikkje den glødande raude solnedgangen me har om sommaren. men ein kjøleg blank himmel som understrekar kulda og den klare lufta rundt oss.

No er eg klar for det som har vore målet for dagen: scrapping. Og sidan ungane er vel plassert hjå svigers (sjølvsagt måtte dei til lege med minstemor denne gongen òg, denne gongen med augekatarr) treng eg ikkje tenkje på å komme meg tidleg i seng for å slå opp augene i grålysninga. Imorgon skal eg bevilge meg å sove aldri så lite frampå.

Livet er igrunn ikkje så verst - god fredagskveld!

onsdag 29. oktober 2008

Vissvass

Eg kjenner på meg at ikveld vert det vissvass som dukkar opp på skjermen når fingrane går. Det er straks midnatt, og jentene har sove lenge. Mannen er ikkje heime, og det er kaldt i stova. Utanfor er det klisjèfiguren Kong Vinter som har meldt sin ankomst idag. Eller, kanskje er det berre den fyrste speidaren hans som stikk ein tur innom? Uansett - det er kaldt og klart, litt snøfall igår, men kva gjer vel dette når me har vinterdekk på bilen og ved i uthuset? Eg har ikkje fyrt i heile kveld, og det merkast fort. Istaden har eg hatt god varme på scrapperommet mitt, der eg sit så mykje eg kan no når gemalen er ute av huset. Ikkje for at eg ikkje får sitje der når han er heime, men eg har mykje meir roen til det når han er ute, og huset er stille. Og eg sit der ikkje fordi eg manglar andre ting å gjere. Ser eg rundt meg er det alltids ting å rydde, golv å vaske, kle å sortere. Men sjokkerande nok - eg gidd ikkje. Eg gjer det mest nødvendige, trur eg, men eg set ikkje igang med ekstraordinære ryddeprosjekt. Eg tenkjer som så at når han kan få drive med det kjekkaste han veit heile kvelden, så kan vel jammen eg gjere det òg? Iallefall prøver eg å tenkje det. Men så, når eg har avslutta klypping og liming for kvelden og skal ta kveldsstellet, då kjem eg på x antal ting som eg faktisk bør gjere, for at det skal verte litt lettare imorgon tidleg. For at det alltid nærverande dårlege samvetet for husarbeidsfrekvensen ikkje skal blusse opp så kraftig, og for at det er trass alt mykje lettare å gjere det åleine, enn med to små hjelparar. Og vips, så er klokka laaaangt over mi leggetid.

Eg har eit prosjekt på scrapperommet mitt no, som skal munne ut i jolemesse neste helg. Då skal eg vere med mor mi på tur. Det har liksom vorte ein tradisjon, det der; Når ho skal på messe får eg vere med som assistent. Me set opp utstillinga ilag, me kikkar på dei andre produsentane, og er skjønt einige om kva som er handverk og kva som er "plast". Det er så kjekt! I år har eg tenkt å ha ei lita korg e.l. med mine ting på hennar bord. Snik-deltaking på jolemesse kan ein vel kalle det. Eg får heller spleise på deltakaravgifta :) Eg ville nok aldri klare å produsere nok til å ha ein eigen stand, men det er jo kjekt å sjå om nokon i heile tatt kastar to blikk på dei tinga eg har klistra saman. Bilder skal koma, men ikkje enno...

Den nært foreståande helga skal eg faktisk ha fri. Altså - eg har alltid jobbefri i helgane, men denne helga skal eg vere heime heilt åleine! Som før nevnt skal mannen til Stavanger, og når han køyrer fredag morgon tek han jentene med seg til bestemora og bestefaren ein liten times kjøring herfrå. Dei får ferie frå mor, og mo sjølv - gledar seg som ein unge. Eg har planen klar for helga: Fredag på dagtid skal enten nyttast til ein bitteliten utflukt, eller berre til husarbeid. Om det vert utflukt må eg ta husarbeidet på ettermiddagen. Men når DET er gjort, skal eg berre kose meg. Laurdag kjem Rønnaug på besøk - endeleg har me fått til den scrappedagen me har snakka om så lenge! Veit ikkje heilt kva prosjekt eg skal ta laus på endå, men uansett vert det heilt garantert ein koseleg dag.
Og sundagen kjem eg nok til å vere litt rastlaus. Då vil eg ha min kjære heimatt fortare en svint, kjenner eg meg sjølv rett. Men sjølv om eg ventar kan eg jo nytte tida til noko produktivt?

No er det plutseleg torsdag, pappen min har ikkje bursdag lenger (gratulera med dagen, snille pappen min!), og augene går i kryss. Då er det berre å hutre seg ned under dyna, før vekkerklokka plutseleg melder at ein ny dag er på veg.


Nattinatt!

PS: Kom på ein nydeleg Vamp-song som eg fekk syngja på konsert for eit par år sidan, passande nok ei voggevise

Sov no jentå mi
Sov litle gutten
Ta med dagen i drømmen nå
Solå hilste god natt i mot slutten
La seg stilt neri sjøen blå
Og pusekatten og vovvebisk
Og fuglen så song borti kratt
Og store kvalar og liten fisk
Dei gjespe mot mørke natt

Ja sov, prinsessa og sov litle prinsen
Sov soleier og kløvereng
Bjørkeskogen har byssa inn sin
sommarbris på den grønne seng
Og bamse brakar og mikkel rev
og trollet i berget det blå
De e blitt trøtte av lek og strev
Hos himlen sove de nå
Hos himlen sove de nå.

Ja sov, alle med kinnet på putå
Jordå sitte i stolen sin
Kikke ut av den mørka rutå
Stenge huset og dør og grind
Og krig og brannar og vonde menn
Kan banka med stokk og hov
For jordå jaga de vekk igjen,
Så sov, små skattane, sov
Så sov, små skattane sov

måndag 27. oktober 2008

Gjenta

Og gjenta ho kjøpte seg
spennor og stas,
og ringar med perlor
av farga glas.
-Men ikkje vart gjenta gift. -

So greidde ho håret
med kost og med kamb,
til dess det vart krulla
som ull på eit lamb.
- Men ikkje vart gjenta gift. -

Og gjenta stal pungen
frå husbonden sin,
og kosta seg halsklut
av røysekattskinn.
- Men ikkje vart gjenta gift. -

So tok ho ein sviptur
til næraste by,
og sytte seg dos
utav kjøpety.
- Men ikkje vart gjenta gift. -

Då vart ho so arg
at ho fræste som krut,
og flakte so av seg
kvar einaste klut,
- men då vart gjenta gift.....

Jakob Sande
Svarte Næter, 1929



Related Posts with Thumbnails