Ikveld sitt eg åleine i stova, med levande ljos rundt meg, "gullrekka" summande bak ryggen, og to jenter trygt i seng. Eg har innleia ein 10 dagars periode som brass-enke. For den som treng litt meir forklaring, så viser eg til begrepet "fotball-enke". Eg har det litt på same måten, berre at mannen min (heldigvis) ikkje er hjernevaska på fotball, men på brassband-musikk. Neste helg er det tid for den årlege underholdningskonkurransen Siddis, og korpset hans satsar stort på alle slike arrangement. Og når eg seier satsar, så betyr det at tysdag er den einaste kvelden dei tek fri iløpet av dei neste 10 dagane. Det i seg sjølv er jo ganske heftig. Men så har det seg slik at Bergen ligg på vegen mellom øvingslokalet og heimen. Bergen er staden der rosamannen jobbar, og for at han ikkje skal reise seg ihjel er det mykje greiare at han overnattar hjå ein god kollega eller ein annan kamerat når han skal på jobb dagen etterpå. Dei vanlege mandagskveldane når han er på øving er me vande til no. Eg ser ikkje mørkt på det, for denne kvelden har òg vorte min faste scrappekveld. Men med ein så intens periode er det klart at både eg og jentene vil sakne "guten vår", som Oda seier. Lyspunktet er at det vert ei lang rekkje av scrappekveldar til mor. Du veit - aldri så gale at det ikkje er godt for noko!
Dagens bilder er loppefunna frå turen til Ulvik 4. oktober. Det vesle skatollet skal målast og få sin plass på jenterommet. Oda tok det til seg med det same det kom i hus, og sat ute i gangen og gjorde "lekser" den fyrste kvelden. No står møbelet i stova og ventar på at mor skal finne tid og inspirasjon til pussing og maling. Det er jo frykteleg dumt å kjøpe oppussinsobjekt utan å pusse det opp......


Dei andre sakene fann eg utanfor loppemarknaden, hjå ein mann med bil og tilhengar, som nok hadde tømt både eige og kanskje andre sitt hus på vegen.
Ei gammal knivkasse, omtrent lik den eg har på kjøkkenet til post. Denne her tenkte eg skulle få plass i stova, til rekningar og andre triste ting som treng litt system.

To gamle bøker kjøpte eg hjå han, hovudsakleg for å rive dei sund og bruke dei til eit prosjekt eg har på scrapperommet for tida....


Og til slutt eit krusifiks eg ikkje klarte å lausrive meg frå. Eg veit ikkje heilt enno kvar det skal henge, men opphenget er brotna av, så fyrst må eg finne eit patent for å få hengt det opp.

Ikveld trur eg faktisk ikkje det vert scrapping, men blogging, litt rydding og ein tidleg kveld.
Natti!