laurdag 18. oktober 2008

Bursdagsgåver inn og ut

Det er oktober, og i familien min betyr det bursdagsrush! Små og store i tre generasjonar har dagane sine tett som hagl, min eigen inkludert. Og med så mykje bursdagar vert det gåver litt sånn i rykk og napp, og ikkje alltid heilt på dagen. Det gjeld (heldigvis) både gåver til andre og frå andre. Denne veka har eg faktisk fått to bursdagsgåver, og jammen var dei kjekke og fine begge to. Det er jo ein klisjè, men ikkje mindre sant for det:
Det var akurat det eg ynskte meg!!


Ei nyyyyydeleg såpe frå ad hoc og serviettar frå house doctor fekk eg overlevert i veka, og ikveld fekk eg ein pakke med to koppar og kjøkkenhandkle, og også dei frå house doctor. Alt dette er ting eg har gått og sett på då eg sist var på Patina, og jammen har det vore eit par floger på veggen som har snappa opp mitt drøymande blikk på dei lekre sakene. No skal eg bytte ut eit par traurige kjøkkenhandkle med dette lekre, og imorgon vert det kaffi frå skjønne blåprikka koppar! (Den observante legg merke til at gåvepapiret underst har akurat samme mønster som serviettane - knallfint! Det skal eg ta vare på, og kanskje kan eg bruke det til scrapping?)

Sidan det òg er andre i familien som har bursdag, så må det jo gå nokre gåver ut av huset òg. Det er ikkje så lett å kjøpe gåver til vaksne folk som "har alt", men ei flaske med noko godt kan alltid vere kjekt å ha. Og med ein heimelaga vin-tag blir gåva litt meir personleg. Eg syns det er kjempekjekt å lage desse tag'ane - prøve å tilpasse dei til mottakaren. Her er dei to siste eg har laga, til ein bror og til mor mi. Den fyrste i ein litt enkel (og kanskje litt meir maskulin?) stil, den andre i den søte, litt nostalgiske stilen:

Eg håpar både flaska og kortet kan vere litt til glede for mottakaren - dei er laga med kjærleik og glede.

No er haustnatta eit faktum. Dei søte små ligg under dynene, eller kanskje helst oppå dynene, og skal me ha mot og krefter til ein ny dag bør nok mor og far hoppe i loppekassen me òg.

Nattinatt!

onsdag 15. oktober 2008

Finaste huset i bygda

That's mine :)

Eller, det følest jo framleis litt uferdig, sidan halve huset er ferdigmalt og halve huset framleis ser ut som det står ubehandla. Det er altså grunna, men vannbasert dekkbeis og det før nevnte gråvèret me har på denne årstida går ikkje så godt ilag. Mannen hjå malingsforhandlaren har lova at så lenge det berre er regn og ruskevèr, og ikkje for mykje sol som tek tak i huset, så skal oljegrunninga halde fint til våren kjem. Og med tanke på at me bur på Vestlandet, mellom tallause fjell, så er utsiktene gode for mykje regn og lite sol. (eit par månader på vinteren ser me kun sola på fjelltoppane her eg bur....)


Uansett - no er kledning og glas skifta på tre veggar (Den fjerde er i såpass god stand at det trengs ikkje foreløpig, og ligg på baksida med berre eitt glas, som forøvrig er av den gamle sprosse-typen). Og eg opplever eit par gonger i veka at folk i bygda kjem og tek tak i meg berre for å sei at dei syns huset har vorte så fint! Det er jammen kjekt. Seinast idag kom det ei gammal dame bort, som hadde vore barnejente her i ungdomen. Ho var så glad for at me hadde fått sprossevindauger på plass igjen, og fortalde at ho hadde vorte tipsa om det av ei anna eldre dame i bygda. Ikkje verst, berre det!

Hagen og området rundt huset er eit kapittel for seg. Etter 6 veker med ein effektiv snikkar på veggen ser det ut som eit katastrofeområde her. Trur kanskje me treng ein container om det skal hjelpe på litt. Og den nydyrka plenen min, som har tatt seg så flott opp i sommar - den er vel så og seie historie. Det var nemleg den best eigna plassen til saging....



Då gjenstår berre å betale rekninga som dumpa ned i postkassen idag. Den var akurat så stor som me frykta, og vips var både oppussingsmidlar og etterlengta skattepengar vekke som dogg for sola!! Men fint hus - DET har me :)

Imorgon har eg og jentene fri, og dagen skal nyttast både til besøk på helsestasjonen, ein svipptur innom jobben og kanskje eit kafèbesøk før me går inn i ei travel helg.

Tusen takk for at du stikk innom, og endå tusen til for at du legg att så kjekke kommentarar til meg!

måndag 13. oktober 2008

Gråvér

Gråskodda tung seg sveiper,
so sleip og kald og rå.
Det driver so smått og muskar,
frå skoddeheimen grå.


Høna sit og sturer,
so syrgjeleg vesal og våt,
og hanen er låk i halsen sin,
og fær ikkje til ein låt.


Snigelen kryp over vegen,
so rund og blank og fin,
og regnmakken ligg i ein søylepytt,
so hål og feit at han skin.


Katten lyfter på labben,
når fram han på tunet går.
Han likar seg ille i skoddehy,
gamle gråkatten vår.


Og geita ber seg so ille,
der utanfor stovevegg.
Det silar og renn frå ragget,
og dryp frå det lange skjegg.


Den store gamle bjørka,
står der so still og stur.
I toppen kurer eit kråkepar,
som uppe på greina bur.


Dei sit so stilt og drøymer,
um sol og himmel klår,
og skjeglar so smått til katten,
som fram over tunet går.

-Jakob Sande (1929)-
Related Posts with Thumbnails