-Eg står ved NAV, kor skal eg?
-Du går ned til venstre, ned gata, og bort til Fridays. Me held kontakten til du har funne fram
-Ok, ved Fridays, kva no?
-Gå til høgre
-Jammen, då havnar eg jo rett på vatnet.
-Snu deg mot vatnet, og så går du mot høgre
-Hæ? Det var jo der eg kom frå? (desse 2-3 siste linjene i loop eit par gonger før me går vidare....)
-Nei, du kom jo rett oppefrå, gjorde du ikkje?
-Eh....skal eg sjå mot bystasjonen, og så skal eg gå til høgre?
-Ja
-Det var der eg kom frå. Kor langt skal eg gå?
-Bort til hjørnet på bygget, og så rett over gata
-(mumlande) eg stod jo akurat her borte, (mumle) har gått forbi 3 gongar(mumle). DER er det - haaaade!
Jaudå, eg har faktisk vore på Zupperia før. Men den gongen vart eg styrt av to veninner, og ensa verken retning eller avstand til noko anna. For å sei det rett ut, så har eg retningssans som ein gammal sokk - den har kanskje vore der mange gongar, men aldri sett kvar vegen går (naturlegvis sidan sokken som oftast er inni ein sko når den er ute og går. Eg pleier ikkje vere inni ein sko, men eg kunne like gjerne hatt bind for augene, så lite som eg får med meg. Det er faktisk så ille at jentungen på 4 kjenner seg akurat like godt att som meg, når me køyrer nokon stad. - eg eignar meg mykje betre som kartlesar!)
Men til slutt fann eg altså Zupperia, nokre minuttar etter skjema, men heldigvis ikkje heilt åleine om det. Og vel innom døra var det ikkje tvil om kva bord som tilhøyrde dei bergenske blogg-jentene. Langbordet var faktisk fullt allereie, med damer i alle aldrar og fasongar. Nokon kom i par, andre kom som meg - åleine, med eit åpent sinn. Tru det eller ei, så er eg faktisk litt sjenert i slike samanhengar. Men heldigvis fann eg nokre av dei eg "kjende" frå blogglandia, og på ei kort stund var isen broten og praten igang. Eg kunne ikkje unngå å leggje merke til at andre gjester snudde seg med undrande blikk når latteren nådde nye høgder rundt bordet. Og for dei eg ikkje rakk å helse på - ja! eg er ho med rosa sjal og den svært høge, støyande latteren ;) Det var utruleg kjekt å få nokre ansikt og personlegheiter å feste til dei ulike bloggnavna; mali-mo, emmeline, Lisbeth, Jill, Ingridmarie, Liv Elin....kort sagt mange flotte damer!(me var vel ca 25 stk, så det seier seg sjølv at ein ikkje rakk å prate med alle) Eg gler meg allereie til neste treff - I'll be there!!
Eg måtte gå før festen var over, for å få med meg ei gåve i siste liten til eit bursdagsbarn her heime. Me skulle i selskap, og i oktober høver det seg med haustleg bordpynt. Nydeleg oppdekking, nydeleg mat, og godt selskap. Denne dagen har verkeleg hatt vinger, og det tydar jo på at den har vore bra?

God haust-helg vidare!






