Det er ikkje nokon rund dag i år, langt derifrå. Men eitt år eldre har eg vorte - litt fleire erfaringar er gjort, både på godt og vondt. Eg føler meg vel etterkvart vaksen, her eg sitt med hus og bil, mann og 2 ungar, og lån til eit godt stykkje oppover pipa. Likevel er eg visst ikkje eldre enn at dama bak kassa på Vinmonopolet spør meg etter legitimasjon for å kjøpe ei flaske raudvin, endå eg passerte den aldersgrensa for heile 10 år sidan... Eg vert alltid litt full i lått, då. Og ho vert tilsvarande lett raudmussen i kinna over å bomme såpass grovt. I det siste har eg byrja å ta det som eit kompliment.
Dagen har vorte feira med loppistur, nokre kjekke gåver, og arbeidshjelp frå svigers. Alle desse tinga kjem eg tilbake til, men akurat ikveld vil eg vise to av gåvene eg fekk idag. Jentene mine hadde på mystisk vis komme seg til Panduro-butikken i Bergen, og kjøpt med seg både ei mappe til å organisere papir, og ein album til å setje inn ferdige LO'ar i. Heilt perfekt! Desse to gåvene vart overrekt på sengekanten, etter at Storesyster hadde framført "happy birthday to JUL" av hjartans lyst.

Den andre gåva er frakta heile vegen frå Lofoten, der svigermor ikkje kunne gå ifrå den i sommar, fordi ho visste at den ville passe perfekt til meg.
Ein nydeleg glas-engel har flytta inn hjå meg idag! Tusen tusen takk!!

Imorgon har eg invitert foreldre/svigerforeldre og eit par bestemødre på lunch. Det vert i all enkelheit, men det er no likevel litt kjekt å samle dei som står oss aller nærast. Men fyrst imorgon skal me til kyrkjes, der Storesyster skal få 4-årsbok. Ho gler seg masse, og føler nok at selskapet etterpå er litt for å feire ho òg.
Ha ein nydeleg laurdagskveld!







