torsdag 25. september 2008

Sjå kor fint det blir!

Snikkaren er ferdig med to av tre veggar, ark og det heile. Det er berre eitt glas som ikkje er skifta, og det vert berre så utruleg fint! Igår var det avduking av stovesida ut mot vegen. Snikkaren har hatt presenning over heile tida mens han har jobba på den veggen, og det er tallause nysjerrige blikk som har lurt på korleis det såg ut bakom der. Det er nesten så eg no vil påberopa meg å ha det finaste huset i bygda.


Tysdag tenkte eg å kjøpa meir dekkbeis, sidan eg hadde feilberekna så grovt fyrste gongen (åja søren, TO strøk maling, ja..) . Men på byggkjøp såg dei berre rart på meg, og eg vart sendt vidare til malingseksperten på huset. Han kunne fortelja at den vannbaserte dekkbeisen var rydda vekk for sesongen, for den skulle ikkje brukast i kaldt eller fuktig vèr. Eg hadde ein lengre prat med han, og vart overtydd om at han hadde heilt rett. SÅ glad er eg trass alt ikkje i å mala, at eg gidd gjere det fleire gonger fordi me hadde det for travelt med å verta ferdig.


Heime var det ein svært snurt rosa-mann som såg mistruisk på meg då eg fortalde kva eksperten hadde sagt. Han meinte eg burde ha kakka mannen i hovudet og teke med meg dekkbeisen slik eg hadde tenkt til. Og sjølvsagt er det litt skuff, no når me verkeleg såg enden på dette, at huset vert ståande litt halvferdig. Men som sagt - eg gidd ikkje gjere jobben to gonger. Me har fått grunning på alt som er sett opp, og ifylgje den same eksperten er dette meir enn nok til å halde ute regn og vind. Sola er den største trusselen, og her nede mellom fjella har me strengt tatt ikkje mykje av den i årstida me går inn i. Dermed vert huset ståande slik til våren kjem med frostfrie netter og låg luftfuktigheit.


Den observante lesar har gjerne sett tymbraveggen på det midterste bildet. Den ser berre griselekker ut, og eg klarar nesten ikkje styra meg for å røske ned huntonittplatene på innsida. Her skal det verte lysmåla tymbraveggar i stova!

Og heilt til slutt, som ein liten kuriositet: Gjett kva som er brukt til isolasjon i øverste del av denne tredje veggen??



Ja - einerbusker. Man tager hva man haver, heiter det jo...

tysdag 23. september 2008

Utmeldt fjeldesti

Ei tid for alt, heiter det seg, og igår kveld innsåg eg noko som har lege i bakhovudet ei god stund - eg er ingen interiørbloggar. Eg innser at bloggen min handlar MINST like mykje om andre ting, og at interiørinnslaget nok ikkje er av den store, inspirerande typen. Eg er rett og slett ein heilt vanleg bloggar.

Og med det meldte eg meg ut av NIB, enkelt og greit. Kanskje endrar bloggen min seg ein gong, kanskje finn eg ut at eg høyrer heime der igjen, men akurat no senkar eg skuldrane, legg vekk det dårlege samvetet for at "eg har ikkje blogga om interiør idag heller", og kosar meg med det rosa universet mitt. Eg håpar sjølvsagt likevel at dei kjekke bloggdamene eg har vorte "kjend" med frå Nib stikk innom i ny og ne :)


No, over til noko HEILT anna:
Idag eg vore på fjelltur! Ja, du leste rett, og treng ikkje sjekke synet ditt - Rosa har vore på fjelltur. Eg er, med min (Og her må eg stjele litt frå Emmeline, som i eit forsøk på å beskrive seg sjølv tok meg med i same slengen) "Ruth Narvestad møter Mummimamma i ein og samme Rosa"-kropp, ikkje den som slit ut fjellskoa og tursekken. Eg burde sjølvsagt det, men så er det så mykje kjekkare med blogging og scrapping og musikk og alt det andre... Eg vurderte faktisk ei stund å finne ein god grunn til å ikkje vere med på denne turen, men så handlar det jo om å styrke det sosiale fellesskapet med kollegaer ein ser dagleg, og kollegaer ein kanskje berre treff eit par gonger i året, og då føler eg at eg får bidra med mitt. Så, fullstendig klar over at eg kom til å danne baktroppen, var eg igår kveld på loftet og plukka fram fjellskoa, som såg akurat like nye og fine ut som dei gjorde forrige gong dei vart brukt - ved same høve for ca 2 år sidan. Plutseleg minnast eg kor ubehagelege dei var, og kjefta litt på meg sjølv for ikkje å plukke dei fram litt oftare. (Men om eg skulle bruke dei oftare ville jo det bety at eg var på fjellet oftare...)

Sjølv om rosa-heimen ikkje slit ned turstigane i fjellet, så har eg innprenta eit regelsett frå eg budde heime, og gjekk til fjells med foreldra mine. Mellom dei reglane er å ALLTID ha noko proviant, ALLTID ha ein varm gensar i sekken, og ALLTID ha hue og hanskar med. Eg fann dessutan fram ullundertøyet som har låge fint i skapet sidan forrige vinter. Då følte eg meg klar, og ganske flink som hugsa alt dette.

No var det jo slik at me skulle ikkje på nokon veldig lang tur, me skulle gå i gruppe, og ein av deltakarane hadde lova kløvhest som skulle bera vatn og ved, og endåtil nokre liter med betasuppe på turen. Derfor var det ikkje behov for den heilt store provianten, men ein tursjokolade måtte ligga i sekken.

Turen gjekk til Nåli (eller"Naole", som det heiter på dialekt), og var ikkje verken lang eller tung. Men etter å ha lest mine bekjenningar om tur- og friluftsånd, så skjønar du at den var akurat passe lang, akurat passe tung, og at eg var gjennomvåt av sveitte etter den timeslange turen. Det var forøvrig ein gneistrande fin haustdag med sol frå knallblå himmel og nydelege fargar i fjellet, og vel heime angrar eg ikkje eit sekund på at eg gjekk på tur - det var faktisk ganske kjekt! (Sjølv om eg etter å ha gått fremst(!!) i fylgjet på turen tilbake, vart teken att av to menn på godt over 60 år, som klaga over at dei ikkje lenger var i form fordi dei måtte slakke av i den siste bratte bakken)

No skal du omsider få sjå bilder, og som fylgje til bildene får du ein tekst eg song i kor på folkehøgskule for 8 år sidan. Utruleg kva som festar seg i hjernebarken...

God tur!!



Når du vil på fjeldesti og skal nisten snøre,
legg så ikke mere i, enn du lett kan føre!
Drag ei med deg dalens tvang i de grønne lier,
skyll den i en freidig sang nedad fjeldets sider!








Fugler hilser deg fra gren, bygdesnakket viker,
luften bliver mere ren, høyere du stiger.
Fyll ditt glade bryst og syng, og små barneminner
nikke vil blant busk og lyng frem med røde kinner.




Stanser, lytter du en gang, vil du få å høre
ensomhetens store sang bruse til ditt øre.
Straks en fjellbekk risler kvikt, straks en småsten ruller,
føres hit din glemte plikt med en verdens bulder.




måndag 22. september 2008

Gje meg ein Silhouette

Eg kunne forsåvidt godt ha skrive "Gje meg ein siluett", for ein ny siluett - litt meir lang og tynn enn den eg har - hadde ikkje vore å forakte. Men, lat oss ikkje dvele ved det. Her er det nemleg ein litt annan silhouette det er snakk om;

Noko av det kjekkaste eg veit er jo scrapping. Å sitte med bilder av ungane (ja, foreløpig har det stortsett vorte scrapping med bilder av jentene, men for all del, det er MANGE som scrappar om mykje anna), finne fargar, mønster, samansetningar og ein (av og til iallefall) slåande tittel er så morro. Men så kjem det til eit punkt der ein rett og slett treng å fornye seg. Alt ein har av bokstavar og figurar er brukt til det kjedsommelege.

Eg har ei slik:

Ei tang (sjølvsagt rosa) som ein ved hjelp av forskjellige plater kan stanse ut ein slik:

Eller slike bokstavar:


Eller ein drøss andre ting. Men eit nytt alfabet kostar fort 1000-lappen (frå 800-1500), og for kvar figur kan det òg lett bli ein hundrelapp +/-. Med andre ord: det vert fort mange pengar om ein skal ha litt å velje i.

Men HER er løysinga - eg presenterer: SILHOUETTE

Det er ei maskin som skjer ut kva slag som helst bokstavar, figurar, fasongar - ALT du vil. Det einaste den treng er å vere kobla til ein PC. Maskina kostar ca 2000 kr i norske nettbutikkar, og det er jo ein ganske stor sum, men med tanke på alle moglegheitene ein får er det jo eigentleg ikkje så mykje. Om ikkje så lenge er det den dagen i året der eg veks på meg ein ny årring, og mine ynskjer for denne dagen er i bunn og grunn berre små tilskot til denne vidundermaskina, som skal gje meg underhaldning, utløp for kreativitet og mange mange gode timar på arbeidsrommet.

Kanskje denne vesle dama kan hjelpe?


Tusen tusen takk for alle kjekke kommentarar! Kameralinsa er no bein, men framleis ute av drift. Imorgon skal eg innom fotobutikken og høyre om dei trur det hjelper med livredning...

------------------------

Er det forresten nokon der ute som veit korleis det er å male huset utvendig når det er fare for frostnetter? Ser på vèrmeldinga at det blir veldig låge temperaturar dei næraste dagane, sjølv om det skal bli fin haustsol. Me prøver jo å male huset etterkvart som kledninga kjem opp, men om resultatet blir dårleg hvis det vert frost, så er det kanskje like greit å la det vere?

Treng desperat tips!
Related Posts with Thumbnails