Går det verkeleg an? Å vere så korttenkt, å ikkje passe betre på.
Eittåringen min når stadig høgare, stadig lenger inn, stadig nye ting. Og eg må innrømme at det er ikkje alltid like lett å hugse på. PC-bordet har liksom alltid vore ein fristad. Alt ho ikkje skulle ha tak i vart lagt der sånn i forbifarten (og ja, det er alltid fullt der!).
Måndag ettermiddag ropte Oda på meg med panikk i stemma "
Mamma, Hedvig har fått tak i kameraet ditt!". No kan ein jo spyrje seg kvifor eg la kamera der i heile tatt, men det var altså fordi eg likar å ha kamera lett tilgjengeleg.
Veldig lett tilgjengeleg... Idet eg kom stormande inn tok den flinke storesystra kamera ifrå veslesyster og plasserte det endå eit hakk høgare opp - på skrivaren. (Argh, at me alltid skal drive å legge frå oss ting over alt!!) Eg takka ho djupt og inderleg, og tenkte ikkje meir over saka, for alt såg jo ut til å vere i sin skjønaste orden. Heilt til ikveld.
Rosamannen fekk i oppdrag å ta bilder av den ny-strippa tømmerveggen på framsida av stova. Den er nemleg i ekte gammalt lafta tømmer! (og til alt overmål i god stand - hurra!) Men, det gjekk ikkje mange minuttane før mannen kom innatt med uforretta sak; kamera ville nemleg ikkje fokusere. Og ja - eg snakkar om min høgt elska speilrefleks, EOS 350D. Eit par blikk på den svarte klumpen var nok til å slå fast at det ikkje var så rart om greiene ikkje klarte å fokusere - heile linsa var jo
skeiv!!

Og plutseleg ramla mandagsepisoden inn i hovudet - sjølvsagt hadde kameraet gått i golvet då Hedvig fekk tak i det! For å illustrere kor fortvila eg vart, så kan eg fortelje at det vart både snørr og tårer. Eg anar ikkje om slikt går an å reparere, eller kva kostnad det evt vil bli. Eg veit berre at noko ny linse vert det ikkje med det fyrste. Eg har ei til, men objektivet der er 70-300, så om eg skal ha meir enn detaljbilder må eg gå laaaaaaangt frå det eg skal ta bilde av. Når eg skulle ta bilde av huset måtte eg 50 meter bort i vegen......
Hulk!!For den som har godt syn: Eit glimt mellom presenning og stillas av den gamle laftastova med det store stygge vindauga, eit glimt av det heilt nykledde "arkje" (og den nydelege utsmykkinga i mønet), og til slutt huset slik det ser ut ikveld...


