laurdag 13. september 2008

Hu hei, kor er det vel friskt og lett.

Igår var snikkaren ferdig med kledning på halve framsida av huset. Mannen har jobba med denne sida heile veka, trur eg. Skifta eitt vindauge, tatt ut døra og sett ho inn igjen - BEINT! (ja, no går ho i lås, og kan til og med stå halv-open. Me skal ha ei anna dør her, men den må som før nevnt bearbeidast av ein annan snikkar før me kan få ho. Den skal forøvrig lagast med utgangspunkt i to utedo-dører me fann i uthuset i sommar. Retting: Rosamannen fann - sjølv er eg nok ikkje så ivrig gjest i uthuset som han skulle ynskje at eg var... ). Eh, det var ei lita avsporing. Eg trur eigentleg det meste av innhaldet i veggen er skifta, når sant skal seiast. Store mengder råte i trappe-området gav meirarbeid i lange banar, men no er det godt som nytt!

Fyrst skal du få sjå den veggen som er heilt ferdig. Prøv å ikkje hengje deg opp i at det er 3 ulike vindauger her. Kan du tenkje deg noko så idiotisk som at me ikkje bestillte vindauger til HEILE huset ifjor sommar? Berre dei vindaugene som var ekstra stygge (bilete lenger ned), og ekstra dårlege (som det på gjesterommet - det du ser med sprosser oppe til høgre). Eg innser kvar einaste dag at det var ein bom, men me lyt ta resten over tid..


Så til den delen han berre såvidt er byrja på - stovesida på huset. Den som er observant ser at hanebjelken på næraste hjørna av "arkje" er støtta med ein 2"4".. ergo skal snikkaren skifte hjørnestendaren òg. Heile utbygget vert igrunn som nytt, for når me skal pusse opp dette rommet må me lage heilt nytt golv i tillegg.

Her ser du heile stove-sida, med dei fantastisk stygge, store husmorvindaugene. Der dei står kjem det nye sprossevindauger, men igjen - kvifor i all verden bestillte me ikkje nye til heile huset, slik at det vart likt?????


Igår, etter turen på Stoff og Stil, bar det rett i stillaset for min del. Den nye kledninga måtte grunnast, og sidan me skulle på seminar heile kvelden måtte eg ta jobben før mannen kom heim. Eg har sett litt med skrekk på det høge stillaset, men på nedsida av huset var det jo berre to høgder, og då skal eg vel ikkje klaga? Det var ganske så fint der oppe i høgda, og god utsikt!

Ikkje så ofte eg studerer skiferhelle-taket på nært hald...

Eller hanebjelkane, med sine fine detaljar (kom forresten på at me heilt har gløymt at desse òg må malast - og før det kan gjerast skal dei jo behandlast på ymse vis. Isj!

Ja, og så var eg så kaffityst etter byturen at eg måtte ta med meg kanna og koppen der opp i det fri. Ikkje kvar dag eg nyt kaffi og kvikk lunch i friluft 5 meters høgd over bakken, men godt var det!



Idag har eg vore på scrappekurs og laga stjernebok, og då var det mannen som måtte slite med malarkosten igjen. Heldigvis er han like heil endå, trass diverse karstykkje der oppe i høgda...

fredag 12. september 2008

Skuffa over Stoff og stil?!?

Går det verkeleg an?

Idag har eg og mor mi vore ein aldri så liten tur til meir sentrale strok. Stoff og Stil stod øverst på arbeidlista, IKEA var neste punkt. Med ungane vel plasserte hjå svigermor var det duka for ein skikkeleg avslappande tur - herleg!

No er ikkje eg "stoffavhengig" slik som mor mi og mange andre bloggedamer, men idet me kom inn døra på S&S innsåg eg at det fort kan endre seg. Härliga London, for eit utvalg!! Fleece og bomull og tyll og.... ja, eg anar igrunn ikkje kva alt heiter, men ÅH, så mykje lekkert! Ein vegg for band og blonder, ein annan for glidelåsar. Midt i herlegheita kom eg på at eg lenge har tenkt på ein voksduk til kjøkkenet mitt. Den skulle vere lyseblå, med dei obligatoriske kvite prikkane på.
Eg saumfòr heile "boligtekstiler"-veggen, men fann berre rosa, raud, grøn, mintgrøn .....ingen blå. Det same då eg sjekka hylla for bomullsstoff. Eg fann ut at dei var sikkert utseld, eller kanskje nokon andre hadde teke rullen til klyppebordet? Til slutt måtte eg spyrje ei dame, og veit du kva svaret var? "Nei, lyseblått har vi ikke - det finnes ikke i lyseblått med hvite prikker. Ihvertfall har det ikke kommet til oss ennå". Det var rett før eg måtte få høyrselskontroll. Korleis er det mogleg å ikkje ha det i lyseblått? Eg skjønar det framleis ikkje, og må innrømme at jau - det går faktisk an å bli skuffa på S&S òg - utruleg nok. Eg kjøpte ikkje prikkete voksduk, men om det ikkje dukkar opp eit godt alternativ kan det godt hende den vert rosa....

Sånn bortsett frå denne litt dårlege starten, så gjekk eg sjølvsagt ikkje tomhendt frå butikken. Dei hadde jo band i alle variantar som kan brukast til scrapping, og heilt på tampen var eg så oppglødd over fine stoff og nydelege utstillingsmodellar at det visst datt noko opp i korga mi òg. Meir om det får kome seinare. Det vart ikkje berre tur på IKEA, me avslutta like godt med ein svipptur på Plantasjen. Der dukka det opp blomsterløkar til krokus og tulipan, ja til og med ein femarma ljosestake! Den var så billeg at det var omtrent som dei kasta den etter meg, og då måtte eg jo berre ta imot, ikkje sant?





Med bilder av dagens meir og mindre planlagde kjøp seier eg god helg!

onsdag 10. september 2008

Onsdag, wednesday, mittwoch

sånn i mangel av ei betre overskrift ...

Startar idag med ein LO eg scrappa her ein kveld. Det er rart, dette - at lysta til å scrappe er så stor, mens inspirasjonen og idèane er forsvinnande små.... Eg har stor tru på, og endå større håp om, at laurdagens kurs skal gje meg eit puff både her og der i so måte!


Me er visst inne i eit nytt utfordrings- og awardrush her i bloggjungelen. og for all del, det er kosleg det!

Awarden fyrst, for den var så fin. Eg fekk den av sjølvaste Molly! Jammen er det kjekt å få award frå ei bloggedame som verkeleg har vorte ein favoritt :) Eg skal gje den vidare òg, når eg berre får tenkt meg om...


Og så dreg eg igang med ei utfordring idag òg. Emmeline har nemleg starta ei utfordring om "3 ting som aldri kjem inn i huset mitt". Og som Emmeline seier, det handlar ikkje nødvendigvis om at det er stygt sånn generellt, for smaken er jo som baken, og alle har sin stil. Men hjå MEG, i min rosa skoddeheim, der kjem det aldri inn:

1. Møblar - her representert ved ei bokhylle - i lakkert furu (eller andre treslag, for den del). Eller for å sei det på ein annan måte; trekvite møblar fulle av kvist og årringar. Ja takk til jevne overflater, om enn litt slitne her og der ;)


2. Ein GUL sofa frå IKEA. Gult er bortimot den einaste fargen eg overhodet ikkje taklar. Då skal den vere veldig kraftig, veldig frisk, og i veldig små porsjonar. Det er den einaste muligheita eg ser for at gult skal vere kult.

3. Husmorvindauger. No kjem jo ikkje meir enn vindaugene heilt inn i huset, då - men eg tek dei likevel med. Akurat i desse dagar har me jo verdens flinkaste snikkar som held på med kledning og vindauger, og eg kan nesten ikkje vente med å sjå korleis det vert i stova når det enorme tomme venstreauga til huset er bytta ut med to finne sprosse-vindauger. Sjølv om husmorvindauga er i utmerka stand sånn eigentleg, så skal dei aldri igjen få noko liv i mitt hus. Det som om dei syg ut sjølve sjela i huset med sitt store tomme blikk! Sånn er det med den saken... Bilder av det "nye" huset mitt kjem, om ikkje så brått. Og forresten, dette er ei veldig open utfordring - ta den du òg!


Snikkaren har ellers brukt dagen på å skifte ut bjelkar på det me kallar "arkje", altså det vesle utbygget i taket over trappa. Eg har alltid syns det rommet var litt skummelt med sitt svaiande, knakande golv. No viser det seg at begge ytterhjørna var sterkt prega av råte, og for fyrste gong sidan snikkaren starta arbeidet lurte eg igår på om eg kunne leggja meg trygt (i naborommet) pm kvelden. I mangel av bjelkar var nemleg arkje støtta opp av to midlertidige stendarar i såkalla 2"4" (to-fire). Trur du han flirte godt av meg når eg fortalde om kvalene mine idag? Nei, dette hadde ikkje vore så trygt på lenge. Og det seier vel meir om standen det var i.....



Heilt til slutt må eg berre ta med ein Jakob Sande-tekst som eg plutseleg begynte å tenkje på ikveld. Utan nokon kobling forøvrig - den er berre så fin, og spesiellt med melodien som er sett til den og framført av Jon Eikemo. Eg trur at om eg skal ha nokon favoritt-diktar (eg er altså særdeles lite oppteken av poesi), så må det vere Sande. Han har så mange nydelege og sterke tekstar - dette er ein av dei:

Skymingslandet

mel. Widar Bjerkaker

Eg skimtar eit land -

Uklårt og vikande stig det,

best som eg skimtar det sig det

ned att bak himmelrand.

Eg veit at det ligg der løynt ut i havet,

veit at det dit ber av.

Ingen har sagt det, eg kjenner det på meg,

eg vil ikkje dit, men eg kan ikkje rå meg.

Kursen er oppgjord på førehand:

Kursen for Skymings land.


I dimma eg dreg

ser eg på duvande bylgje

skip etter skip i mitt fylge

styre den same veg.

Forgyllande spir er skjelden å sjå,

gamle er flest, og grå.

Rastlause tumlar dei annsame gastar,

god tur, kameratar, kva er det som hastar?

Leia er lagd. Både de og eg

skal nok den same veg.


Snart stig ho, den øy -

der skal til sist vi oss samle

vi som er grå og gamle,

de med forgylte fløy.

Det spørs ikkje der om arm eller rik;

hyra er alle lik.

Ingen gjer skilnad på mannskap og skute,

god natt, mine brør, som skal kvile der ute,

kvile i stilla på Skymings øy,

kvile frå alt og døy.

måndag 8. september 2008

To utfordringar på ein mandagskveld

Idag har me hatt ein luftig dag i huset vårt. Snikkaren tok vekk både utgangsdør og glaset ved sida av den for å skifte ut det nødvendige rundt. Eg var eit øyeblikk bekymra for at me skulle sove med ope hus, men heldigvis tok han litt overtid og sette inn det nye vindauga og den gamle døra. "Ny" dør kjem, men den skal bearbeidast av ein annan snikkar før me kan setje den i. Meir om det kjem nok seinare.


Ikveld har eg fått to utfordringar, den fyrste av Anna Lisa, om å fortelje om seks ting som gledar meg akurat no. Eg føler dagane me er inne i no ofte fører med seg like mange bekymringar som gleder, men det gjer godt å tenkje etter på dei gode tinga, så vert kanskje bekymringane litt mindre...

1. Eg er glad for at eg har to friske, nydelege jenter som no ligg på lading i sengene sine, klare for nye utfordingar.
2. Eg er glad for at me får "nytt" hus utvendig, og at snikkaren som gjer det er så flink, nøye og effektiv!
3. Eg er glad for at eg har fått eit par timar på scrapperommet mitt ikveld.
4. Eg er glad for at det går så bra med Hedvig i barnehagen, etter den litt trange starten.
5. Eg er veldig glad for at nokon kjem inn og legg at kjekke meldingar i bloggen min!
6. Eg er glad for at om ikkje lenge skal eg krype inn under dyna, og snuse på håret til 4-åringen min, som på den tida av døgnet ikkje kan tenkja seg noko betre enn å kose med mamma.


Kveldens andre utfordring kjem frå I eit hus i ein dal, og lyder som fylgjer:
"Utfordringa handlar om ting ein er glad i, som betyr noko for deg sjølv, som ein har dradd med seg på "ørten" flyttelass og ein ikkje har fått seg til å kaste..
Og som ein av og til kikkar på, med smil om munnen - for ein kan minnast, ja eit eller anna.."
Eg må fyrst sei at eg syns det er flott at ho lagar ei utfordring, ei utfordring som tilogmed eg kan svare på ;)

Min ting må vere denne vesle engelen. Eg fekk ho då eg var lita, av Besta, som budde 4-5 timars biltur vekke frå oss. Det var alltid spesiellt å reise til Besta - koma til det vesle raude huset heilt innerst i ein dal. Der stod ho alltid på trappa når me kom, og i gangen lukta det nysteikte karbonadar. På soverommet var det luftige dyner, fyr i ovnen, og dovne floger som kretsa i taket, forskrekka over denne plutselege varmen.

Eg hugsar ikkje kvar engelen vart kjøpt, berre at eg fekk den av ho. Då eg var lita hadde eg settekasse, med alle sånne småting i. Etterkvart som eg vaks til rauk settekassen og dei fleste av dei små figurane ut, men engelen fekk stå på ungjenterommet òg. Ho vart nok ikkje med på det fyrste eller det andre flyttelasset, men dei siste gongane har ho fylgd meg, og no har ho heidersplass på kjøkkenet. Og det beste av alt er at her i huset fann ho plutseleg ei lita syster. Ei litt blankare utgåve, heilt garantert mykje eldre, men i akurat same stil.


Denne utfordringa syns eg var så fin, og eg sender den vidare til Emmeline, Trollkåno og Molly, som kvar skal sende den vidare til 2 stk.

God kveld!

søndag 7. september 2008

Ja vi maler og vi maler og det blir så fint og flott...


Dvs,mannen malar og malar, han som ikkje kan fordra det! Mitt bidrag er foreløpig å maskere rundt veggen rundt eit vindauga slik at det kvite får vere kvitt. Men fint blir det! På den andre veggen er snikkaren godt igang, men også der er det mange overraskingar av det kjedelege slaget, så tidsramma for jobben sprekk nok ganske mykje. Då får me berre håpe finansane held... ;)
Related Posts with Thumbnails