torsdag 4. september 2008

Tavle på kjøkkenet

"Når katten er borte,.." Ja, du har nok høyrt den før.

Denne veka har rosamannen emigrert over fjella til austlandet. Han tek eit masterstudium på deltid, og er difor vekke ei veke pr semester på skule. Før desse vekene legg eg tusen planar om ting eg skal bruka kveldane på. Eg skal scrappa, scrappa, blogga, scrappa, ta nokre små og litt større prosjekt som har vorte utsett....... Med så mange planar berre det gå gale. Men heldigvis ikkje alt! For i somar ein gong fekk eg det slik på meg at eg ville lage til ei tavle på kjøkkenet, der eg kunne f.eks. skrive middagsliste (har nemleg vore flink og handla berre ein gong i veka, og for å få det til krever det at eg har ein middagsplan), eller ting som me MÅ hugse. Mor mi vart kommandert inn til fargehandlaren for å kjøpe tavlemaling og høveleg rulle, men like brått som eg fekk det på meg, like brått fann eg ut at dette måtte vente.

Eg innlemma på eit tidspunkt rosamannen i planane, men då han ikkje viste nokon overvettes entusiasme fann eg ut at dette var eit prosjekt for mor åleine. Av x antal ulike grunnar har det ikkje blitt noko av - før no. No har eg tavle på pipa på kjøkkenet, og manglar berre ein fin såpekopp til å ha skulekritt og svamp oppi. Dei gedigne kritta eg kjøpte på butikken idag eigna seg kun til overskrift.




Resten av planane mine har det vorte so som so med. Kveldane går jo så fort! Når jentene er lagde så nyttar det ikkje å setje seg ned og vente på at mannen ryddar kjøkkenet. Nei, her må alt gjerast sjølv. Ein kveld til rydding, ein kveld til øving, ein kveld til surfing, ein kveld til blogging. Denne kvelden skulle vere kvelden for scrapping. Eg hadde ein idè om noko lite som ikkje direkte er scrapping, men som kanskje kunne vere fint til ei jolemesse eller til små jolegåver. Idèen vart sett til live, og var igrunn ganske fin. Men så...
...så var det TOMT. Det var formeleg ekko i toppetasjen fordi det ikkje var noko der. . Heldigvis kom bror min og trengde hjelp til noko, så eg slapp å innsjå det triste faktumet sånn heilt med det same: Eg manglar inspirasjon, eller noko verre - eg er tom for idèar.

Neste laurdag skal eg på kurs der me skal lage stjernebok, og eg håpar den samlinga kan gje meg masse inspirasjon til vidare scrapping og prosjektering. No skal eg inn og skrive på tavla mi at me MÅ hugsa å kjøpa egg, melk og brød imorgon den dag idag...

tysdag 2. september 2008

"Ny" postkasse

Eg veit ikkje korleis det er i andre heimar, men her i rosaheimen har det ein tendens til å samle seg opp med ting og tang alle stader der noko kan leggjast!

Det vere seg PC-bordet i stova, som er fort flyt av ubetalte rekningar, enkelte ark med passord til ulike tenester, og litt ting og tang som i all hast må ut av rekkevidde for Hedvig. Men det som kanskje breier seg mest utover ei kvar ledig flate er post. Aviser (sjølv om me kun held lokalavisa, som kjem 3 gonger i veka, samlar det seg ei lita bunke på ubegripeleg kort tid), blad, for ikkje å snakke om reklame.

I huset vårt er det eitt rom som ikkje har inngang frå nokon andre rom - kun frå utsida. Det er den gamle snikkarverkstaden. No i sommar hadde mannen ein aldri så liten gjennomgang av kva som fanst der ute ( Du veit, me har snikkar som skal skifte kledning; i snikkarverkstaden hang det ein dreiebenk med reimdrift som var bolta ut gjennom kledninga. For å ta ned dreiebenken måtte det ryddast litt på arbeidsbenken under.....og så balla det på seg, som det ofte gjer) Rosamannen hadde god hjelp av faren sin i denne opprydninga, og dei er begge flinke (og nokre gonger altfor flinke) til å kaste gammalt skrot. Eg hadde mi fulle hyre med å springe etter jentene, men jamnleg sneik eg meg små turar inn i snikkarverkstaden for å karre til meg små og store ting som absolutt ikkje var klare for dei evige jaktmarker. Ein av desse tinga var ei lita trekasse som gamle Kristian hadde skopussesakene sine i. (Kristian var mannen som - iallefall slik eg klarar å tenkje det no - vaks opp i dette huset og budde her heile livet. Far hans bygde det (trur eg), og me kjøpte huset av dottera hans.)

Kassa har den umiskjennelege raud/oransje-grøne fargekombinasjonen som me finn alle stader her, men enn så lenge skal den få vere der. No står nemleg kassa på kjøkkendisken min, og skal halde orden på post og papir. Ein runde med salmiakkvask fjerna det meste av feittlaget etter skosverte, og til alt hell var den akurat passe stor til at både lokalavisa og interiørbladet gjekk oppi.

Eit lite steg på vegen mot ein ryddigare rosaheim?

måndag 1. september 2008

"mamma med diamantar"


..heiter dette biletet. Teikna av 4-åringen min i barnehagen idag. Mor er ganske stolt :). Eittåringen var ikkje fullt så nøgd med meg - ho var illsint då eg reiste frå ho idag tidleg. Etter å ha tald på knappane ei heil stund ringte eg dit frå jobb, og fekk høyre at ei strålande blid jente sat i sandkassa. Halve sandkassa var forøvrig med heim - i bleia!!

søndag 31. august 2008

One down, two to go

Det kjekke med å ha innleigde fagfolk til å gjere jobben, er at det skjer ting heile tida, og endåtil mens me sjølv er ute på jobb eller andre ting. Fredag vart den fyrste veggen ferdig, med eitt nytt vindauga, ny kledning, isolasjon, masse utskiftningar i stenderverk, og lister rundtomkring. Helga var booka til festival, så sjølv med bra vèr låg det ikkje an til noko særleg maling. Men - fredag fekk rosamannen grunna det av kledninga som ikkje var fare over på førehand, og laurdag meldte det seg jammen to frivillige til å starte på jobben mens me sjølve koste oss på festival - det er jo nesten ikkje til å tru! Det er ganske luftigt der oppe i toppen av stillaset, så eg er glad for å sleppe, sjølv om eg ikkje har noko utprega høgdeskrekk.
Me har gått og fundert på husfarge i lang tid, og til slutt fall valget på kvitt hus med lysegrøne lister. Eg kjøpte heilt kvit vannbasert dekkbeis (som skal vare i 12 år!!!), og ein liten prøve med lysegrønt til listene. Det ser ut som resultatet vert veldig fint!




Då er det berre eitt strok maling att - og 2 veggar til å ta fatt på...

-----------
Hedvig og Oda leikte litt ute i sanden i ettermiddag, og oppdaga til stor forlystelse at trillebåra til Oda var full i vatn. Det gjekk 10 minutt før trillebåra var tom, og alt vatnet havna i fanget på Hedvig. Etter det kleba sanden seg til heile ho, og enden på visa vart å skrelle av ho kleda på trappa, og så bere ho rett i dusjen. Jenta var storfornøgd!

Til slutt må eg ta med to bilder frå dagens konsert i forbindelse med festivalen me har fått med oss. Det er vel fyrste og siste gong ein får eit 13 manns balkansk blåseorkester inn i ei lita kyrkje, som spelar så vakkert, så fullt av sjel, så samkøyrt, så vanvittig bra, og så høgt at sjølvaste kyrkjetaket dansar med. Boban Markovich saman med sonen Marko og hans speleglade menn tok oss med storm! Etter konserten berre fortsette dei ute på kyrkjegarden, og etter ein liten konsert der berre måtte dei spele endå litt meir utanfor huset der dei var innkvarterte. Publikum står berre att og gapar over at det går an å spele så mykje, så fort, så sterkt, så bra - så lenge!

Related Posts with Thumbnails