Ikveld er eg grasenke, eller meir presist: Brass Band-enke. mannen er ihuga entusiast, og tek idag fatt på sesongen med eit brass band i meir sentrale strøk.
Desse kveldane likar eg eigentleg veldig godt. Dei har som oftast vore dedikert til scrapping, men ikveld orkar eg ikkje. Eg frys, nasen renn, det skurrar i bringa og surrar i toppen.
"Sjå kor sjuk ho e...".
Slike kveldar, når ein har passe medynk med seg sjølv, når regnet piskar mot ruta og tussmørkret ligg rundt nåva - då er det perfekt med ein kopp varm kakao frå ein kopp eg fekk av ei veninne i ungdommen. Eg har lova meg sjølv på tru og ære at eg skal vere tidleg i seng ikveld.

Idag har me hatt innkøyring i den nye barnehagen til Hedvig, og det gjekk over all forventning. Medan eg sat inne og las i medbrakte blad var ho ute med dei andre ungane og eit par vaksne. Ho sakna ikkje mor eit sekund! (Eg tykte stadig eg høyrde sår gråt, og måtte gå og kike i glaset nokre gonger, ja - endåtil lytte ved døra! Heilt unødvendig, sjølvsagt :) )
(mobilblide)Imorgon skal eg reise ein tur medan snuppa er i barnehagen. Kanskje få tatt den turen til NAV som har vore planlagd i nesten 2 veker, men som pga diverse uforutsette hendingar har gått i vasken til no. Eg føler meg meir og meir trygg på at dette skal gå knirkefritt, no når me veit ho har det bra!
---------------------------
Noko anna som har skjedd den siste veka, men som eg ikkje har fått blogga om, er stor-prosjektet på utsida av huset. Sist onsdag starta nemleg snikkaren arbeidet med å skifte kledning og vindauger på 3 av veggane våre. Vindaugene vart bestillt ifjor sommar, og har stått i opplag sidan då. Men, utan at eg idag skjønar heilt kvifor har me ikkje bestillt nye vindauger alle stader; Berre der det var sett inn husmorvindauger, eller der dei gamle var veldig ødelagde. No skulle eg ynskje me ville få heilt like vindauger på heile huset. Heldigvis går det an å gjere slikt seinare òg, sjølv om det hadde vore lettare å ta alt i eitt. Snikkaren kjenner me - han er nøye og flink, så me stolar 100% på at dette vert bra. Sjokkerande nok fann han ein god del råte i ramme og stenderverk, så det går nok litt lenger tid enn dei planlagde 3 vekene med å få skifta alt.
Det store problemet er korleis i all verda me skal få
mala huset no i haust? Eg starta jo med å ha visir på ein del kledning, men det vart med denne eine laurdagen - sidan har det gått slag i slag. No føler eg meg litt rådlaus. Vert noko skada/øydelagd om me kun får på visir i haust, og tek malejobben til våren att? Å male i fuktig vèr er vel kanskje ikkje eit betre alternativ?
Erfaring og tips vert mottekne med takk!!Vindaugene du ser er altså
- oppe til venstre: Scrapperommet til mor
-oppe til høgre: Gjesterommet
-nede til venstre: Indre del av kjøkkenet
Me har snakka om å setje inn verandadør eller eit vindauge til på kjøkkenet, men inntil vidare er det godt å ha heile den fine "tymbra"veggen intakt.





(mobilbilde)