Ja, ei dryg veke etter forrige bursdag er det ny stor dag hjå oss. Idag var det Storesyster sin tur - store vesle prinsessa mi. Eg veit ikkje korleis det er med andre 4-åringar, men for jenta mi er bursdag noko heilt magisk, og har vore det lenge!
Idag spratt ho opp ved fyrste knirk frå Vetlesyster, og proklamerte at "Idag har eg bursdag, stå opp pappa - eg vil ha frokost på senga!" Mor hadde heldigvis vore litt framsynt, så frokostbrettet stod klart på soverommet - Blåbærmuffins med 4 lys, og saft i prinsessekoppen. Gåver var det sjølvsagt òg plass til.

Morgonen var ein rein fryd - jenta spratt inn i kleda og venta seg nesten i hel på at eg skulle få mat i Vetlesyster og kle på kroppen; Ho måtte i barnehagen!

Der venta ballong i garderoben, krune, bursdagssamling og muffins til lunch-dessert. Jenta hadde bobla over av lukke heile dagen :)
Og så bar det laus med barneselskap i heimen. Hotdog, gelè og sjokoladekake (ja, den med "natron") vart innteke med stor iver, alle dei 8 små hadde det etter lydnivået bra :).
Og jubilanten - ho stråla som sjølvaste sola heilt til det var over leggetid, og det brått var slutt på kreftene.
----
I skrivande stund er det nøyaktig 4 år sidan låg på KK i Bergen som nybakt mor. Me var svært overraska, for den vesle skapningen var så totalt anleis enn me hadde sett for oss. Eg som sjølv var nærare 5 kg ved fødsel, forventa ei stor og lys trulte. På ein ekstra ultralyd nokre veker før termin fekk me òg beskjed om at dette var eit stort barn. Men nei; ho som kom var bittebitteliten, med nesten kolsvart hår. Hadde eg ikkje fødd ho sjølv hadde eg knapt trudd det var min unge.

Etterkvart har ho forandra seg mykje. Ho var lik på faren som baby, men etterkvart har ho vorte meir og meir lik meg. Og eg kjenner at eg vert både stolt og glad. Ikkje fordi eg har så mange fantastiske gener å vidareføre, men fordi ho liknar på meg, og likevel
er så uendeleg fin! Aldri står hjarta til mor meir lageleg til for hogg, enn når ho vèrar at nokon kan tenkje noko vondt om den vakre prinsessa med dei lyse krøllane.
Ho var ganske tidleg ute med snakking, og sidan har det ikkje vore stille. Og som alle veit - øving gjer meister! Jenta mi veit å gjere seg forstått, og kjem ofte med ord og uttrykk som ein slett ikkje ventar av ein 4-åring. Det vert så mange artige episodar, og eg prøver å skrive ned mykje av det, men desverre er det alt for mykje som går i gløymeboka òg.
Kvar dag med denne jenta er fyllt av glede, latter og kos, men òg forhandlingar, diskusjonar og prinsesse-vil-ikke-trekk. Men mest av alt viser ho kvar dag at ho er glad i oss, i veslesyster, og i alle rundt ho. No søv ho godt, etter ein lang dag av det gode slaget. Imorgon ventar nye utfordringar og nye gleder.

Gratulera med dagen, prinsesse gullhår!