laurdag 9. august 2008

Eitt og hitt..

Ja, det blir eit lite rote-innlegg idag.

Dagen starta med ein urovekkande lyd utanfrå - det kom regndråpar på plast. Regn? Idag? Det var jo heilt feil! Regn på plast er jo i prinsippet ikkje så gale - problemet var at plasten låg UNDER materialane eg grunna igår, og ikkje over. Jaudå, tre turkar oppatt, men det beste er jo å unngå at det vert vått, ikkje sant? Eg leverte Hedvig opp i senga til ein gubbe meir eller mindre i koma, og kledde på meg på veg ned trappa (og det er ikkje berre-berre med vår mikro-trapp!). Baksa plast-duken over materialane, men kunne raskt konstatere at det ikkje var nok til å dekke heile lengda. I det ny-innsette "plast-skapet" til mannen (han har innreia uthuset med gamle kjøkkenskap) var det tomt, så her var det berre å stålsette seg. Det er få stader i huset eg mislikar så sterkt som kjellaren, med alle sine enorme edderkoppar og andre ekle kryp. Men med hette på hovudet og pusten djupt i magen marsjerte eg inn, og oppdaga plast på øverste hylle - hurra! Den var akurat stor nok til å dekke resten av kledningslengda, og eg var ganske så fornøgd med meg sjølv - ikkje hjelpelaust kvinnfolk her i garden, nei! Idet eg gjekk innatt slutta det å regne...


Over til noko mykje meir spanande! I leitinga etter eitelleranna idag var mannen i maling-kjellaren vår og leita. Ja, i dette "huset med det rare i" er det eit heilt rom i kjellaren som i tillegg til ein ekte gammal kjøpmannsdisk (som ikkje er råd å få ut derfrå) kun rommar gamle og litt nyare malingsrestar. Og der stod det tilfeldigvis eitt einaste spann med ein umiskjenneleg grønfarge langs kanten. Til alt hell var både navn og kode framleis leseleg. Fargen på huset vårt heiter faktisk "Lærdal" - tenk det! Eg har notert fargekoden, og aktar å ta den med meg til fargehandlaren i nær framtid. Spørsmålet er berre om fargen skal vere på veggen eller på listene.... Det er det ingen som veit endå. (og så får me jo håpe at dette er rett farge i rett spann, og ikkje berre eit tilfeldig, tomt spann, som vart teke i bruk då dei mala huset sist....)
--------------------------
Eg og Hedvig stod opp etter regn-plast-episoden i dag tidleg. Ho syns det var litt lite å finne på, så ho ville gjerne prøve pianoet til papsen. Riktig fornøgd vart ho, når det tilogmed vart lyd!

Og heilt til slutt, eit sjeldant syn - Oda med glatt hår! Ei heilt anna jente uten dei viltre krøllane - litt rundare i fjeset, syns eg. Her er ho klar for senga etter ein god dusj, med prinsessebladet på fanget og pappen ved si side. Då er igrunn lukka fulkommen :)


Det var alt for denne gong - takk for idag og god natt!

fredag 8. august 2008

Nytt storprosjekt er igang!

Ser du kva dette er?

Nei, det er ikkje eit sprekt nytta tak utom uthuset...prøv ein gong til!

Her er eit hint:

Jepp.... i spannet er det visir. Eg har 3 slike spann i kjellaren min, det blir 30 liter, det! Dvs - eg har brukt kanskje 8 av dei idag. Sett frå ein litt mer normal vinkel ser det slik ut:

Turkestativ har fått ei ny tyding i hagen vår. Mannen gjekk i ring og fintenkte, før han mikkmakk'a eit lite turkeopplegg for nygrunna kledningsbord. Hagen vår er jo ikkje så stor, så her gjeld det å tenke praktisk og plassbesparande. Kanskje han kan få seg jobb på IKEA? Eit anna spørsmål er vel kor fornøgd Oda vert når ho ser at me har teke oss til rette med huskestativet hennar. Ho er nemleg på ein liten tur til bestemora, og med flott vèr og litt meir arbeidsro enn vanleg, så sette me igang:

Idag har eg grunna 53 kledningsbord. Om ein reknar eit snitt på 4,5 meter pr bord, så har eg vore over 238,5 meter plank med kosten. Det vil sei at eg har 736,5 meter igjen å fare over før snikkaren kjem om ei veke eller to. Og så skal jo greiene malast. Tenk å fått på eitt strok maling òg før mannen spikrar kledninga på veggen? Eg ser for meg at eg skal stå høgt der oppe på eit vinglete stillas og male hus - det kan bli i overkant spanande, syns eg. Men sjølvsagt, må ein så må ein. Og maling er liksom mitt felt når det kjem til arbeidsdeling her i huset.

Me skal altså skifte kledning og vindauger på 3 veggar på huset. Og ny kledning må sjølvsagt malast. Berre at me klarar ikkje bestemme oss for fargen. På eit gamalt måleri av huset har det ein djup raudfarge. Då me såg bildet sa me at "Oj, DEN fargen skal me ta tilbake". Men så har eg vorte så glad i denne grønfargen då. Sjølv om den nok ikkje eksisterar idag, så kan jo fargehandlaren mikse og trikse til dei finn den, ikkje sant? Eller skal me måle det kvitt, og ha den lyse grønfargen på listene istaden? Decisions, decisions...... Kanskje me rett og slett skal male huset ROSA!?

onsdag 6. august 2008

For eitt år sidan..

For eitt år sidan låg eg på fødeavdelinga med ein liten bylt i armane mine. Ein bylt med store undrande auger, og den heilt spesielle nyfødd-lukta. Eg var framleis meir eller mindre i sjokk, for når jenta kom var det med rakettfart. Den morgonen vakna eg og kjende at kroppen hadde begynt å gjere seg klar, utan at eg tenkte meir over det. Eg hadde framleis 3 dagar til termin, og koste meg med den store magen. Fyrst når det nærma seg barne-tv tid skjønte eg at dette var meir enn modning. Kanskje noko kom til å skje iløpet av natta eller dei næraste dagane? For sikkerheits skuld vart den vordande storesyster etterkvart levert til besteforeldra, slik at me ikkje skulle måtte purre ho ut midt på natta om det skulle vere nødvendig. Lang historie kort, så kom me inn på føden kl 21.05, og 21.36 var jenta i armane mine; ei aldeles perfekt lita Vetlesyster, med ti fingrar og ti tær, som hadde det så travelt at ho skreik før ho var heilt ute.

Idag er Vetlesyster ein svært aktiv 1-åring. Ho krabbar som ei vind kvar gong ho høyrer nokon opne ei dør, og set seg ned like såra og vonbroten kvar einaste gong ho skjønar at ho ikkje får sjå kva som er bak den. Ho skubbar rundt på møblar for å ha støtte når ho går, og prøver nokre gonger å sjå kva som skjer når ho slepper taket. Foreløpig er det ikkje så mange sekund før ho deiser i golvet (takk og lov for bleier, ellers hadde nok bakenden vore gul og blå - alltid), men litt etter litt vinn ho balanse. Og når ho og storesyster krabbar om kapp på golvet, då kling herleg barnelatter i heile huset - det er sjølve toppen av lukke. Det gler oss å sjå at for kvar dag som går får jentene meir og meir glede av kvarandre.
No er babyen min i ferd med å verte stor... Ho fekk sekk hjå oss idag, for om knappe 2 veker skal ho ut i den store verda. Då er permisjonstida over, og når eg er på jobb skal Vetlesyster vere hjå dagmamma. Men før det skal me nyte siste rest av ferie, bursdagsfeiringar og eit par bonusdagar med berre meg og ho i heimen.


tysdag 5. august 2008

Vegen mot drøymekjøkkenet - del 3 - Resultatet!

Dei som har vore innom hjå meg før har kanskje fått med seg del 1 og del 2 av føljetongen om korleis kjøkkenet mitt vart til. Her kjem bildene av det endelege resultatet – sjølvaste drøymekjøkkenet. Lenge vurderte me Ståt frå IKEA, men det endelege valget fall på Lidingø, og idag kan eg sjølvsagt ikkje sjå for meg noko anna. Kjøkkeninreiinga kler verkeleg det 28 kvm store rommet! Eg elskar dei småruta vitrinedørene, og syns det skapar ei nydeleg stemning når lyset i vitrineskapa står på.

Me bestemte tidleg at me ville ha glasmosaikk i sprutsona, og hadde bestillt heilt lyseblå fliser hjå ein lokal leverandør. Men, den lova leveringstida på 3 veker vart etterkvart til 9, og til slutt fekk eg telefon om at dei ikkje ville handle meir med oss - dei gav opp. Rosamannen tok seg ein tur innom fliseforhandlarar i meir sentrale strok, og kunne på telefonen fortelje at han hadde teke ut ein blå mix. Eg kjende hjarta datt ned i magen, og såg for meg eit psykedelisk virrvarr av fargetonar, slik me hadde sett eksempel på på nettet. Men frykta vart gjort til skamme - flisene var midt i blinken! Og på veggen gav dei verkeleg liv til rommet. Me var sjeleglade for at me ikkje hadde enda opp med kvite fliser, slik alternativet var.





Det store amerikanske kjølekapet har mannen drøymt om i mange år, og det vart kjøpt inn lenge før rommet var klart (litt ivrig på avtrekkaren der, ja). Heldigvis kjende me nokon med eit stort lagerlokale... Dette har verkeleg vore ein av dei gode investeringane me har gjort - isbitmaskina blir brukt mange gongar kvar einaste dag, vinter som sommar.


Bardisken med Ingolf-stolane er ein annan ting me er veldig godt fornøgde med. Her sit eg og jentene kvar morgon og inntek frokosten (mannen som oftast reist på jobb på den tid),og Oda kallar det berre for kafèen vår.


I den andre enden av rommet er spiseplassen. Bordet og stolane stod i huset, og er laga av han som har eigd huset lengst. Ileggsplata er desverre ikkje malt, så den ser ikkje fullt så pen ut der den ligg. Med eit så stort rom som skal fyllast med lys ville eg ikkje ha gardiner som tok mykje av det. Samtidig ville me ha moglegheit til å stenge sola ute ved behov. Løysinga var liftgardiner frå Kid, og blåfargen i dei er som skapt for dei blå veggane.



Det er fantastisk å ha så god plass til å lage mat – god skapplass til alt me treng av koppar og kar, og ikkje minst ein god spiseplass. Men det beste av alt er lyset! I det gamle kjøkkenet hadde me ikkje naturleg lys, sidan det låg midt inni huset. Her har me vindauger på to veggar, og det utgjer ein enorm forskjell! Det er ikkje få gonger eg har stått og sett på tymbraveggen min (som eigentleg ikkje er tymbra men pløyde bord), og berre nytt synet av skuggane ettermiddagssola kastar gjennom vindauga. Å sitje å nyte ein roleg sundagsfrokost og kunne nyte utsikta over vatnet er eit privilegium!




I eit stort og kjølegt rom trengst det varme - mykje varme. Og sidan pipa allereie var der var det ikkje tvil om at me skulle investere i ein ny vedomn. Også her var det litt tilfeldigheiter som førte til det endelege resultatet, og som med andre ting kan me ikkje sjå for oss andre løysingar no når me ser kor bra det vart. Med denne hjørnestillte ovnen strålar varmen rett ut i rommet, og sparar oss for enorme mengder straum! Den kler rommet, syns eg.


Til slutt dei to dørene ferdig måla, med litt IKEA-kunst i mellom.


Det vart mykje skryt, dette her. Men akurat idag bles eg jantelova ein lang marsj, og klappar oss sjølve litt på skuldra. Me har framleis til gode å tenkje at "dette skulle me gjort anleis", og med snart eit års bruk (er det verkeleg så lenge????) må jo det vere bra. No kjenner me verkeleg at det var verdt det; dei endelause timane med hardt arbeid (og uvurderleg hjelp frå svigerfar), alle dei små og store overraskingane som satte oss litt tilbake, all frustrasjonen over fagfolk som lot vente på seg, og fliser som aldri kom. Alle desse tinga var faktisk med på å forme det rommet me har idag, og det ville eg ikkje ha bytta med nokon!

måndag 4. august 2008

Ein aldri-så-liten ferierapport

Så var årets ferietur overstått, og den vart minst like bra som forventa! Me har vore på tur med foreldra mine, og alle tre generasjonar har storkost seg på Austlandet.


Hedvig har som kjend ikkje vore spesielt glad i å køyre bil, så me var spente på korleis bilturen ville bli. Men jammen kan me puste letta ut - på ein ca 6 timar lang biltur var det ikkje mange minuttane med dårleg humør. DET klagar me ikkje på :) Med storesyster som langar fekk me sendt ho ei leike kvar gong det røynte på, og dermed gjekk det flott!


Vel framme på campingen var det kjekt badebasseng med sklie og det heile. Oda hadde gleda seg til bading, men mor rekna ikkje med at vèret ville halde, så noko badedrakt var ikkje leita fram, og dei gamle armringane låg att i ei kasse heime. Heldigvis gjekk det an å fikse både provisorisk badetøy og nye armringar, og på ein augneblink hadde jenta konvertert til fisk!

Litt mindre hell hadde Besten , som i kjend stil måtte stå ute med parply for å få grilla middagen. Me andre sat turt og godt inne og venta på den gode maten.


Dagen etter var høgdepunktet for iallefall Oda sin del - besøket i Hunderfossen. Og til alt hell hadde me knallvèr heile dagen! Det vart tur i Eventyrslottet, med alle sine prinsesser og troll, og alle stader kom Askeladden og vann prinsessa og halve kongeriket.

Oda viste seg som ein skikkeleg tøffing, då ho både var i det høge utkikkstårnet, og tok fleire turar med Eventyrskipet. Mor stod på bakken med vondt i magen, medan jenta og faren gliste frå øyre til øyre i dei store bylgjene.

Hedvig merka nok ikkje så mykje til all moroa i familieparken, sidan hennar dag stortsett var i vogna. Men, ein grimase (eller var det eit glis) til fotografen kunne ho alltids koste på seg :) Det var mykje å sjå og gjere, og både liten og stor hadde ein kjempekjekk dag i denne flotte parken. Jentene var blide og fornøyde, og når me køyrde til neste camping om kvelden konstaterte Oda at dette var "den beste ferien" ho hadde vore på. Det må vere ein fin konklusjon!

For mor var nok dagen etterpå nesten like spanade; Me skulle vere med på den sagnomsuste Mjøsmarknaden på Biri Travbane! Her snakkar me enorm loppemarknad - heile 450 seljarar, som hadde med seg alt frå gamle rusta bildeler til dei finaste servise. Her var leiker for dei små, og minst like mykje leiker for dei store. Me kom dit i 11-tida, og rakk ein runde i den indre sirkelen (ja, for det er ikkje berre ein, men TO sirklar med bodar rundt bana!) før me måtte ta ein matpause. Medan me sat der og tok til oss litt næring kom regnet som var varsla for ettermiddagen. Det vil sei; meteorologane hadde lova 2 mm mellom 12 og 18 på dagen, men når regnet først kom var det som alle himmelens sluser opna seg på ein gong. Dei 2 mmm kom sikkert på dei fyrste 10 sekunda, og regnet kom i så store tunge dråpar at det tilogmed spruta oppover!
Raskt vart det fullt under taket der me stod, medan torghandlarane reagerte på svært ulike måtar. Nokre var budd for uvèr, og hadde tak over boden sin, eller var klar med plast til å ha over varene. Andre verka som dei vart aldeles rådville og handlingslamma, og alt frå verktøy til dokkevogner vart berre ståande der i kalddusjen. Atter andre reagerte på ein måte som vekka store reaksjonar hjå publikum - dei begynte å knuse på glas og koppar ved å kaste det med all si kraft oppi eit melkespann. Ei dame ved sida av oss gispa høgt - ho samla på glas....

...og slik vart heimvegen - to trøytte jenter som sov litt på skift (mor fekk seg visst ein pikyrande liten dupp, ho òg), og elles var strålande blide.


Det fine med å vere på tur, er at det er så sabla godt å komma heimatt! Hedvig krabba mellom kjøkken og stove fleire gonger og berre flirte. Endeleg hadde ho litt boltreplass :)


No har Oda og Rosamannen ferie ei veke til før det brakar laus igjen. Og om to veker *trekkerpustendjupt* er det min og Hedvig sin tur. Eg undrar på korleis eg skal få tid til å gå på jobb......
Related Posts with Thumbnails