laurdag 2. august 2008

5 års bryllaupsdag

Du er min los

Du er min los
på leia eg dreg,
du er mitt ljos
på nattville veg.

Sjølv om du vankar
langt her i frå,
i mine tankar
bur du enn då.

Der skal du bu
som song i mitt sinn,
venen min,
du som einast er min.

Der skal din kjærleik
vere mi bøn,
der skal din nærleik
vere min løn.

Einsam eg stod
Og du vart min del:
blod av mitt blod
og sjel av mi sjel.


Jakob Sande



(Diktet er tonesett og innspelt av Aftenlandet, og vart framført av ei god veninne under viinga. Eg song den sjølv til min brudgom under bryllaupsmiddagen)

fredag 1. august 2008

Ferie er fint


Etter ein nydeleg dag i Hunderfossen, med blide jenter og mykje kjekt å sjå, er det herleg å slappe av på trammen ved breidda av Mjøsa. Imorgon ventar mjøsmarknaden,og eg er spent!

onsdag 30. juli 2008

Ein liten ferietur

Årets ferietur blir liten og (forhåpentlegvis) søt. Imorgon legg me avgarde på biltur til Austlandet, med håp om rolege born og godt vèr. Hedvig er ikkje spesiellt glad i å køyre bil, men me trur det har roa seg litt i det siste, og satsar på at ho søv størsteparten av turen *kryssar fingrar for det*.
Fredag skal me besøkje denne karen:


(foto henta frå hunderfossen.no)

..då går nemleg turen til Hunderfossen, og me gler oss alle mann. Eg og Oda har sett på bilder på nett, og planlagt kva me skal gjere. Det ser tilogmed ut som det blir bra vèr!

Laurdag skal me på ein diger bruktmarknad på Biri travbane, og sjølv om reisebudsjettet er minimalt, gler eg meg til å sjå kva som finst der! Imellomtida vert det sikkert litt mobilblogging, og om campingplassane har trådlaust nett, så er eg plutseleg tilbake.

So long!

tysdag 29. juli 2008

10 000!!!

Det er litt surrealistisk, og aldeles overveldande at teljaren min igår bikka 10 000 besøkjande. Når eg kikkar til høgre no har den nesten nådd 10 100. Tenk det, nesten hundre besøkjande på ein einaste dag!

Eg set utruleg stor pris på dei som legg att kommentarar - det er jo DÅ ein merkar om folk faktisk syns det er kjekt å kikke innom i mitt rosa univers. Og, eg prøver så godt det let seg gjere å stikke innom til alle som har vore hjå meg - det er alltid kjekt å oppdage nye bloggar og bloggarar!


Det magiske talet feirar eg med bilete av vasen på kjøkkenbordet mitt, med blomar frå eigen hage. Det syns eg er stas, å kunne pynte inne med sjølvplukka blomar.


Så, takk til deg som les! Om du legg att ein kommentar, så eg kan besøkje deg òg!

måndag 28. juli 2008

Vegen mot drøymekjøkkenet - Del 2

I eit tidlegare innlegg viste eg litt av det som måtte rivast og fjernast i det som skulle bli vårt nye kjøkken. Rommet er ca 28 kvm, og avlangt i forma - eit knallgodt utgangspunkt. Eg har "alltid" ønska meg blått kjøkken, og på eit besøk hjå syskenbarnet mitt fann eg den perfekte blåfargen! Då passa det fint at to av veggane måtte platast att. Me valde å setje opp ferdige panelplater, som vart mala i den nydelege lyseblå fargen. Taket var gusjegul-kvitt, og fekk eit par strøk kvitmaling før me gjekk igang med golvet.




Golvet var i utgangspunktet lakkert i begge dei tidlegare romma. Men i det gamle kjøkkenet var heile golvet plukk råte, så me måtte få spesiallaga nye golvbord i samme størrelse som resten av rommet. Mannen brukte ein heil dag på å slipe vekk lakk, og planen var eigentleg å beise golvet mørkt før me lakka det. Men det harde slipearbeidet til trass - det var eindel ujamnheiter i golvet, og når det kom beis på desse stod dei verkeleg tydeleg fram. Det var 3 dagar til kjøkkeninnreiinga skulle verte levert, og gode råd var dyre. Kvit maling vart kjøpt i hui og hast, og mannen fekk hjelp av mor mi for å få 3 strøk på golvet i tide til IKEA-lastebilen svinga opp framom huset. Sjølv var eg særdeles høggravid på denne tida, og ikkje særleg til nytte. I ettertid er eg SVÆRT nøgd med det lysmalte tregolvet. Det vil sei; Det er nydeleg fint, men ikkje særleg praktisk. Hakk og skit kjem altfor fort og tydeleg...


Over er rommet slik det såg ut før me fekk på plass lister, og før kjøkkeninnreiinga vart levert. Eg er utruleg glad i den gamle treveggen, som får funksjon som fondvegg her. Den er tydeleg prega av tidlegare generasjonar, med passar-rosettar og inskripsjonar.

Og SÅ kom lastebilen frå IKEA - dvs Posten. To særs mutte transportarbeidarar bar inn kartong på kartong - det ville ingen ende ta! Eg luska meg inn i den andre enden av huset, og haldt meg vekke til eg plutseleg høyrde lastebilen starte opp og køyre avgarde. 1 stk Lidingø kjøkken levert i x antal flatpakkar.


Slik såg det ut undervegs - mann og svigerfar skrudde og skrudde, klødde seg litt i hovudet, og skrudde litt meir.


Ei anna stor pakke skulle òg inn i det nye rommet, og om du har høyrt ordet presspasning før, så var dette sjølve definisjonen på begrepet. Døropninga var eigentleg 1 cm smalare enn boksen, men det gjekk!


Ei stor og ei lita dør tek me på kontoen for sjarm. Begge dørene hadde eigentleg plater på, men under platene skjulte det seg innfresa mønster (veit ikkje kva det heiter, men fint er det). Som du ser på den minste døra var det eit par hundre spikarhòl å sparkle igjen før maling...


Me har kjøpt nye vindauger til stortsett heile huset, i ca samme stil som dei gamle. Sprosser må det vere, sjølv om me ville ha doble glas. Breie lister med profil måtte til for å dekke over gapet mellom tilsetningar og veggplater.

Den gamle brandtmuren, sett inn med lister som skjuler ujamnheiter. Me fann ut at me ville ha vedomn på kjøkkenet òg, for å sleppe å varme det store rommet med straum heile vinteren.


I siste del skal du få sjå det ferdige resultatet - eit resultat me er svært fornøgde med!

Nydelege sommardagar og award!

I desse dagar har me stadige varmerekordar her hjå oss. Opp mot 30 grader i skuggen er ikkje noko me opplever kvart år, for å sei det slik. Sjølv om det er i varmaste laget, så må me jo berre nyte det. Oda ligg gjerne og plaskar dagen lang om ho får lov, og når Hedvig ser noko som minnar om det våte element går det ikkje mange sekundane før ho er på plass!



Skitne barneføtter er vel eit sikkert teikn på fine sommardagar?


Og jammen tikka det ikkje inn ein award til idag! Hurra!!

Den samme som sist - denne gongen frå Tove. Tusen takk, Tove! Sidan eg akurat har delt denne ut må eg nok litt i tenkjeboksen no. Det vil sei, om ikkje topplokket kokar over i sommarvarmen...

Related Posts with Thumbnails