laurdag 26. juli 2008

Sommarkveld og ballkjole

På loppemarknaden vår i juni fann Oda eit underskjørt (i voksen størrelse). Det er i ganske gjennomsiktig og litt stivt materiale, og for ein treåring med høg prinsessefaktor var dette ein sjølvskriven ballkjole. Problemet var nettopp at det var berekna for voksne, så ho subba og snubla og heiste den oppatt heile tida. Eg lova meg sjølv å sy stropper på den, og no omsider har eg fått gjort det. Kvitt silkeband frå scrapperommet vart perfekte stropper, og jenta såg ut som sjølvaste Askepott på brullaupsdagen



-----------------------

Om kvelden når jentene er i seng, og roen senkar seg, då er det godt å gå utom huset ein tur. Eg likar å ha med eit blad, eller berre sitje og sjå utover vatnet medan tankane spinn. Mannen min er av det litt meir rastlause slaget - han må liksom ha noko å gjere om han skal sitje der ute. Her ein kveld henta han fram gitaren frå boden på loftet. Igjennom åra har han spela mange instrument, men kvar av dei har hatt si tid. No har gitaren måtta vike for messinginstrument i lang tid, så det var kjekt å høyre gamle slagerar tone ut i sommarkvelden. Mimrefaktoren vert høg, og hjartet bankar litt ekstra når dei gamle kjærleikssongane kjem på rekkje og rad.



Wild horses couldnt drag me away
Wild, wild horses, couldnt drag me away

fredag 25. juli 2008

Stølsliv

Igår var eg og jentene på stølen som høyrer til heimegarden min. I våre dagar er det bilveg heilt fram, men likevel - å komme opp der er som å hoppe tilbake i tid. Der er så stillt! Ein høyrer grashoppa spele, og susen av trafikk langt der nede i bygda når ikkje opp hit.


Innvendig er alt som det alltid har vore, og veggane har tydelege spor frå fleire generasjonar som har budd og jobba her om somrane. I min generasjon har det ikkje vore stølsdrift med dyr her, men stølsslåtten har vorte gjennomført, heilt til siste par åra. I år tillet vèr og tid at det vart stølsslått igjen, og då måtte me altså ta ein liten tur.


Her kjem gamle verktøy verkeleg til sin rett, langorvet susar gjennom graset der meir moderne maskiner ikkje kjem til.


Oda og syskenbarnet storkosar seg med ei lita hinderløype.

Dei syns det var stor stas å hjelpe Besta og Besten med små oppgåver - stolvask etter ein lang vinter med store og små kryp er viktig



Ein stol akurat passe stor for ei lita jente


På kjøkkenet, eller melkerom som det før vart nytta som, heng ei ekte gammal handklehylle med såpekopp og Lano.


Skal det vere ein 1/2 liter?

Eg minnast mang ein sommar frå barndomen, då me sov her oppe dei dagane stølsslåtten vara. Ganske spesiellt å liggje i desse sengane, sjå på inskripsjonar i veggane, og kjenne lukta av det gamle huset. Og å sitje å ete frukost framfor det vesle glaset medan fuglane kvitra i skogen rundt...... det er slike stunder som vert til gode minner


onsdag 23. juli 2008

Blåbærmuffins - home made

Eg må nesten starte med å sei at dette innlegget er sterkt inspirert av ein annan blogg - ja, det er vel nesten for rip-off å rekne. Men då Blåbærpai skreiv innlegget sitt om freistingar, ja då kom eg på at muffins måtte jo vere den perfekte måten å få brukt litt av blåbærskogen vår på. Eg prøvde meg jo med blåbærpai tidlegare i sommar, men det var ein betinga suksess.

Idag har eg og Oda vore i blåbærskogen igjen, og du verden kor mange og store bær der var! Eg var redd fuglane hadde ete tomt, me det ser ikkje ut til at dei har oppdaga vår eigen vesle blåbærflekk. Vepsen, derimot, forsynte seg grovt. Og kor idiotisk det enn er - eg er livredd! Faktisk kan ein nesten sei at eg fryktar alt som har meir enn 4 bein. Sjølvsagt ei mild overdriving, men bortsett frå husfloger får eg igrunn frysningar av alle slike små kryp. Heldigvis er Oda tøffare enn meg, og lurte veldig på kvifor eg var redd når eg visste dei ikkje var farlege. Den som visste dèt....

No ligg det ca 30 saftige blåbærmuffins (oppskrifta eg prøvde inneheld utruleg mykje bær i forhold til deig - mmmmmm!) på kjøkkendisken min, i påvente av nedfrysing. Så spørst det kor mange av dei som går til prøvesmaking før dei når kulden...





Vel bekomme!

tysdag 22. juli 2008

Konkurranse hjå Sessan

I denne tråden (SessanOchPrinsessan: Måndag & Tävlings dax!!) fann eg ein morro konkurranse, i anledning 60 000 treff på bloggen til Sessan. Tenk det - 60 000!


Myggnetting med prinsessekruner ville vere perfekt på den rosa vogna til Hedvig..... krysse krysse....

Drøymestolar, og award!

Hipp , hipp hurra! *rosa dansar ein liten gledesdans i sine rosa sko*
Eg har fått ein award! Snille Harmoni har forært meg denne flotte premien, og eg må sei det er verkeleg kjempekjekt at nokon legg merke til mitt rosa tankespinn i den store bloggverda - tusen takk, Harmoni!

Med awarden fylgjer desse reglane:
By accepting this Brilliante Webblog Premio 2008, you have to award it to 7 people who's blog you find Brilliante Award worthy. You can give it to as many people as you want, but please award at least 7. Make a comment on the nominated blog.

7 stykker er jammen ganske mange, men så er det utruleg mange fine bloggar å velje mellom òg. Så, here goes:

Mali-mo - Ei blogg-dame som veit å knipse på rett stad til rett tid. Utruleg vakre bilder, og inspirerande innlegg!
Hilde S - Kjempekreativ bloggar, syr og målar - ja, ein kunstnar!
Fru Fjeldhammer - Artig blogg med fine interiørbilder og innlegg det er lett å kjenne seg att i.
Rønnaug - Med-scrappar som stadig imponerer med nye kreative måtar å bruke scrappinga på.
BO - Den aller finaste inspirasjonsbloggen når det kjem til foto og grafisk design. For ein evne til å fange augneblinken!
Noralill - Herleg blogg frå ein vestlandsfjord, skriven med snert og humor.
Emmelines - Ein av mine store favorittar, med innlegg som alltid får meg til å le!

Det var jo lett! Håpar awarden kan glede alle desse flotte blogg-damene òg :)


No over til noko heilt anna, som dei sei i televisjonen....


Dette merket står på to stolryggar i hagen min no.... eg har nemleg fått tak i stolane eg har drøymt om lenge;
tatata tam tam tam taaaaaaaa! Igår var men nemleg på bytur. Målet var å få tak i ei passe stor trampoline til Oda, som har bursdag om 3 veker. Me hadde bestemt at ho skulle få den litt på førehand, sidan me no skal ha 3 veker ferie som stortsett skal tilbringast i heimen. Etter ein ringerunde før helga hadde eg fått lagt av ei trampoline i bynære strøk. Og mens me var der fekk eg melding av mi gode svigerinne om at no var desse stolane avertert til halv pris på Plantasjen! Eg hadde ein tanke om å ta omvegen til Plantasjen uansett, og med denne meldinga var det ikkje tvil i mitt sinn! Einaste problem var at me eigentleg ikkje hadde plass i bilen. Trampoline-kassen tok heile diagonalen av bagasjerommet, og då me såg kor store kassene til stolane var, sokk hjarta eit stykke. Men heldigvis visste mannen råd, og mens eg tok med meg ungane på ein liten rusletur, opna han kassane og pakka stolane i bilen, del for del.

No prydar dei plenen vår, så me kan sitje der og slappe av medan me har oppsyn med Oda når ho leikar, og kan nyte kveldssola med utsikt over vatnet.

Den særs fornøgde snart-4-åringen i lukkelege svev med flunkande ny trampoline i hagen. Alle som har sett den idag har kommentert størrelsen - den er nemleg berre 1.80 stor. Men det er jo ikkje størrelsen det kjem an på, er det vel? Det er så stort me kan få det til på vår begrensa hage-plass, og passar den ikkje så store jenta fint!
No ynskjer eg meg berre sol i 3 veker - det er vel ikkje for mykje å forlange?

God kveld vidare!

søndag 20. juli 2008

Overnattingsrapport



Her er det som møtte meg då eg stillte opp for å hente Oda etter overnattingsbesøk... Klokka var elleve, og eg tenkte at der i huset hadde det nok vore liv i leiren i fleire timar alt. Og det var forsåvidt rett; dei to snuppene hadde vakna kl 2 i natt, og helde seg i vigør til klokka var nesten halv ni idag tidleg!! Mor og far i huset hadde med jamne mellomrom vore inn på rommet og bede dei om å legge seg, dei hadde både trua og trygla, men det hjalp visst ikkje. Etter ei stund på sofaen med barne-tv på måtte dei likevel kapitulera, og no var dei heilt i "koma" der dei låg.

For andre gong reiste eg heim med uforretta sak, med avtale om at vertsmora ringer når rampungane vaknar til live igjen :)

Related Posts with Thumbnails