
laurdag 19. juli 2008
"Verv en venn", eller...?

fredag 18. juli 2008
..og soverommet er RÅÅSA
Brunmalt tregolv som har seriøse sprekker over alt! For kvar gong eg støvsugar kjem det opp stadig fleire fuger - ikkje nødvendigvis eit godt teikn? Og malinga flassar som berre det. Avslører at ein gong har golvet vore grått. Eg ynskjer meg nytt golv. Eit golv eg kan lista meg over når Oda endeleg søv i senga mi, utan at ho skvett til igjen..
Nattborda og senga passar vel ikkje heilt ilag, sånn eigentleg. Men eg likar både senga og nattborda! Senga fekk me til bryllupet vårt, og den var akurat slik me ville ha den. Nattborda har eg flytta inn frå gjesterommet, der dei eigentleg høyrer heime. Dei vart laga av mannen som budde i og eigde huset for 30-40 år sidan. Dei passar nok mykje betre saman med senga som står der inne, men foreløpig får dei gjere nytten her. Dei er nemleg umåteleg praktiske, med både skap, skuffe og hylle i eitt! Fine er dei òg - grøn og rosa.
Denne gjengen står på hylla til rosa-mannen. Eg trur dei vart kjøpt omtrent på den tida biletet bakom er teke - frå dei glade gymnasdagar med musikklinje, pianospel og nyforelska småklining i gangane.
Eit av dei mange små minna etter dei som eigde huset før oss - "Norsk billedbok for barn", frå 50-talet
Ikkje kan eg klage på skapplassen heller :)
Til og med ein liten huk med plass for mor vart det laga den gongen. Speilet er frå IKEA og passar perfekt, syns eg. Skåla er òg ei bryllaupsgåve.
Hylla til mor (hyllene fann me i det gamle gamle kjøkkenet - dei passa glimrande her oppe) er fyllt med litt smånips og bilder med gode minner, og ein liten bunke BoligPluss til sengelektyre.
Denne skjønne englejenta fekk eg for nokre år sidan av ei eg er tante til.
..og som belønning til meg sjølv for ein aldri så liten ryddeaksjon i skap og hyller - dette fine sengesettet som vart kjøpt på Kid (ref forrige innlegg), til ein slikk og ingenting. I mi ivrigheit over gode tilbod blingsa eg litt på dynelengda, så dei måtte kortast inn med 20 cm. Stoffbitane som no er til overs har eg plan om å sy eit putetrekk av, sidan me alltid er minst 3 i senga ;)
Og heilt til slutt, assistenten min. Ho skulle liksom sove sin vanlege 3 timars dupp idag slik at mor fekk vaska opptil fleire golv, men vakna lenge før avtalt tid. Du ser kanskje at ho ser litt pjusk ut? Jaudå, det sler ikkje feil - hoste, tett nase og feber - atter ein gong. Ikveld hadde ho tydeleg vondt når ho hosta, så me får sjå helga an om det vert legetur denne gongen òg.
torsdag 17. juli 2008
Sommarsalg, søt kløe og sur svie
Etter den søte kløe kjem den sure svieOg ja, det gjer den. Igår var eg så "uheldig" å vere på 3 ulike butikkar med sommarsalg. Dette skjedde same dag som løna tikka inn på konto - for ein ulykksalig kombinasjon! Sjølv om eg veit at eg ikkje bør, er det som om all fornuft (den mannen min stadig omtalar og nesten irriterar seg litt over(!)) berre dunstar vekk med vinden. Eg veit at eg har skrive om det før, og eg innser at i slike tilfelle er impulskontrollen so og seie fråverande. Det er faktisk nesten så eg skjems!
Men eg kom altså på europris, som hadde 10-kroners marknad, 20-kroners marknad, og masse sommarvarer på salg.... Desse dekorative vepsefangarane har eg lenge tenkt på, og då var jo salget berre eit påskudd.. Duken som ligg under dei vart plukka opp frå Kid, som òg hadde sommarsalg - 70% - berre 39 kroner for denne akryl-duken! (Det vart sengkle òg på Kid, men dei skal du få sjå når soverommet er ferdig rydda ;) )
Ei søt rosa bøtte, som i tillegg skal skremme vekk myggen i sommarkvelden måtte eg sjølvsagt ha. Sjølv om det ser ut til at vèrgudane har vendt oss ryggen, så har eg eit håp om fleire fine kveldar på platningen!
..og så denne søte vannkanna då. Den var *host*ikkjepåsalg*host*, men så nydeleg og passeleg i størrelsen at ho berre MÅTTE vere med meg heim. Den skal få stå i stova heile tida, og så slepp eg å finne tomme brusflasker eller litermål for å vatne dei litt forkomne blomane mine. Sommar og sol er visst hardt for inneblomar!
Eg kan òg nevne to blå og to turkise blomsterpotter, samt eit blått krukkesett som skal stå ute - alt vart formeleg kasta etter meg der eg uforvarande trakka gjennom butikken med mine to små. Vel heime, når eg pakka ungar og posar ut av bilen - då fekk eg ein litt emmen smak i munnen... treng du verkeleg dette? Burde du eigentleg bruke peng på slikt no? Svaret er eit rungande NEI, men likevel - når eg kastar blikket bort i glaskarmen og ser den fine rosekanna der, så smiler hjarta mitt og kviskrar ja...Som om ikkje dette var nok, så tok eg idag ein tur innom på Plantasjen sine nettsider. Eg er eigentleg på leit etter ei passe stor trampoline som Oda skal få til bursdagen sin (hysj!), og istaden fann eg tilbudsavisa deira for denne perioden. Og trur du ikkje hagemøblane mine er på salg? Alle saman! Sukk hjerte, men brist ikke.....
Dei nydelege kvite tremøblane med kryss i ryggen, og airdondeck-stolane som eg har drøymt om - dei står der og ventar på meg! Eg har i heile sommar trøysta meg sjølv med at når møblane kom på salg, DÅ skulle me kjøpe dei. No veit eg sanneleg ikkje, det er jo dei pengane då... Og til mine ivrige utrop kjem mannen med eit svar som tyder på at han eigentleg ikkje syns det er nødvendig, men at om eg absolutt må, så får eg vel gjere det då...
Sjå berre kor fine dei er!
Eg prøve å trøyste meg med at dei sikkert er i sortimentet neste år òg, men sanneleg om eg veit... den som lever får sjå!
tysdag 15. juli 2008
Vegen mot drøymekjøkkenet - del 1

ca 10 kvm, i hjarta av huset. I hjarta av huset høyrest jo både kosleg og fint ut, men i praksis betyr det eit rom utan vindauge - utan naturleg lys. Opprinneleg hadde det vore eit vindauga i rommet, men etter ei påbygging på 50-/60-talet vart dette erstatta med dør. Kjøkkeninnreiinga vart installert på 80-talet seiest det, og det skal den ha - det var god skapplass. Men benkeplata i tre hadde nok ikkje vore vedlikehalden sidan den var ny, og var både bøyd og svært lite hygienisk! Huset formeleg trygla om nytt kjøkken!

Huset har i nesten all si tid vore todelt, med ei stove i kvar ende. Me fann ut at den eine stova, med eit tilstøytande minikjøkken, ville utgjere eit bra kjøkken. Her er stova slik den stod då me overtok huset.

Bilde teke den andre vegen, rommet innom døra er det vesle kjøkkenet som høyrde til.

Så var det berre å sette igang med riving...
..og sjølvsagt kjem det små og store overraskingar i eit gammalt hus. Desverre er mange av dei ikkje så gode. I den innerste delen, det tidlegare minikjøkkenet, var 3 av veggane og heile golvet prega av råte, maur og midd.
Dette er veggen inn mot det eksisterande kjøkkenet og gangen. Som du ser hadde det ein gong vore ei døropning her, og den ville me ta i bruk igjen. Heile romma var dekka av huntonittplater dekka med papir og malt. Det sat spikar kvar 10. cm over alt...

Innerste del, med nytt stenderverk, ny ramme rundt vindauga, og utan golv.
Veggen ut mot veg og vatn er i ferd med å miste platene..
Neste gong skal du få sjå korleis det såg ut når me begynte å byggje oppatt alt som var rive ned ;)
måndag 14. juli 2008
5 dagar att....
Igår innsåg eg med eit smell at om 5 veker er permisjonstida over. Av desse 5 vekene har mann og barn ferie i 3. Då skal me vel utrette diverse større og mindre prosjekt i heimen, og forhåpentlegvis få oss ein liten tur eller to. Dermed står me att med to "vanlege" veker, før det brakar laus. 2 veker med 3 dagar, der ein av dei no er "brukt opp" (og den vart brukt til koslege ting, altså! Opptil fleire kaffibesøk rakk eg idag :) ). Eg har med andre ord 5 "fridagar" att. 5 dagar til eigen disposisjon.Eg må innrømme at panikken er i ferd med å ta meg ikveld - ikkje pga desse 5 dagane, men fordi eg om 5 veker skal levere noko av det kjæraste eg har til eit menneske eg ikkje kjenner. Heldigvis har me fått ei dagmamma med verdens beste rykte, men likevel.... eg trur nok det vert opptil fleire tårer når mor set seg åleine i bilen den fyrste morgonen i den nye kvardagen, med vetlejenta trygt plassert hjå dagmamma.
Men altså - dei 5 dagane... dei skal nyttast på best mogleg måte! Og imorgon den dag skal eg ta meg tid til noko eg ikkje har gjort på alt for lenge; eg skal scrappe! Kva kunne då passa betre enn at ei pakke nydelege prima-blomar og søte små tags havna hjå meg idag?
No har eg printa ut litt bilder av jentene, og så får me sjå om litt kreativitet skulle ramle inn i knollen iløpet av natta. Det er jo lov å håpe, ikkje sant? :)Eit lite sitat til slutt ikveld;
"Lite visste jeg at disse dagene som gikk var selve livet"



