laurdag 12. juli 2008

Pay it forward, og ei vakker rose

Eg var så heldig å havne mellom dei tre fyrste som kommenterte hjå Huset i skogen på hennar Pay it forward-innlegg, og då er turen komen til meg!
Det foregår altså slik: Dei tre fyrste som kommenterer dette innlegget skal motta ei gåve frå meg iløpet av 365 dagar (for den som er god i hovudrekning, altså eitt år). Dei forpliktar seg òg til å bringe stafetten vidare, og gjere det samme i sin blogg og dei som kommenterer der.

Idag har me hatt sol og regn i salig blanding, og eg har endeleg somla meg til å ta inn ei av dei nydelege rosene som veks i hagen min. Eg har òg sådd Brureslør, og det er jo så vakkert saman med roser! Så, ikveld er det denne som prydar stova mi - med friske regndråpar på.






God laurdagskveld!

fredag 11. juli 2008

Sjå kor søt eg er

...eller var ;)

Fekk så lyst å vise deg bilete frå då eg sjølv var liten. Har fotografert i albumen min frå barndomen - her er eg vel sånn 1/2 - 5-6 år, kanskje?

Gamlepusen vår, Busti er med. Ho vart heile 13 år før ho la in handkleet. Heilt spesiell pus, både av utsjånad og lynne.

Min fyrste 17. mai, saman med storebrorane mine, som er 5 og 8 år eldre enn meg. Seinare i barndomen likte eg godt å erta nest eldste, for så å søkje tilflukt hjå eldste - sa nokon utspekulert i ung alder?

Den fyrste sommaren, skikkeleg søt med skaut, ikkje sant?Her sitt eg og leikar med tredyr saman med to sykenborn. Er vel 4-5 år, trur eg.
og til slutt, noko som nesten kunne vore kvikk lunch-reklame. Snakkar om å vere klar for skitur, eller nei - snakkar om å vere fornøyd med skiføret! (og sjå kor herlege kle eg har! Den jakka hugsar eg endå - eit skikkeleg tjukt grovt stoff, sikkert veldig varmt og godt, og heilt inni tida no(?))

Med det ynskjer eg eg god fredagskveld!

onsdag 9. juli 2008

To har blitt tre, og litt om gløymde ting

Det gjekk bra til slutt - iallefall nesten. Litt svinn må ein jo rekna med, så listene mine over kjekke bloggar og kjekke butikkar, dei forsvann i eit stort svart hòl i overgangen frå to til tre kolonner. Men, heldigvis har mor god hukommelse, sjølv om ikkje denne kvelden strakk til for å få alt på plass. Imorgon er det heldigvis ein ny dag med nye moglegheiter.

Nye moglegheiter er det desverre ikkje alle som har..

På ein "prøver-desperat-å-få-overtrøytte-og-illsinte-Hedvig-til-å-sove"-trilletur fekk eg auge på denne gamle reiskapen inni eit buskas. Det er med skam å melde at eg er litt usikker på kva det heiter, men det fyrste som dukkar opp i hovudet er harv. Ikkje skyt meg om det er feil!

Eg ser iallefall for meg bonden som køyrer opp ny jord med denne saken. No er det lite nypløyd jord å sjå...

Kanskje hadde bonden baska seg trøytt, og måtte kvila seg? Då kunne han bruka denne benken, som står litt lenger borti vegen. Som du ser er den nesten borte, den òg. Graset veks snart så høgt her at benken druknar. Kanskje me har det for travelt til å sitja og kvila oss på ein slik benk i desse dagar?

Gløymd er òg denne vegstubben. For ikkje så mange år sidan var dette einaste framkomstveg til fleire institusjonar i bygda. No er den snart attgrodd, og knapt i bruk.
Eg syns det kviler ei stemning over alle desse bileta - eit sus frå tidlegar tider, då alt ikkje trengte vera så effektivt, og tidsklemma var eit ukjend begrep...
No derimot, har klokka innhenta meg, og eg skal hoppe i loppekassa med mann og barn, og sove på spreng! Her snakkar me effektivitet :)

tysdag 8. juli 2008

Under construction....

Gjer eit forsøk på å gå frå to til tre kolonner i bloggen, og foreløpig går det ikkje så bra. Så om du syns bloggen ser litt rar og trist ut tidvis, så ha tålmod - den skal forhåpentligvis sjå bra ut snart :)


I mellomtida kan du sjå på desse bileta frå hagen min - her er nokre av blomane som friskar opp rundt huset mitt i desse dagar..






måndag 7. juli 2008

Skal det vere litt blåbærpai?

Sidan ifjor på omtrent samme tid har Oda snakka om blåbærpai - det måtte me lage! Og igår oppdaga me at blåbærskogen oppom huset var full i modne bær.
Dermed bar det ut i lyngen med oss blåbærjentene. Ei avskåren flaske i band rundt halsen er fin plukkekopp for den som er lien.
Og så kjem største moroa - å kna deigen!
Jenta har ein liten superkokk i magen - elskar å sitje på disken å få hjelpe til med matlaginga.
Og som einkvar skapleg kokk må ho smake litt...
Ser ikkje dette godt ut, kanskje? Smuldrepai med bittelitt valnøttbitar oppå.
Servert medan den enno er lunka, med is til - NAM!
Men det gjekk som mor frykta; far ville ikkje smake, for han likar ikkje bær. Og når Oda hadde ete opp isen ville ikkje ho ha resten, for plutseleg var ikkje deigen god lenger. Hallo!? Det er nøyaktig den samme deigen som ho sat og plukka i seg frå bollen medan paien stod i ovnen.... Forstå det den som kan. Uansett står det no ei halv form med blåbærpai på kjøkkendisken og ventar på meg . Eg burde sjølvsagt ikkje ete heile greia, men det er jo måte på kva ein skal kaste i boset!?



Så, om du vil ha ein kopp kaffi med noko attåt er det berre å komme :)

søndag 6. juli 2008

Sommar på platningen

Det er uendeleg vakre sommardagar me har hatt siste veka, med temperaturar som langt på veg konkurrerer med Sydens sol og varme. Når ein kan nyte dette, og i tillegg sova i si eiga seng om natta, då skal me ikkje klaga eit sekund.

På desse dagane er eg ekstra fornøgd med at me har fått på plass platningen vår. Sjølv om det er litt finpuss her og der som gjenstår, er den så ferdig at den fungerar som den skal. Så snart moglegheita byr seg spring eg opp dit, og nyt sola, eller behagelege kveldstemperaturar.

På Hemtex sist mandag fann eg denne herlege rose-duken til ein 50-lapp. Perfekt på sommarbordet!

Stolputer fann eg på Jysk, til ein pris som nesten var gitt vekk! I påvente av fine hagemøblar ligg dei litt i dei gamle plaststolane, eller på den gamle trebenken eg kjøpte tidleg i sommar.


Moreller høyrer absolutt sommaren til! Herlege søte, saftige moreller...



I skråninga ved oppgangen til platningen har det vokse fram store mengder av desse gule blomane. Det friska godt opp i det litt grå miljøet der oppe.




Og til slutt eit bilete av sommarhimmelen igår kveld. fløyelsblått med rosa skyer - vakkert, ikkje sant?

Related Posts with Thumbnails