laurdag 5. juli 2008

To gode vener...



Lukka er ein sommardag, hand i hand med eit jamngammalt søskenbarn.

fredag 4. juli 2008

Forklekjole

Sjå denne kule forklekjolen som Storesyster har fått!

Mor mi , òg kjend som Trollkåno ;) , har vorte bitt av sydilla, og me var så heldig å få vere prøvekanin når ho skulle sy forklekjole med knallkult stoff frå IKEA :)

Desse kjolane kan jo brukast med både strømpis, bukse, eller berre som kjole (iallefall så lenge dei er lang nok ;) )

Stilen liknar jo heilt på Pippi sin kjole, med lommer framme.
Og bak går selane i kryss. Grunnen til at det kan vere lurt med ei lita bukse under er sjølvsagt at ellers kan det fort komme fram ein liten stump i splitten :)
Ein litt uinteressert modell, som eigentleg berre ville springa ut i bilen for å hente pappa på toget. Men kjolen er like fin :)
Tusen takk, besta!

torsdag 3. juli 2008

Tidleg krøkast


... Den som god bloggar skal bli :-) Hedvig har visst skjønt kva mor likar å drive med, og då må jo ho òg prøve!

onsdag 2. juli 2008

Klar for sommarfest

Idag blir det berre skrytebilder, mest av Oda, for ikveld var ho liksom litt i sentrum.

Me har nemlig vore på sommarfest i barnehagen ikveld - oppe i ein gapahuk dei har i skogen. Kjempefin plass, og med så fantastisk vèr som me har hatt idag berre måtte det bli vellukka. For dei som syns Oda er litt ukjenneleg, så er det altså fordi ho har alle krøllane i to små søte fletter - for fyrste gong! Trur me var like stolte, både eg og ho :)








tysdag 1. juli 2008

Dagens prosjekt: Den minste og styggaste gangen i mils omkrets (!)...

..den er min

For ei tid sidan gjekk det i den store blogg-verda ei utfordring om å vise "Best og Pest" i bustaden sin. Vel, om eg hadde fått utfordringa trur eg dette måtte bli pesten - yttergangen vår. Den er pikyrande liten, golvet er så midd-ete og stadvis så fullt av råte at det svaiar under oss. På veggane er det er stygg, gulmalt strie, og i trappa heng den endåtil litt i laser. Der er forresten stria umalt.

Denne gangen var faktisk det fyrste prosjektet me sette igang med i huset vårt, for 2 1/2 år sidan. Det vart berre FOR gult for stakkars mor (meg, altså). Eg klarar det IKKJE! Veggplatene var dessutan bølgete og lite pen.



Dermed røska me vekk alle plater på innerveggen, fann både ekte tymbravegg, og ei like ekte døropning, som naturleg nok ikkje lenger var i bruk. Dermed var det berre å setje opp ny plate, men denne gongen ikkje på heile veggen - tymbra ville me visa fram



Me reiv vekk skapdør og plater under trappa, slik at det gjekk an å setje opp hyller her, og mannen snikra eigenhendig hattehylle med garderobestang til å henga på plata bak stovedøra. Desverre er dei andre veggane og trappeoppgangen framleis gule, men det er jo utruleg kva ein kan venje seg til(!!, fakta er jo at ein ser seg blind på det, som så mykje anna - f.eks dei umalte dørene..)



Begge dørene var nemleg òg plata for, og når me røska av platene fann me fine gamle dører (som sikkert har eit navn), med fresa spor og firkantar. Dei har som du ser fått sparkel i dei tusen spikarhola, men maling - nei det har me ikkje sett!



Eit aldri så lite nærbilete av go'-veggen



Nokre av dei mange kule og fine tinga me har funne i huset var knaggar med eit mannsansikt i senter. Nokon meiner det er "Jesus-knaggar" - eg veit ikkje. Fine er dei iallefall, og to av dei har fått plass på tymbraveggen.


Omsider kjem eg til poenget.....
Denne ikkje så lange men veldig smale gangen er ei stor utfordring å få nytta best mogleg. Det er nok at tre personar skal kle av eller på seg samtidig, så er det kaos. Ei ynkjeleg skohylle er for lite til 2 voksne og eit barn (minstemor slit foreløpig berre strømpebukser), så sko flyt alltid både her og der.


Som før nevnt var eg jo på IKEA igår, og derfrå tok eg med meg ein 3-pack Trones skoskap. Hadde eigentleg tenkt å henge dei på den kvite plata, attmed jakkane, men då vart dei det fyrste som møtte meg når eg kom inn døra (og SÅ fine er dei jo ikkje). Dessutan kom dei i vegen for kleda som hang der.

Eg prosjekterte ei heil stund, men enda opp med å flytte pulverapparatet som så dekorativt var hengt i kroken mellom dørane (det er framleis like lett tilgjengeleg, berre mindre synleg), og simsalabim - den perfekte kroken for skoskap. Veskene mine kjem litt vel høgt på veggen, men då er eg iallefall trygg for at små barnehender ikkje rotar i dei :)


Gangen er like liten, og like stygg, men kanskje kanskje har me ein litt betre sjangs til å halda nokonlunde orden der no?

Og til hausten - eller ein annan haust - då skal me pussa den opp, og finna lure løysingar for alt mogleg!

måndag 30. juni 2008

Shop till you drop... og ein engletrio

Aller fyrst må eg vise ein aldeles nydeleg trio som eg har fått. Mor mi var på handerksmesse i helga, og derfrå tok ho med seg ein telysestake med 3 lyseblå englar - eg syns dei er utruleg fine! Tusen takk, mamma!


Idag var eg og mor på shopping. Dvs - eg skulle vel sånn i prinsippet vere sjåfør og moralsk støtte. Jommen sa eg moralsk støtte...

Det skjer nemleg noko underleg når eg entrar IKEA. Det er som alle dei små røystene som vanlegvis seier "nei, dette treng du kanskje ikkje, og du har iallefall ikkje råd no", dei forsvinn på eit vis idet eg entrar inngangsdøra. Gjennom kjøkkenavdelinga går det forholdsvis bra (iallefall denne gongen), men for kvart minutt som går, så rykkar det fortare og fortare i shoppe-armen. No høyres det ut som eg har shoppa for tusenvis av kroner, og det har eg IKKJE, berre så det er sagt. Men det vart fleire ting og pengar enn planlagt - som vanleg, får eg vel sei.

Når eg i tillegg oppdaga at det faktisk finst ein Hemtex-butikk berre 200 meter frå IKEA, og endåtil har vore ein snartur innom Jysk fyrst, då skjønar du nok at det ikkje gjekk heilt etter planen idag. Heldigvis er rosa-mannen ein mann med eit åpent sin (iallefall når det kjem til meg og meir eller mindre lure påfunn), så mine utskeielsar trugar ikkje familieidyllen ikveld :)

På Hemtex var det 50% salg på heile butikken. Og så mykje lekre tekstilar dei hadde der! (Heldigvis, får eg sei, var me der heilt til slutt idag, og då hadde dei små røystene teke seg litt oppatt etter IKEA-sirkuset) Eg plukka med meg denne vesle krukka til å ha kjøkkenreiskapar i, samt ein sommarleg duk som du nok får sjå seinare, i sine rette omgjevnader.



For nokre veker sidan var eg jo med å lage til loppis her i bygda. Dermed var eg òg med på opprydninga, og måtte redde eit par ting frå å havne i den evige pine. Syns desse tre små glassflaskene/-vasane var så søte. Idag kjøpte eg (skrekk og gru!) eit par plastblomar på IKEA til å sette i dei, og syns det var ganske så fint.



Til slutt, den nye hylla i stova mi, rett over PC-pulten, slik at eg kan nyte mitt fine rosa nips når eg sitt her og bloggar. Det er ei Lack-hylle, med innebygde hylleknetar som ikkje viser. Dei rosa lysestakane i framgrunnen er nye for dagen, liknar veldig på fattigmanssylv, og vart kjøpt på Jysk. I midten ser du eit "Norgesglas med gode kjærleiksråd" (ei gåve frå brødre og svigerinner til bryllupet for snart 5 år sidan, med nydikting til Finn Erix "Hjørdis med H" - priceless!), og til venstre den fine engelen min.
No er plutseleg natta her, og eg kryp opp under dyna saman med mann og born, og drøymer søte rosa draumar.
God natt!

Dette berre MÅ gå gale..


Heile butikken på 50% salg, say no more...
Related Posts with Thumbnails