laurdag 28. juni 2008

Laurdagsrapport

Hedvigen vår har igrunn aldri vore glad i å køyre bil, men den siste tida har det igrunn berre vorte verre og verre. Så snart me set oss i bilen bèr det laus med hiksting og hyling. I eit forsøk på å få bukt med problemet (og, me lyt jo berre innsjå det - jenta veks!), har me idag kjøpt større bilstol til ho. No sit ho som ei dronning - så får me sjå om bilturane vert litt meir behagelege for oss alle. Me vil jo gjerne få oss ein liten ferietur litt seinare i sommar, men akurat no freistar det ikkje nevneverdig med fleire timar i bil...


Oda fekk òg noko til bilen - eit dekorativt plastdekke til seteryggen framom ho, slik at det ikkje er krise om skitne barnehagestøvlar kjem inn i bilen.


Ganske happy med resultatet (og så godt som frisk idag - hurra! Berre litt hoste og snørr igjen)





Fekk knipsa eit bilde av jentene som herjar og kosar på bestemor sitt golv ikveld - Hedvig byrjar å bli så stor at dei finn glede i å leike med kvarandre. Det er veldig kjekt å sjå, om enn litt i overkant spanande for ei hønemor...



Og sidan me er hjå bestemor og bestefar: utanfor huset her bur det ei nydeleg kvit islandshoppe - Rima. Oda vil gjerne helse på ho, men når mor kjem med kameraet vil ikkje Rima vere med på leiken meir. Oda står att, litt slukøyra...

Det vart visst blogging litt stykkevis og delt idag, men me får sei at bileta talar for seg :)


Tusen takk for alle kommentarar og gode ynskjer til sjuklingane mine - no håpar me dei held seg friske ei heil stund!

torsdag 26. juni 2008

Storesøster sin tur


Oda har faktisk ikkje vore sjuk sidan ho tok mandlane i februar. Men igår kom hosten som kasta på ho, og då eg la meg i går kveld kjende eg lett at her var det feber på gang. Så idag har snuppa vore heime frå barnehagen med feber, hoste og rennande nase. Ho seier ho har ilt i panna, så ho er kanskje tett i bihulene? Formen har vore ganske bra på dagtid, men utover ettermiddagen og kvelden var det ikkje mykje tak i jenta mi. Me satsar på at ei god natts søvn hjelper på - dei pleier vere ganske effektive når det kjem til sjukdom, desse jentene mine :)
Hedvig var feberfri allereie dagen etter at me var hjå legen for øyrebetennelse, men me driv framleis på med medisinen. Dvs - ho har funne ein teknikk for å halde den i munnen til eg slepper taket, og så spytte den ut! Ikveld blanda eg det med sanasol, og jammen fekk eg lurt i ho heile dosen. Problemet er at eg kan ikkje gje ho sanasol 3 gonger for dagen - imorgon får eg finne på noko anna med mykje god smak...

onsdag 25. juni 2008

Sola mi


Syns dette bildet vart så kult, med sollyset som skin gjenom håret til oda - som ein glorie! Prøvde å ta fleire like med speilrefleksen,men dette vart likevel det beste.

tysdag 24. juni 2008

Eit kose-innlegg

Eg har vorte utfordra av Blåbærpai, til å fortelje korleis eg kosar meg. Og, eg visste jo at eg kosa meg, men at eg har så mykje kos - det var det greit å bli minna på :)

Fyrst av alt vil eg nevne alle dei koslege stundene med jentene iløpet av ein dag. Frå dei små samtalane med Oda, der ein får innblikk i alt ein 3-åring tenkjer på, til leikestunder med Hedvig, som skrattar berre mor kikkar fram frå ei skapdør. Eg prøver så godt eg kan å ta vare på desse kosestundene, og hugse på dei når det stormar rundt oss. Å sjå at ungane kosar seg ilag med leik og morro, at dei tullar og ler til kvarandre, er òg - ja, rett og slett kosleg!

Om morgonen, når me et frokost, då likar eg å høyre på radio. Eg kosar meg med nitimen om vinteren, og reiseradioen om sommaren (er det eit aldringsteikn, tru, dette med radioen?). Radioen høyrer foresten òg med når eg driv med noko av det eg syns er aller kjekkast - scrapping. Då kosar eg meg slik at klokka spring så ho er galen - tida går alt for fort! No om sommaren er det svært lite som vert produsert på scrapperommet mitt, men eg er heilt sikker på at når hausten står for døra, så gjer scrappelysta det same. Og forresten, med det vèret me har i desse dagar planlegg eg faktisk ein aldri så liten scrappedag ganske snart ;)

Lysta til å sitje framfor PC'en ser ikkje ut til å verte nevneverdig svekka av verken sommar eller varme, eller noko anna for den saks skuld. Her kosar eg meg (altfor) mykje! Det er jo tallause bloggar eg skulle ha besøkt, i tillegg til eit og anna forum for småbarnsmødre som eg berre MÅ innom. Ja, eg er nok litt over gjennomsnittet avhengig.... Men det er jo så mykje inspirasjon å hente (som om eg treng meir inspirasjon - det er jo tida det blir for lite av)

Og når eg først snakkar om inspirasjon, så kjem me fort til neste kosestund: Når Oda er i barnehagen, Hedvig søv, og mannen er på jobb; Når eg endelig finn tid og ro til å setje meg ned med kaffikopp og siste utgåve av BoligPluss eller tilsvarande - DÅ kosar eg meg då! Det er forresten ganske kosleg når mannen er heime òg - min kjære film-glade mann. Så sant me har tid og anledning ser me film om kvelden når jentene er lagde. Då kosar me oss, både eg og han. Om eg i tillegg kan ha eit enkelt strikketøy i fanget slik at eg "gjer" noko mens eg ser film, då er det heilt topp!

Og sist, men ikkje minst (eg kjem nok til å komma på mange fleire ting som burde hatt sin plass her, men akurat no er hovudet tomt og augneloka tunge!) eg storkosar meg når eg går rundt og fotograferar! Eg har likt å ta bilder sidan eg var 12-13 år gammal, og etter at eg fekk meg digitalt speilreflekskamera har det vorte endå kjekkare. Så spennande å sjå kva ein klarar å fange, av stemning, liv og lys - og så er det jo så kosleg å sjå bileta seinare!


Slik kosar eg meg altså - mellom anna. No lurar eg på korleis Trollkåno og Spøkerommet kosar seg aller mest?

Sjølvforsynt



(biletet er litt misvisande, men jenta ligg altså - og sjølv i halvsøvne held ho flaska sjølv:) )

måndag 23. juni 2008

God....midtsommar?

Idag er det jonsokaftan....midtsommar...eller iallefall står det slik på kalendaren. Når eg har kikka ut vindaugene idag har trea krøka seg i vinden, regnet har piska mot ruta, og huset var så hustrigt at eg såg meg nøydd til å fyre i ovnen. Du har vel høyrt at Noreg er landet med to vintrar? Den grøne vinteren er kaldast, for då fyrer me vanlegvis ikkje...


Men trass det feilslegne forsøket frå vèrgudane - jonsokfeiring skulle det verte på tradisjonelt vis. Eit ungt brurepar var stasa opp i bunadar, og som seg hør og bør - her var det krunebrur.


Når det kom til sjølvaste høgdepunktet - jonsokbålet - vart historia ei litt anna. Bålet stod med telt over seg fram til opptenning, fyrmeistaren sjenka velvilligt av tennvæska, men det vart mykje røyk og lite eld.

Sjølv etter ei halv kanne med noko som såg både særs brennbart og småfarlig ut - blanda med ei partert pappkasse - vart det ikkje meir enn 5 minuttar med småblafring, før det stilna av igjen.

Vinden var frisk, og Oda gav til slutt opp å halde på plass sydvesten. Vind og regn fekk herje fritt med krøllane, så dei trakk seg opp i skikkelege korketrekkjarar.

Det er ikkje få som misunner ho denne manken! (Ein gong nokon spurde om å litt av krøllane hennar drog ho av seg ein stor hårdott, til mor si store fortviling! No har ho heldigvis skjønt at dei ikkje meinar det fullt så bokstaveleg)

Det seiest (ref. mitt siste innlegg) at det finst ikkje dårleg vèr, berre dårlege kle. Vel, idag kjendest ikkje kleda spesiellt gode ut, dei heller.


Kan me få att sommaren vår no???

Til slutt må eg nemne at eg har fått ei utfordring frå Blåbærpai som eg aktar å svara på - eg må berre samle meg litt om oppgåva fyrst :)

Related Posts with Thumbnails