laurdag 21. juni 2008

Regn....

En er en og to er to-
vi hopper i vann
vi triller i sand.


Sikk- sakk
det drypper på tak
tikk-takk det regner idag.

Regn, regn, regn, regn-
øsende regn,
pøsende regn.

Regn, regn, regn, regn-
deilig og vått
deilig og rått.

En er en og to er to-
vi hopper i vann
vi triller i sand.
Sikk-sakk det drypper på tak
tikk-takk det regner idag.

fredag 20. juni 2008

Sov søtt!


Det finst vel ikkje noko meir beroligande enn å sjå på små born som søv. Heilt uskuldige, som små englar. Gløymt er dagens små og store konfliktar, og gøymd i hjarta er dei gode stundene, dei gode kommentarane og dei små og store kjærleikserklæringane. Oda er framleis redd for at me forlet ho, men no søv ho iallefall trygt og godt - for ei stund.

Vesle Hedvig vakna med feber idag, og hadde tydeleg stort ubehag. Ho som vanlegvis er blid og aktiv var no heilt slapp og klaga sin arme naud. Eg fann det best å kontakte lege, og er glad for det; jenta har øyrebetennelse, og er no på sin fyrste antibiotikakur. Med paracet i kroppen gjekk feberen ned, og heldigvis steig formen litt. No håpar me på ei god og roleg natt små og store i det rosa universet. God natt,mine søte små!

torsdag 19. juni 2008

Feriedraumar

Det er juni, det er offisiellt sommarferie, det er faktisk nesten midtsommar - og regnet ausar ned utanfor vindaugene, i ca 13 grader. Då lengtar eg til Sydenland!


Jadå, eg veit at det ikkje er lenge sidan me avslutta den lengste godvèrsperioden i manns minne, men likevel.... Akurat no kunne eg godt tenkt meg å vore attende på Kreta, slik me var for 2 år sidan. Eg føler faktisk at eg vert litt varmare inni meg når eg ser bileta derfrå. Den som kunne vore ei veke eller to i sydens sol og varme, med bekymringslause dagar i sol og varme. Med annan mat, andre lydar, andre lukter, ein annan kultur, eit anna folkeferd...

Alle dei nydelege blomane og buskene - oliventre og appelsintre alle stader. Vinrankar i bakgardane hjå dei fastbuande... Kanskje stifte nye bekjentskap (ja, for det er jo noko med nordmenn i utlandet - plutseleg er det ikkje vanskeleg å snakke med framande, for der ute i den store verda har me noko til felles, berre ved å vere norsk. Og plutseleg finn ein ut at verda ikkje er så stor, når den du treff ved bassengkanten på Kreta er søstra til svigerinna til dottera til naboen - eller noko slikt)


Men neste år - DÅ skal me til syden (kvar no det måtte vere). Då må det vere vår tur igjen. I mellomtida får me trøyste oss med gode minner og vakre bilder, og draumar om neste ferietur.


(Med dette biletet vann eg sommarens fotokonkurranse (2006) i lokalavisa vår. Eg vann ein Ixus60 (kompaktkamera), men sidan eg hadde nesten likt frå før bytta eg det inn, spytta i ein god del ekstramidlar, og fekk ut min elskede digitale speilrefleks - EOS 350D. Biletet er av fotspora til Oda og pappen hennar i sanden på ei strand på Kreta)

Skryt


Må berre skryte av snart-4-åringen min, som bortsett frå den fyrste P'en her har skrive alt sjølv! :) det er ikkje få teikningar som vert produsert iløpet av ein dag, i gåve til dei ho er glad i.

tysdag 17. juni 2008

Omvøla på jenterommet

Hadde eg ikkje visst betre kunne det nesten minna
om redebyggarinstinktet som kjem som kasta på ein under ein graviditet, det som fèr over meg i desse dagar. Men tru meg, eg veit betre! (ja, eg er HEILT sikker ;) )
Uansett, igår var det badet som fekk ein omgang - eg tømte skuffer med gamle kremar, såper, sminkerestar - u name it.. Målet var eigentleg å få plassert smykke"treet" frå loppisen, men så balla det på seg, kan ein sei. Godt å få røska opp litt, og så får me sjå kor lenge mor sine planar for eit ryddigare bad held vatn. Du veit, gammal vane vond å vende.

Idag var turen komen til jenterommet. Spesiellt sidan i vinter, då Hedvig flytta inn til storesyster har det vore alt for fullt der inne, og på ein augneblink virka det utruleg rotete. Oda har hatt ein diger kommode der oppe med sine kle i, men etterkvart har eg innsett at det kun er upraktisk. Badet er det rommet i huset som ligg lengst i frå rommet hennar, og det er på badet ho kler av og på seg, det er der dei skitne kleda skal, og det er der dei reine kleda vert turka. Ergo: kommoden må ned den smale trappa, og ned i gangen utom badet. Tenk så kort veg kleda treng reise då? Med kjempemøbelet ute av rommet (men ikkje ned trappa) kunne mor slå seg laus med ommøblering. No treng ikkje jentene sove "i kø" lenger, Oda får tak i bøkene sine sjølv, og kan sitje og sjå ut vindauget når ho og dokkene har te-selskap (Det er veldig i vinden for tida, sidan ho ofte ser det på My little pony-DVD). Eg ynskjer at ho kan få ei litt finare hylle til bøkene sine, og eit hyllesystem med innebygde kassar i, slik at dei kan stablast betre i høgda. Hedvig kan kanskje òg få ei hylle over senga si, med noko lite og søtt på. Eg må berre springe igjennom IKEA fyrst...

Men for no er både mor og dotter ganske fornøgde med det "nye" rommet.

(Det som plagar meg mest på dette rommet er alle kvistane i golvet og brystningspanelet. Eg har eigentleg frykteleg lyst til å male det, men då me flytta inn fekk eg ikkje lov av mannen. Det høyrest heilt idiotisk ut, men for ei som er så vanvittig redd for edderkoppar er det kjempestressande med tallause mørke flekkar av ulik størrelse på golv og veggar...eg trur ALT er edderkoppar.... så no veit du det). Heldigvis er Oda foreløpig ikkje redd for dei, og om eg klarar å kontrollere panikk-utbrota mine så slepp ho kanskje litt billegare unna. Ups - dagens avsporing)


Rommet slik det ser ut frå døra


Kroken bak døra, med kjøkken, leikekassar og "bokhylle". Eit gammalt nattbord gjer foreløpig nytten.


Dokkekroken

Denne nydelege vogna tilhøyrde den forrige huseigaren, som var lita jente på 50-talet. Den fekk me òg då me kjøpte huset, og lenge var det den einaste vogna Oda brukte. Når den ikkje vert brukt meir skal ho stå til pynt - berre eg finn den rette plassen.

Syns dette bildet over senga til Oda er skjønt.

Den kjempefine uttrekkssenga til Oda er det mor mi som har malt. Senga vart laga av bestefaren min til pappa og hans sysken for over 50 år sidan. No er Oda tredje generasjon som søv i den! Idèen til dekorasjonane fann ho i dynetrekket du ser litt av på bildet, og den grøne botnfargen er henta frå gardinene. Grønt og rosa syns eg er ein herleg kombinasjon!


Denne kjolen er så søt! Oda fekk den då ho var lita, og skulle vere ei slags brurepike for søskenbarnet mitt. No heng den på veggen, og så håpar me det kjem fine nok anledningar til at Hevig òg kan bruke den

måndag 16. juni 2008

Utilsikta pause og loppisfunn

Nei, eg har ikkje gått meg vill i ugraset - ei heller har eg gløymt bloggen min. Men med helga som var vart det ikkje tid eller krefter til å prøve å få hverken bilder eller ord ut av hovudet og inn i PC'en. Det har vore dugnadsjobbing, marknadsdag, dans, våkenetter - alt i ein herleg blanding. Sandpapiret som låg under augneloka idag tidleg var av den grove typen, men slik skal det vel vere etter ei kjekk og innhaldsrik helg? Jammen godt det er mandag igjen ;)

Loppemarknaden me arrangerte laurdag vart ein bra suksess. Masse fine lopper, alt frå sofagrupper til snapsglas og bunadssko. Entusiastane stod faktisk i kø då me opna dørene, og enkelte hadde mord i blikket! Sjølv hadde eg medan me pakka ut, sett meg ut eit par ting eg kunne tenkje meg. Nokre forsvann før eg fekk sukk for meg, andre fekk eg tak i framfor nasa på andre skrotnissar, og noko var det antakeleg berre eg som ville ha...

Som dette smykke-"treet" som no står på badet mitt. Syns det var passe kult - no ser eg at det antakeleg er ein mini-stumtjenar, men eg kan ikkje tenkja meg kva anna funksjon det kan ha ennå hengja smykker på..


Desse skjønne skålene er Stavangerflint, og sikkert ikkje hverken spesiellt gamle eller verdifulle - men eg syns dei var så fine! Eg hadde sett på dei mange gonger då ei gammal dame kom og tok dei med seg, til min store forskrekkelse. Men plutseleg var dei der igjen, og då var eg ikkje sein om å få dei med meg.

Det var veldig mykje koppesett på årets loppis - mange av dei ville eg ikkje hatt om eg fekk dei i handa. Men dette syns eg òg var veldig fint, og då det ba pent om å få vere med meg heim var det ikkje nei i min munn. 7 koppar og 8 fat hjelper på når me skal ha storselskap i august igjen.

Og så må eg vise ballkjolen til Oda - denne berre MÅTTE ho ha. Eit gammalt underskjørt, så langt at ho må ha det opp under armane og vel så det; den perfekte ballkjole! No har eg vaska det, og tenkte eg skulle sy på eit par stropper oppe i livet, så ser det igrunn ut som ein slags kjole til prinsessa mi :)

Related Posts with Thumbnails