torsdag 12. juni 2008

Intelligent liv i blomsterbedet...

Idag gjekk eg til krig mot ugraset i blomsterbedet mitt. Ja, eg har faktisk berre eitt skikkelig blomsterbed - det skiljer huset mitt frå vegen, er ein halv meter djupt og 5-6 meter langt. I dette bedet står det att nokre stauder som den tidlegare huseigaren nok har planta - sidan har dei fått leve herrens glade dage. Ifjor delte eg opp dei to største og lempa halvparten til skogs - i år angrar eg på at eg ikkje tok endå meir..


Men det er jo ganske mange meter bed som skal fyllast med planter, dette her. Ifjor kjøpte eg to sortar liljer som eg planta ut - også desse staudar. I tillegg planta eg litt sommarblomar, og sådde ei frøblanding som berre heitte nettopp "sommarblomar". Etterkvart som det byrja å spire innsåg eg at det nok ikkje var så lurt, for det var sjølvsagt ikkje berre frøblandinga som spirte - det gjorde ugraset òg! Og kven veit vel forskjel på ugras-spirer og blomespirer når ein ikkje veit kva blomar som er i frøblandinga...


I år var eg ein erfaring rikare, og skulle ikkje gå på same smellen. Ikkje noko sommarmix her i gården, nei! Mannen min råda meg til å ikkje kjøpe frø i heile tatt - berre ferdige blomar.
Men så er det jo så mykje lekkert i frøposar slik på vårparten, at auga vert stort og vått der ein går og kikar. Dermed enda eg opp med to typar frø denne gongen òg. Og optimistisk tenkte eg at når eg berre hadde ein type spirer å forhalda meg til, då måtte det jo gå bra. I turkeperioden som har vore har eg vatna litt på såplassane mine, og sett dei små blada som begynte å poppa fram. Å setje igang med luking var ikkje så aktuelt, sidan spirane knapt var synlege.


Men så, plutseleg med regnet, skaut det heile fart. Eg visste eg hadde sådd tett, men at heile feltet skulle vere dekka av grøne spirer var nok litt i overkant. Eg innsåg at det berre var å krumme nakken og gå til aksjon - ugraset måtte vekk. Og no (uff nei, å fatte meg i kortheit er ikkje mi sterke side) kjem eg til poenget. For det er ikkje berre-berre å luke ugras når ein ikkje veit korleis dei nysådde blomane skal sjå ut! Det kan jo likefullt vere dei som vert røska vekk når uvørne fingrar tek fatt. Eg hadde funne fram hage-hanskane mine, men når eg tok arbeidet nærare i augnesyn innsåg eg at det var bortkasta - her trengdest presisjonsverktøy! Eigentleg burde eg sote der med pinsett, men det får jo vere måte på..




Det vart ein hard kamp, og eg mistenkjer faktisk ugraset for å vere intelligent liv. Eg har ofte høyrd om folk som pratar med blomane sine, og kanskje smilt litt for meg sjølv, men no skal eg slutte med det. Eg skal iallefall vakte meg vel for å seie noko til ugraset, spesielt ting som det ikkje ville like å høyre. Kanskje eg då vaknar opp ei natt og finn huset eller senga mi overgrodd av krigerske vekster på hevntokt.


Kvifor eg trur det er intelligent liv? Jau, for kvar spire av det eg til slutt fastslo måtte vere dei sådde blomane, så var det minst to spirer ugras. Dei nøyer seg ikkje med å vekse vilkårleg rundt i bedet - nei, dei klyngjer seg rundt småblomane som små snyltarar. Som om dei veit at "berre me står tett nok inntil denne vesle saken, så tør ho ikkje luke oss". Eg måtte til slutt gjere meg hard, og luke dei likevel. Ei og anna spire som skulle fått stå laut òg bøte med livet, men no går det iallefall an å sjå at det er ein type blom som skal vekse på det feltet. No lyt ugraset starte på nytt med sine sleipe triks, og denne gongen skal eg ikkje vente like lenge med å vise det kven som er sjefen!



Medan eg likevel dreiv på der ute fann eg fram staudane eg kjøpte på gartneriet for eit par dagar sidan. Eg har hatt litt for store hòl mellom plantene i bedet, men med forskjellige små teppevekstar håpar eg at det skal verte litt meir frodigt og fint. Neste år, då skal eg ikkje kjøpe frøblandingar som skal såast rett på vokseplassen. Då skal eg vere sikker på at dei små spirane som strevar seg fram er ugras som ikkje har livets rett, og dei skal røskast opp med hard hand! Eg kjøper nok fleire stauder som breier seg litt ut, og så er det jo kjekt med nokre tomme plassar der ein fornye seg litt med sommarblomar år for år.


No trur eg det vert fint med velduftande og søt timian mellom Apollo-liljene, medan nelliken forhåpentlegvis finn seg til rette saman med dagliljene. Det er nok mykje i rosa og lilla der ute, men det høver seg vel bra for eit Rosa Univers?


Øverst såg du bilde av den fyrste knoppen på rosebuska mi, og her eit vakkert eksemplar av spansk margeritt, som eg nesten trur er min favoritt-sommarblom.

tysdag 10. juni 2008

Planteshopping og utfordring

Ein herleg regnvèrsdag er snart over - det har verkeleg hølja ned i heile dag, og det er ein fryd å sjå korleis plantane syg det til seg og nyttar seg av det med det same. På halvannan dag med regn har det allereie vorte grønare rundt meg, og det beste av alt - eg treng ikkje vatne plenen :D

Idag var òg dagen då eg skulle få svidd av det før nevnte gåvekortet mitt. Gleda var stor då det viste seg at gartneriet ikke berre hadde gode prisar, men tilogmed tilbod på vintergrønt. Det passa ypperleg sidan eg var på jakt etter noko slikt til skråningane mine. Noko veeldig lågt noko, som kunne spreie seg utover og gjere det heile litt finare. Eg enda opp med dette:


Ein svært låg og krypande einer-variant (?) skal bekle skråninga på oppsida av platningen.

Skråninga under platningen skal få to typar busker - i nederste del skal eg plante den låge eineren, medan øverste del skal få denne litt høgare busken som blømer i rosa. Håpar det vert fint under syrinen som eg har store forhåpningar til...






I tillegg til desse buskvekstane ville eg ha litt stauder til bedet framom trappa på huset. Der er det litt tomt, og eg syns det kunne passe med noko som spreier seg litt i teppe. Valget fall på kryptimian (fantastisk lukt som eg gler meg til å gå forbi kvar dag!)



Engnellik med kvite og rosa blomar


denne veit eg ikkje kva heiter - den vart henta av gartnar-dama for å bruke dei siste 20 kronene av gåvekortet ;)


Ein spirea med raude/rosa blomar vart det òg, men den fekk eg ikkje noko bra bilete av. Alt dette for 500 kr syns eg var ein strålande handel! Eg hadde ein plan om å plante ikveld, men det innebèr at rosa-mannen må hente jord til meg, og det skal eg ikkje true han til i ausande regnvèr.


Så over til ei utfodring eg har fått Blått er flott:

Kva gjorde eg for 10 år sidan?
- Gjekk 2. året på musikklinja, brukte all fritid på musikalske aktivitetar, og tilbrakte døgnet rundt med kjærasten min (som eg no er gift med)

5 ting eg har på hugselista mi i dag?
-No er jo dagen snart over, men det eg hadde på lista idag tidleg: bruke gåvekortet mitt på gartneriet, kjøpe tåteflaske til minstemor og balsam til storesyster, henge opp kle, rydde litt før mannen skulle ha møte, og det viktigaste - blogge :)

Snacks eg likar?
- Sjokolade, sourcream & onion chips, sjokolade og sjokolade

Ting eg vil gjere som milliardær?
-Bestille handverkarar og be dei restaurere huset mitt frå øverst til nederst, deretter ta seg av uthuset på samme måte. Heile tida medan arbeidet pågår skal eg vere på ferie i utlandet. Ta med meg familien til Kina og gå på den kinesiske mur (min store draum). Betale ned all gjeld, hjelpe familie som òg har for mange minuspengar. Donere gåver til gode formål, utan at eg kan bestemme meg for nokon her og no.

Stader eg har budd?
- Hamar, Stavanger, Osterøy og Bergen

Utfordringa sender eg vidare til:
-Rønnaug, Noralill, Linda og SkinloSharp

måndag 9. juni 2008

På jakt etter lopper

I desse dagar er det siste innspurt for å samle inn lopper til loppemarknad her i bygda. Laurdag skal det store loppesirkuset stå, og med alle dei telefonar om små og store mengder lopper som kjem, så må dette bli bra!

I dette høvet tenkte eg at ei lita opprydning i lagerrommet vårt ville vere på sin plass. Der er det fullt, av små og store møblar, ting og tang som ikkje lenger (eller kanskje aldri) har hatt sin naturlege plass i våre rom. Med liv og lyst, og to pappkassar som forsiktig start gjekk eg igang...

Men kva skjer?

Eg startar i ein krok med ting som ikkje har sett solas lys på årevis. Plukkar fram lysestakar og nips, og skal til å leggje dei opp i loppekassa. Men så er det som om eg har fått på meg andre briller sidan den gongen. (Det har eg jo faktisk, men eg trur ikkje dei skal ha ein slik effekt) Eg kan jo slett ikkje gje vekk den eller den, for når eg ein gong får pussa opp stova - og gangen - og den andre gangen - og og og - DÅ kan eg jo ta det fram att. Eg ser levande for meg den koslege stova med små tablå og levande ljos. Med små minne frå barndomen, gåver frå veninner og bestemødre, som alt har sin sjarm.




Så der står kassa, syrgjeleg tom. Og faren for at laurdagens loppis fører til ytterlegare auke i husets innbu er stor - eg har allereie hatt kontakt med opptil fleire ting som gjerne ville flytte inn i det rosa universet. Då kjem det berre an på kor mykje feriepengar mannen får strøymande inn på konto to dagar før. -Den som ventar får sjå......
Related Posts with Thumbnails