Hugsar du denne?
Ikveld var ho her, jenta som ville forlate mor og far for å prøve lukka ein annan stad når heile verda gjekk ho imot. To gonger har ho byrja å kle seg for å reise frå meg - flytte til den to år eldre kusina si....
Den siste veka har vore litt tøff, både for storesyster og for mor og far. Me har verkeleg forstått kva ordet "separasjonsangst" innebèr, og det verste er at det i bunn og grunn er mi eiga feil; Måndag kveld sat eg på platningen om kvelden, mens jentene sov på kvart sitt rom. Storesyster i mi seng, og der har me ikkje babysitter. Ho vakna (heilt uvanleg), ropte på mamma - men mamma kom ikkje. Etter ei stund sprang ho inn på rommet sitt, og der hadde me babysitter ståande hjå Hedvig. Panikken var fullkommen, og lang historie kort, så har eg hatt "frimerke" sidan då. Jenta er livredd for at eg (me) skal reise ifrå ho, og slepper meg ikkje ut or syne.
Dette resulterer igjen i visse problem ved leggetid. Kvar gong me prøver å forlate rommet får ho panikk igjen. Legging, som før var ein enkel affære, er no forandra til eit to-timars mareritt. Ikveld tok det faktisk 2 1/2 time før det endeleg vart stille! Då hadde eg godsnakka, vore streng, kjefta, trua, trygla og grete - alt for å få jenta til å leggje seg ned og late att auga som var breiddfulle av sovestøv. Ho på si side er ikkje nokon liten tosk, og i tilegg til redsla ho har for å verte forlatt, kan ho ALLE triksa i boka "Korleis få sympati hjå mor og far" - du veit den som alle born vert utstyrt med frå 2-3 års alder... Av utsagn frå kvelden kan eg nemne:

- Jammen mamma dåååå (sagt søttenhundreogørtifjorten gongar, med svært oppgitt tonefall)
- Eg er litt redd
- Eg er litt trist
- Eg savnar pappa
- Eg får ikkje sove
- Jammen mamma, nokon gongar får me berre ikkje sove
- Eg vil vere voksen ikveld
- Eg vil gjere voksen-ting (etter ei bøn frå faren pr telefon om å leggje seg, så mor fekk rydde og gjere andre "voksen-ting" )
- Det hjelper ikkje
- Det einaste som hjelper er pappa
- Eg vil berre vere med deg mamma, derfor kjem eg nedatt heile tida
- Du er slem!
- Eg vil ikkje sjå deg meir
- Eg vil ikkje bu her meir
- Eg skal flytte
- Eg vil ikkje høyre den stemma meir
Ja...ho er forholdsvis velformulert, den store vesle jenta mi. Og meget bestemt - kor ho no har det ifrå. Imorgon lyt me leggje om taktikken rundt legging, for det er svært begrensa kor mange slike kveldar ein klarar utan å verte koko... Det mest positive var at når ho fyrst sovna, var det med vissheit om at me var bestevener igjen, og at eg aldri vil reise frå ho. Om ho berre ville hugse det imorgon........
På ein ellers litt trasig laurdagskveld kunne det nesten ikkje verte verre når eg oppdaga at det verken var sjokolade eller chips i skapet. Då er det jammen kjekt med ei snill mamma som på vegen heim kjøper med seg begge deler. Utruleg kor det hjelper på humøret - mmmmmmm























