laurdag 31. mai 2008

Liten og sjuk

Det er ikkje greit å vere liten og sjuk, utan moglegheit til å meddele kva som er vondt.



Vesle Hedvig var kokvarm i dag tidleg då eg henta ho inn i senga mi. Når me stod opp hadde ho 38,8 i feber - ganske høgt til å vere så tidleg.



Ho som vanlegvis er på golvet og leikar store delar av dagen har idag vore i armane mine 90% av tida. Møydd og slapp, ikkje i form. Eit par gongar sette eg ho på golvet, den eine gongen la ho seg rett ned på magen, og orka ikkje flytte seg ein meter. Ved leggetid var feberen komme opp i 39,7 - då vart det paracet, og ynskje om at ei god natts søvn skal gjere nytten.

fredag 30. mai 2008

Idètørke? Fredagstankar, med noko attåt

Då eg skulle starte dette innlegget kom idètørken over meg - meir som med eit smell ramla det over meg at eg ikkje hadde noko å blogge om. Ingen fantastiske bilete av jentene, ingen store nyvinningar i hagen, ikkje noko revolusjonerande nytt i heimen, og ingen overveldande kreativitet. Berre den vanlege fredagstrøttheita som pressa seg på. Så sovna eg i godstolen - og vips, her er eg igjen!

Det er gressenke-fredag, mannen er på konsert, og jentene søv. Vesle Hedvig kubba tidleg i fanget, og drakk vel eigentleg ei heil stund etter at ho var sovna. Då var det berre å bere ho i seng. Storesyster hadde òg baska seg trøytt, og ville forsikre både seg og meg mange gongar om at ho alltid ville vere med meg. Kvar dag. Så vart ho litt trist fordi pappen ikkje var her med oss. Det kom seg når me snakka litt om at sjølv om me ikkje er ilag heile tida, så er me alltid med henne. -For dei me er glad i, dei bur inni hjarta vårt. Då smilte ho lurt, og spurde om pappa snakka litt med magen hennar òg, der han sat inni hjarta :)


Me har hatt ein fantastisk mai månad - utan sidestykke. Det starta jo allereie i april med fint vèr, og me tenkte at "jaja, eit par veker bra vèr i april er ikkje uvanleg". Men, me unntak av nokre få enkelte regndagar har desse vekene vorte mange, og no er det rett og slett skikkeleg sommar! Til fordel for vegetasjonen kunne me gjerne hatt litt fleire regndagar innimellom, men bortsett frå det berre nyt me.


Her ein dag var eg innom Noralill, og såg alle dei lekre kjøpa ho hadde gjort på Patina. Eg lova meg sjølv dyrt og heilag at eg ikkje skulle ta turen dit før etter at mannen hadde fått lønning neste gong. Jommen sa eg lovnadar...

Plutseleg idag var eg der, og du hendelse kor mykje fint! (Ja, dei har nettbutikk - berre fylg linken over) Jammen var det kjekt at NAV plutseleg fann ut eg skulle få litt pengar idag, men eg klarte likevel å begrense meg ganske bra, syns eg. Berre to små, veldig søte telys-lykter forbarma eg meg over. Når dekorplanen for uteplassen er litt meir strukturert skal eg tilbake dit og snope.. lykter, korger, koppar - u name it!


...så var visst ikkje idètørken så galen likevel :)
- god natt!

onsdag 28. mai 2008

**Fanfare** - Sjå kva me har fått til!

Ein liten fanfare til ære for oss sjølve ikveld (eller eigentleg igår kveld..)

Me brukte heile kvelden oppe på platingen, og jammen vart me ferdige med å kle rekkverket. Seint vart det - faktisk var klokka halv tolv då me endeleg kom oss i hus etter rydding og kosting. Og sjølvsagt er det litt småplukk som manglar... eit topp-bord på rekkverket, litt sånn avrunda. Og ei grind framfor trappa må me ha, så ikkje veslemor akar seg utom kanten *grøss og gru*. Men sånn i hovudsak er me ferdige, og ser korleis det vert. Og me er super-fornøyde!

Igår, medan Hedvig sov, tok mor med seg kaffi og interiørbladet sitt opp dit, og nytte sol og sommar ei heil stund. Usannsynleg deilig sitje der, heilt avskjerma frå vegen og verda rundt. Eg har så mange tankar og draumar om kva eg vil ha der oppe for å gjere det kosleg og fint - gje meg berre litt tid og masse pengar!!

No syns eg det høver seg med ein liten kavalkade over kva som har skjedd der oppe i skråninga. Det har teke to somrar (og ein vår) å få det til - tallause arbeidstimar, store mengder svette, kanskje litt blod, men forhåpentlegvis ikkje så mange tårer. Me har fjerna eit skur, som kun stod oppreist pga alt skrotet det innehaldt. Ein halv container med metallskrot, f.eks. Me har saga skog, hatt besøk av ein snill onkel med gravemaskin, og snikra, saga, skrudd og ikkje minst - tenkt! (Ganske krevjande, berre det) Ein takk må rettast til svigerfar, som har stillt opp her mange laurdagar og bidrege med arbeidslyst og problemløysing! No er det berre siste finish'en att, og det igrunn det kjekkaste :)

3x3 hurra!!
Er du klar? Her kjem raset -
"Progresjon i prosjekt uteplass"

















Då kan me vel snart invitere til grill-innviings-fest? :)

tysdag 27. mai 2008

Sjølv mor..


Ikveld vert rekkverket kledd. Far sagar, mor skrur - då går det i ein fei! :)

måndag 26. mai 2008

Ny vegg og gammal benk

I helga har mannen verkeleg stått på - arbeidsbuksa kom på før frokost var innteken, og med liv og lyst sette han igang med snikring på platningen. Slik arbeidslyst er jo berre nøydd å gje resultat, og sjå her kor bra det vert:

Veggen som vernar mot elvesus, elvetrekk, og småborn som vert dregne mot vatn har funne si form!
Midt på, ein liten glugge slik at den som ynskjer kan kikke ut på heggen, og elva som akurat no er mild og klukkande. Eit glimt av mannen igang med rekkverket kan du òg få.
Og "fortet" vårt, slik det ser ut pr idag. Neste steg er å få på lekter og kledning på rekkverket + gelender på trappa. Eg har ein plan om å male veggen, men har ein mistanke om at impregnert material skal turke litt fyrst (?)



Og så, til noko eg aldri har gjort før - laurdag var eg på garasjesalg! Der var det litt av alt, "nytt" og gamalt om ein annan, meir og mindre sjarmerande. Ein gyngestol hadde eigentleg lyst til å vere med meg heim, men ei dame med eit noko meir trena blikk en meg overtalte den til å fylgje ho. sukk! Istaden kjøpte eg med meg denne benken, som no står på platningen. Eg såg den for meg der oppe, med sommarslege sitteputer på. Tanken er å male den kvit, men akurat no stussar eg litt. Den bør vel uansett behandlast på noko vis om den skal stå der ute i vèr og vind om sommaren? (Iallefall om den skal halde ut meir enn éin sommar) Om du som les har eit heitt tips til meg, så tek eg gladeleg imot! Eg finn meg sjølv nok ein gong i ein situasjon eg ikkje trudde eg skulle vere.... loppisfunn...hmmm.



søndag 25. mai 2008

Heime

Idag har eg og jentene vore heime hjå foreldra mine store delar av dagen. Me har hatt ein nydeleg forsommarsdag! "Heime" er ikkje meir enn knappe 300 meter frå min eigen heim, men likevel - å koma dit fører ei ro med seg. Eg veit ikkje heilt kva som utgjer den store forskjellen, sidan mitt eige hus er så nært..

Kanskje er det den alltid nærverande lyden av sauebjeller som klunkar enten dyra beiter, ruslar eit stykke, eller ligg og tygg drøv.



Kanskje er det hundane, som alltid svinsar rundt beina på ein, og alltid er klar for litt action.



Kanskje er det rett og slett berre omgjevnadane, med utsikta, husa og blomane eg hugsar frå eg var lita (sjølv om enkelte - slik som denne fantastiske rhododendron'en - har vokse seg enorm etter den tid eg budde der)





...epletrea, som er på sitt absolutt vakraste no!...



..det gamle røykjehuset, som eg syns er så vakkert. (Eigentleg ville eg få tatt brurebildet vårt framfor dette. Pga vèr og føreforhold gjekk ikkje det, diverre.)



Kanskje det at me alltid er velkomne der?



Uansett kva det måtte vere, det er godt å komma heim!
Related Posts with Thumbnails