laurdag 17. mai 2008

17. mai er vi så glad i...

Sjølv om det er ein hard dag, så er det jammen kjekt med nasjonaldag òg. Spesiellt når landet (eller skal me seie Vestlandet?) viser seg frå si beste side, med sol, lette skyer, og akurat passe temperatur for bunadar. Det har igrunn gått i eitt heile dagen, med speling, påkledning, is, leik og morro. Jentene sovna som steinar då dei endeleg vart lagt i seng - trur begge to har hatt ein strålande dag. Det har igrunn me voksne òg, men det er godt når roen no senkar seg, og bunaden er komen tilbake i posen sin.

Vil visa deg litt bilder frå dagen - dei talar stortsett for seg sjølv. Det fyrste er av sylja mi, som er arva frå ei gammal grandtante (såvidt eg hugsar - har fått den frå mor mi, som brukte både den og store delar av bunaden min før ho fann tilbake til heim-bunaden sin).























fredag 16. mai 2008

Alt klart?




Det føles nesten som ein ladar opp til jola, dette her. Rydde hus, planleggje mat,ordne klede, alt snakket om "dagen før dagen" i media.

Oda har snakka om morgondagen heile den siste veka - minst! Ho gler seg nok aller mest til ho saman med barnehagen skal stå på scena i grendahuset og syngje for heile bygda. Saman med venene sine, som ho òg skal gå i tog med. Dei har øvd på songar og hurrarop kvar dag, og eg er spent på kor mykje ho hugsar når det verkeleg gjeld. At ho trivst i rampelyset er det iallefall ikkje tvil om :)




Bunadane våre var jo i bruk sist helg, men då rakk me ikkje ta noko skikkeleg bilde, for medan eg stod og tok på meg min eigen bunad skulle Oda gå frå huset til bilen. Det enda med knall og fall, hólete strømpebukse, blod og plaster på kneet. På att måtte minnie mus-strømpisen med grønske på begge knea. Mor vart faktisk såpass stressa at sylja låg att heime!




Imorgon er eg åleine med påkledning av 3 bunadar, sidan mannen marsjerar dagen lang. Eg får vel berre rekne god tid, og så har eg dobbeltsikra meg (eller evt Oda) med 2 nye, kvite strømpebukser. Denne gongen håpar eg at eg rekk å ta bilder av jentene mine før bunadane sitt på halv åtte! Litt speling vert det for meg òg, men mest tid med ungane. Og på kvelden får me besøk. Snille "mamma mitt" har vore her med ei stor skål av verdas beste potetsalat, og så vert det rømmegraut, spekemat og flatbrød. Skikkeleg festmat skal det vere.




Bunadskjennaren ser at det er to små Vossabunadar som ligg klare til bruk her. Eg syns den er så flott, og syns det er kjekt å finne fram min eigen konebunad av same slag. Eit lite problem er det sjølvsagt at det er noko gale med klesskapet mitt, men etter ein tur i bloggverda ser eg at det slett ikkje er uvanleg - bunaden har krympa! Den er dessutan frykteleg høg i livet, så ein gong eg hugsar på det i rett tid, og har råd til det, då skal eg bestille nytt liv (vest) til bunaden min. Heilt til slutt må eg berre skryte litt, og fortelje at all svartsaumen på skjorta har eg faktisk sydd sjølv!




Då står det berre att å ynskje alle ein strålande nasjonaldag
- Hipp hipp hipp HURRA!!

Sånn kan det gå...


...når ein står for tidleg opp. Denne vesle snuppa meinte det var morgon kl 5.30 idag - Kl 9.15 sovna ho midt i frokost-grauten :)

torsdag 15. mai 2008

Golvet er ferdig

..og her snakkar me golvet på platningen. Ein aldri så liten milepæl får me seie at det er, sjølv om det gjenstår mykje arbeid før den store gode uteplassen vår er ferdig.



Mannen vert så inspirert til vidare arbeid når han får fullført noko, og veit korleis han skal angripe neste "problem", så neste kveld var det rett igang med å setje opp stolpar til rekkverk.



Imorgon vert det nok ein tur på Byggkjøp for å skaffe meir materialer til rekkverk og trapp. Og så var det den kledningen på huset som skal byttast, då..... (nei, med 100 år gammalt hus vert me ikkje arbeidslause - eller millionærar - med det fyrste *smil*)

Oda mi tok myggnettinga som brureslør ein dag, og gjekk rett i blomsterenga for å plukke brurebukett. Mor fekk det ærefulle oppdraget å vere prinsen ho skulle gifte seg med.



Og til sist - blåbærlyngen på oppsida av huset ber lovnader om ein god seinsommar/haust. Dekorativ er den òg.




Nei forresten, det var ein ting til; Eg var på besøk hjå naboen her ein dag, og forelska meg heilt i desse blomane. Det er ein staude, og før sommaren er omme har eg tenkt å tigge meg til ein avleggjar eller to.




Etter ein dag med intens skallebank vert det tidleg kveld i det rosa universet. Strikketøyet er framleis på frifot, og utfor stovevindauget ausregnar det. No har me hatt sol og fint vèr i fleire veker (altså - så lenge eg kan hugse), og det gjer godt med litt regn for plen, hage, og alt spirande liv. Så får me berre håpe at sola kikkar fram att iallefall på nasjonaldagen!

onsdag 14. mai 2008

*** Etterlysing! ***

Med dette går ei etterlysing ut i den store bloggverda.

Eg saknar intenst strikketøyet mitt!!

Siste bekrefta observasjon vart gjort i det rosa universet, nærare bestemt i stova, hengjande på sofaen i den kvite posen sin. Strikketøyet er omlag 5 månadar gammalt, 30 cm langt, og offwhite i fargen. Det er nokså urøynd i den store verda, og lyder ikkje navnet sitt. Det viser seg derfor vanskeleg å lokalisere, sjølv om det no er gått manngard etter det i nærområdet. Det er uvisst om strikketøyet kan ha vore blindpassasjer ved utfart frå det rosa universet, men det kan ikkje utelukkast. Biletet under er eit barndomsbilde, og viser ikkje strikketøyet i sin noverande storleik.

Har du tips i saka, levèr dette i næraste kommentar-felt!


tysdag 13. mai 2008

Veske-kort

I helga var me i konfirmasjon, og i den anledning fekk eg endeleg testa å lage et veske-kort.


Framsida:





Innvendig (bak mønsterarket er det ei penge-lomme)



Baksida, med konfirmasjonsdatoen


Dette var morro!

måndag 12. mai 2008

Utvikling i hagen

Heldigvis er det ikkje alt tankespinn, når det kjem til hage - me får av og til gjort noko òg!



Sist torsdag skulle eg berre få ny gassbehaldar til grillen, og vips hadde eg forvilla meg inn på Europris der dei hadde zink-potter i lange baner. Riktig søte var dei! Men potter utan blomar er jo nyttelaust, og like plutseleg hadde eg forvilla meg til torget der alle blomsterhandlarane var "laina" opp! Eg elskar spanske margerittar, så heile 7 slike + nokre små søte nellikar fekk vere med meg heim. 2 typar frø datt òg opp i posane mine på mystisk vis.


(Denne digre jernpanna fann eg då me rydda grendahuset på dugnad for ei stund sidan. Og ja - eg fekk lov til å ta den ;) )

Denne kvelden var målet å få planert ut jorda og sådd i det som skulle verte plen - det andre nivået i hagen vår. Med eit par traktorskuffer jord - køyrd med trillebår opp "brattebakken" - og intens raking var det klart for å så og tromle.



Og når eg fyrst hadde god jord tilgjengeleg måtte eg jo i tillegg nytte på og få planta blomane mine! Kort sagt: klokka gjekk så ho var galen, og det var vorte mørkt før me pakka ihop reiskapar og gjekk inn. Men så hadde me både nysådd plen og nyplanta blomar, då :)



Heilt til slutt eit bilde av dagens badejente, godt inntulla i handkleet, og med krøllane i fritt fall

Friskt og fint!


Idag MÅTTE storesyster bada ute. Ei plastkasse frå IKEA duger som basseng :)

søndag 11. mai 2008

I dovregubbens hall


Ei utruleg trollsk stemning i fjellhallane i Lærdalstunnellen. Tru om broren til Dovregubben held til her inne?
Related Posts with Thumbnails