fredag 9. mai 2008

Ein nydeleg gammal duk

Av dei mange fine tinga som fylgde med huset vårt var denne fine duken. Perfekt til kjøkkenet mitt, med sitt blå mønster. Litt slitasje i kantane, men det tek me på kontoen for sjarm :)





Og ein ekte vår-bukett, plukka av ivrig barnehand.


onsdag 7. mai 2008

Potteskjularar frå Indiska

Som eg skreiv i reisebrevet mitt fann eg altså ein Indiska-butikk i Stavanger. Eg har aldri vore på Indiska før, men eg skulle gjerne vore der igjen....

Eg har vore på jakt etter fine potteskjularar til utandørs bruk, og der fann eg dei jammen. To til å henge på vegg, og ein takhengt (eller som evt kan hengast på ein større krok/hylleknekt). Det triste er at eg ikkje har blomar til å setje oppi dei endå. Mannen får lønning neste veke ;)
Men enn så lenge er dei ganske vakre i seg sjølv, der dei heng:







Og til slutt eit bilde slik det ser ut frå stova mi akurat no



Ha en vakker mai-kveld vidare!

Sitt som ein prest







...og igår vart ho 9 mnd gammal, store vetlejenta mi :) Det kjekkaste med å komma seg litt opp frå golvet er å plukke ut av duplo-kassa til storesyster.

måndag 5. mai 2008

Reinspikka skryt


Ikveld blir det rett og slett ein liten serie skrytebilder av mi store vakre Storesyster. Ho er 3 1/2 år no (4 i august), og særdeles aktiv. Blid som sjølvaste sola heile dagen i barnehagen, litt meir temperamentsfull når mor kjem og tek ho vekk frå alle dei gode venene og den kjekke leiken. Lukka i livet er søskenbarn og gode vener - det vert liksom aldri nok tid!

3-åringen min tenkjer som andre 3-åringar på utruleg mykje rart, og gullkorna kjem på rekkje og rad. Så spørs det då, kor flink mora er til å skrive dei ned etterkvart. Går det meir enn 5 minutt før eg skriv eit stikkord eller to, er dei tapt for all framtid. Men word-dokumentet på PC'n min begynnar å bli ganske langt, og etter ein lang dag kan det verkeleg hjelpe på humøret å lese igjennom desse sidene. Stadig vert me overraska over ord og vendingar som høyrer ei noko eldre aldersgruppe til, og når det kjem frå ein 3-åring vert det både søtt og morsomt. Som når ho proklamerer at berre pappa er genial, eller at huset vårt er for kort for ein lang onkel..

Som 3-åringar flest har denne jenta òg ganske bestemte meiningar om korleis ting skal vera. Humøret kan gå frå dei høgaste toppar til dei djupaste dalar på eit lite øyeblikk når verda går ho imot. Mora tek seg nokre gonger i å tru at det berre er her i huset det er slik, og vert nok litt letta når det plutseleg viser seg at også dette er "normalt". Litt avledning, litt lokking og luring, så går det som oftast fint.

Og når enden er god, og jenta er blid, då er allting godt :)

Eigentleg skulle eg berre vise deg bileta, men så kom skrivekløen over meg igjen...

søndag 4. mai 2008

Reisebrev frå Stavanger

Ja, det vert litt meir Stavanger-prat på meg, etter ei nydeleg helg i byen.


(bilete frå Gamlebyen med dei vakre husa)

Som tidlegare nevnt var det fyrste gongen me skulle reise frå Hedvig på 9 mnd, og det var jo litt spennande i seg sjølv. Ho hadde hatt feber tidlegare i veka, men var feberfri dagen før avreise. Me var komne til Arsvågen ferjekai då bestemora ringde - jenta hadde 39,9 i feber, og dei skulle til lege. Då var ikkje mor mykje høg i hatten (ikkje far heller, for den saks skuld)! Eg drog fram laptop og mobil, og gjekk på nettet for å finna rutetider heimatt med båt eller buss. Eg var klar for å bli levert på hurtigbåtkaia med det samme me nådde byen...
Heldigvis var det ikkje noko alvorleg fatt, anna enn den høge feberen. Legen tilrådde paracet, og lova ellers å vere tilgjengeleg heile helga om det skulle vere noko. Bestemora tok det heile med stoisk ro, og forsikra meg om at eg trygt kunne la vere å setje meg på fyrste båt heimatt. Etter å ha tygd litt på det sjekka me inn på hotellet, og bestemte oss for å kose oss som best me kunne. Det fine med bestemødre er at dei har hatt ungar sjølv ;)



(midt i gamlebyen opna det seg ein bitteliten park med eit fantastisk tre omgjeve av kvite benkar)


Fredag ettermiddag og kveld sat me i konserthuset på Bjergsted, og gjorde det me var komne til byen for å gjere: høyre på korpsmusikk på topp internasjonalt nivå (EM for BrassBand var den store eventen). Du vil kanskje tru ein vert litt smårar i hovudet av å høyre 11 korps spele akurat det same stykket - og du har vel til ein viss grad rett :) Men det er morro òg, å høyre kor forskjellig musikken vert tolka og samanlikne prestasjonar.


(eit vakkert gjerde om ein leikeplass)


Laurdag sprang mannen til konserthuset så fort den herlege hotellfrokosten var innteke. Sjølv ville eg få med meg litt av bylivet først. Og byen bydde seg verkeleg fram frå si beste side denne helga, med fantastisk vèr og yrande folkeliv. Med både Brass-EM og russetreff (ja, det omtala og frykta Kongepark-treffet) var det ikkje berre siddisane som ville nyta ein laurdagsformiddag i godvèret. Og apropos russ (ein liten digresjon her): Kva er det med "ungdommen no til dags"? Heile hotellet vårt var fullt av russ frå austlandet - russ av den typen som har russebuss i millionklassen, eit utall effektar (jakker felles for alle i russebussen, dressar, gensarar, drakter osv osv osv), og som tydelegvis fint har råd til å bruke nokre tusen ekstra på hotellrom når dei skal på russetreff. Eg er nok litt fordomsfull, men for meg kunne dei like gjerne bore skilt rundt halsen; "pappa betaler".... Puddingruss, tenkte me :)


Nok om russ! Ein av tinga eg ville gjere i Stavanger var å nyte våren i Domkirketrappa. - Som sagt så gjort.



Med ferske norske jordbær sat eg der og koste meg i sola - i Domkirketrappa.



Eg fekk shoppa litt gåver til jentene - mest til Oda, for ho treng mest. (Hedvig arvar så mykje fint både etter Oda, og etter andre.) Eg fekk meg til og med ein tur på Indiska (!), men resultatet av det besøket skal du få sjå ein annan dag :) Det eg ikkje rakk, var ein tur på La Famiglia i gamlebyen. Ein bitteliten butikk i eit av dei fine små husa, som såg uendeleg freistande ut med florlette plagg i utstillinga, og nydelege interiør-artiklar innom døra. Eg håpar eg kan få det med meg neste gong me er i traktene, og at det ikkje er så lenge til!



(Eit tre i vakker bløming midt i sentrum)

Rapportane heimefrå var ganske bra - Hedvig hadde framleis feber, men så lenge ho fekk paracet var formen og humøret bra. Dermed kosa me oss vidare, med mykje flott musikk. Dei beste vann til slutt, og laurdag kveld fekk me ein fantastisk festkonsert med to av Europas beste korps. Det eine i samarbeid med den fantastiske jazz-musikaren Nils Landgren (på klippet under ser du party-trikset hans, om du tør ;) )




(Noko av det som pregar byen er tulipanar. I alle "offentlege" bed og parkar står det enorme mengder tulipanar i alle fargar, og det er ein fryd for auga no når alt samen sler ut i full blomst!)


Så var det plutseleg søndag, og like plutseleg kunne me ikkje komma oss fort nok ut frå hotellet for å ta fatt på heimvegen. No sakna me jentene våre! Og det er vel ikkje så rart, når det er dette som møter oss:

Hedvig var eit einaste stort smil, og nesten feberfri - hurra!


Oda var ikkje mindre glad for å sjå oss, og i tillegg så spent på pakken eg hadde lova å kjøpe til ho. Inni den fann ho m.a. caps, capribukse og sommarkjole, og alt måtte prøvast med det samme. Men det aller beste var nok å få pappen heim igjen. Han måtte rett i pappa-tjeneste, og vart beordra ut på terrassen for å leike tikken.



Vel heime i huset vårt var det nokon som ikkje var fullt så fornøyde.... dei stakkars blomane mine, som eg har vore så stolt av. Dei hadde stått i sola heile helga utan noko å leska seg på. No har dei fått både drikke og ein kald dusj, og eg håpar inderleg dei får livslysta attende iløet av natta og morgondagen!



(Å setje blomane inn var forøvrig ikkje det einaste me hadde gløymt idet me skulle reise frå heimen: Billettane til festkonserten laurdag låg att i ei veske heime, og det krevde både velvilje frå mi kjære mor og ein god porsjon logistikk for å få tak i dei før avreise. Heldigvis gjekk det òg bra!)

No har freden senka seg over heimen, og me kan kose oss med gode minner, fanga på netthinna og med kamera, om ei herleg helg for mor og far, i ein vakker by med flott vèr og gode opplevingar. Dette skal me leva lenge på!

Related Posts with Thumbnails