fredag 2. mai 2008

Den vakraste byen


Endeleg tilbake i Stavanger, den vakraste byen eg veit om. Ein spasertur gjenom gamlebyen er nesten verd heile turen.

torsdag 1. mai 2008

Og der står ho


Hedvig reiste seg første gong for to dagar sidan. Kvar dag skjer det noko nytt!

onsdag 30. april 2008

Valgets kvaler

I over eit halvt år har eg gått og ruga på eit gåvekort. Eg fekk det til bursdagen min i oktober, 150 kr på ein interiørbutikk. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har vore inne der og kikka. Sikla på lekre saker, men ikkje klart å bestemma meg. Plukka opp ein ting, tenkt at "ja, denne kjøper eg!", for så å sette den fint tilbake i hylla. Eg ville liksom finna den perfekte tingen å kjøpe for dette gåvekortet.

No har det seg slik at eg etterkvart har heile 3 blomar i hus - i live. Men blomsterpottene var stygge, dei eg fann i ein pose innerst i kjellaren. (Det var berre så vidt dei ikkje var kasta, for alt som hadde med blomar å gjere hadde eg gjeve opp) Dermed så eg mitt snitt til å bruke gåvekortet til noko eg faktisk trong. Eg ila inn på interiørbutikken, og bort til hylla med potteskjularar. Ei heil hylle med tilbodsvarer: kvite, grønne, lilla, stripete, glatte, med kraftig tekstur..... og plutselig var valgets kvaler der igjen. At noko så lite kan vere så vanskeleg!? Til slutt snudde eg ryggen til hylla, og der såg eg dei. Men til og med desse stod eg og løfta dei inn og ut av hylla 3 gonger før eg gav meg sjølv eit spark på leggen og tok dei med til disken. Det får jo vere måte på ubesluttsomheit (Det får meg forresten til å tenkje på Fjordland-reklamen med vingle-Petter *humre*)


Og apropos ubesluttsom; Eg er nok ikkje så stilsikker som eg burde. I huset vårt er litt av alt (frå vakre gamle møblar som har budd i huset vårt all si levetid, via IKEA-kjøp av vekslande kvalitet, til halvgamle arvemøblar som berre ventar på betre tider). Blanda kjem det nok framleis til å vere, men eg/me er vel etterkvart litt meir bevisste på kva me likar og ikkje. I denne bloggverda er det utruleg mykje fransk landstil og shabby chic, og ein vert jo så inspirert av alt det vakre kvite!! Samtidig kjenner eg at sjølv om eg vil ha det lyst og lekkert, er eg ikkje heilt der. Så, med på vegen til vår eigen stil fylgjer to svarte sinkpotter med blondekant.

tysdag 29. april 2008

Smålekkert, og litt om travle tider




Nevnte eg at det er hektiske tider? Dagane forsvinn før eg får sukk for meg, og mage av dei planane eg legg for dagen må eg berre konstatere at ikkje vart gjennomførte. Det vere seg husarbeid, blogging, scrapping, eller ting og tang som gjeld oppussing av hus og hage.
Denne veka vert ekstra kort; Torsdag reiser heile familien til svigers, og fredag morgon tek og og mannen turen vidare til Stavanger - utan jentene! Vetlesyster rundar straks 9 mnd, og for fyrste gong skal mor reise frå ho for alvor. Me hadde generalprøve sist fredag, då jentene var hjå bestemor medan mor var på laaaaang bytur (Det er forresten heilt utruleg kor trøytt ein vert av 12 timars trakking i byen!) Det gjekk kjempefint! Jenta åt og sov, tok flaske, og koste seg med storesøster, bestemor og bestefar. Den kvelden kom pappen og tok seg av legging, men komande helg vert det alvor...






Fredag morgon til søndag kveld er me på tur - og som eg gledar meg! Me budde eitt år i Stavanger for 7 år sidan, og eg syns det er ein fantastisk by. Eg håpar på ok vèr, så det går an å sitte litt ute og nyte byen og folkelivet. Kanskje kan eg stikke nasa innom ein butikk og to?
Om nokon har tips til kjekke interiørbutikkar i byen tek eg gjerne imot! (men ikkje sei det til mannen ;) )






Bileta idag er slike eg har teke tidlegare, men som ikkje har passa inn nokon stad. Nokre nydelege serviettar eg kom over på Europris - perfekt for meg som er litt i overkant betatt av englar ;) Godkoppen min, som eg aller helst drikk kaffi av. Desverre har eg berre éin, og den fann eg vel på Patina ein gong for lenge sidan. Og det siste biletet er av kalendaren på kjøkkenveggen. Kalendaren fekk me til jol - storesyster hadde laga den i barnehagen. Og denne månaden vert me minna om å ta vare på denne tida medan jentene er små, sjølv om dei set skitne avtrykk og gjev oss daglege utfordringar.


Det hender du vert lei deg
fordi eg er så liten.
Eg set merker alle stader
og gjer deg ganske sliten

Men kvar dag vert eg større
ja ein dag vert eg stor
og alle mine avtrykk
vert berre svake spor

Her er eit lite avtrykk
så du kan hugse og forstå
kor søte hender eg hadde
den gongen dei var små

måndag 28. april 2008

Verden i grus - og bloggabstinensar

Plutseleg vart det ein firedagars utilsikta blogg-pause her. Eg håpar det ikkje skjer igjen, for abstinensane har vore sterke :) Me har vore litt på tur, og vel heime igjen låg der ein diger haug med grus delvis uti bilvegen framfor huset. Her var det berre å brette opp armane og ta fatt!

Plassen framom huset - FØR.

Mannen sette igang med å grave opp litt av sand og jord som låg der frå før, og fekk god hjelp av Oda. Eit godt lag med pukk vart lagt mellom trappa og porten, for å hjelpe litt på dreneringa her.

Halvferdig - kjekt med "vegvals" til å jamne ut grusen med.

Vegen opp langs huset har til no bestått av laus pukk. Ikkje særleg fint, og svært lite praktisk. No har me fått ei jamn flate og eit solid underlag. Her ser det veldig grått og hardt ut pga alt finstoffet, men med nokre gode regnbyger kjem svarte og kvite steinar fram. Du ser antydning til det i framgrunnen på biletet.


Det viser att i grus-haugen

Plenen med huskestativet var aldri nokon stor suksess. Her var det brune flekkar alle stader, og vegen til uthuset + flaten under huskene var berre jord og gjørme på våte dagar. Mannen nyttar høvet til å sikre huskestativet betre, før me la duk for å hindre gras å vekse igjennom grusen.

Den ferdige grus-plassen. No gler eg meg berre til å kunne setje ut potter, baljar og urner med blomar som mjukar opp litt. Då vert det fint!

Related Posts with Thumbnails