torsdag 24. april 2008

Hagedraumar

Ikveld blir det kun tjuvlånte bilder, for alt som er på bileta er ting eg ynskjer meg, til å gjera hagen min slik eg vil ha den....

To adirondeck-stolar vil eg ha på plenen min, med eit lite kvitt bord imellom seg, og fine sitjeputer i

Biletet henta frå Find Adirondackschairs

Kvite tremøblar med det velkjende krysset i ryggen, ala desse møblane frå danske Skagerak

Biletet henta frå "Vi i Villa"

Ei skikkeleg picnic-korg må eg skaffe meg om me skal kunne nytte platningen slik me vil. Då er mange turar frå kjøkkenet spart.

Biletet henta frå Créme de la Créme

Ei sommarveske/strandpose - kun fordi den er fin :)

Biletet henta frå Créme de la Créme

Fall for desse vakre potteskjularane

Biletet henta frå Créme de la Créme

..og sjølvsagt er det endå mykje meir.

No er kvelden komen, etter ein lang og hektisk dag. Morgondagen vert minst like travel, så då er det vel berre å finne loppekassa, og drøyme søte hagedraumar

onsdag 23. april 2008

Eg lengtar til hagelivet!

Med så vakre dagar som me har no, skjer det ei omstilling i toppen - alt dreiar seg om hage og uteliv. Pr idag har me ikkje så mykje hage det går an å sitje i; Den einaste plenen me har er delvis utrydda pga huskestativ og gangveg inn til uthuset - her skal me leggje grus! Det andre nivået i hagen skal bli plen, men foreløpig ligg det ein stor jordhaug og masse plank der. Og på øverste platå i hagen ligg platningen. Måndag var eg og jentene til sentrum og kjøpte material til siste del av platningen, saman med målarkostar, måling, litt hageredskap og anna småplukk. Og igår kveld fekk eg og mannen skrudd nokre lengder. Samtidig går eg og drøymer om vakre hagemøblar, lykter, vakre tekstilar, blomar i sinkpotter og og og og......


Men me står enno framfor mange utfordringar - sjå berre her:

Dette biletet er skråninga på oppsida av platningen. Her vart det grave ut litt då me planerte med gravemaskin, og som du kanskje ser er det ikkje akurat matjord som ligg der. Kva kan ein få til å vekse her? (konkrete tips vert mottekne med stor takk!) Den store steinen i framgrunnen har eg lyst til å renske fri for jord og rus, og bruke som ei slags hylle. Her ser eg for meg både blomar og lys

Platningen sett frå skråningen på bildet over - den er ca 9 meter brei, og på det djupaste ca 5 meter djup.


Akurat no står desse grelle plastmøblane der oppe, så me får prøvekjørt uteplassen litt. Dei vart kjøpt medan me enno leigde leiligheit i byen, og hagemøblar kun var eit nødvendig onde for å komma seg ut i sola. Eg merkar at eg er i ferd med å verte sterkt påverka av interiørblad og -bloggar, men det skal eg komma attende til i neste runde ;)

Bergveggen du ser bak plaststolane er òg tema for mykje tankespinn. Den eine dagen skal den få vere som den er, den neste vil eg spyle vekk mosen og borre inn krokar til å henge ting i. Me hadde ein plan om utepeis, men om det vert noko av veit eg ikkje no. Om me hadde fått spylt rein dette hjørnet hadde det kanskje vore fint å laga ein slag benk heilt der inni kroken? Det ville nok vorte lunt og fint å sitje der og sjå på solnedgangen På utsida (altså til høgre på biletet) er det nemleg ei lita elv, som til tider ikkje er så lita lenger. Då me igår hadde årets fyrste grillmiddag kjende me dråpane frå den frådande elva i lufta rundt oss. Det ga oss ei sterk påminning om at før me kan ta dette skikkeleg i bruk må me få opp forsvarleg sikring og ein levegg mot elva.
Snart (i eit anna innlegg) skal du få sjå møblar og tilbehør som eg ynskjer meg til hagen min, men ikveld må eg berre vise deg bilete av noko eg ikkje trudde var mogleg.

Ifjor sommar fekk eg ein avleggjar av ei syrinbusk hjå svigermor mi. Eg planta den der eg såg for meg eit vakkert syrintre, og eg vatna og stulla for denne vesle kvisten heile sommaren. Problemet var berre at det hjalp ikkje! Avleggjaren hang med alt som hengja kunne, og det var berre såvidt eg ikkje røska den opp med det vetle den måtte ha av røter. men, eg lova meg sjølv å gje den ein sjangse. I helga måtte eg nett sjekka korleis det gjekk, og sjå kva som er i ferd med å skje! Det er liv i syrinen!! Då må eg vel berre vente ein ti års tid, så har eg velduftande syrin i hagen min, eg òg :)


tysdag 22. april 2008

I to dagar..

.. har eg prøvd å legge ut bilder av hagen slik den ser ut no, og av ting eg har lyst å ha der. Men blogspot-systemet spelar meg eit puss, og nektar å vere med, så då får eg heller prøve att imorgon.

På'an igjen


Då er eg igang med maling igjen. Eit par meter stakitt idag - skikkeleg putlearbeid!

måndag 21. april 2008

Så mykje spanande


Ei ny verd opnar seg for den som er mobil.. No lyt me visst rydde i storesøster sine puslespel.

søndag 20. april 2008

Vakre vårdagar og det fyrste ordet

Det er heilt fantastisk - me har hatt vakre vårdagar i rekkje og rad! Om ein ser vekk frå dei blå gradene på termometeret om natta, så har det ikkje vore mykje å klaga på siste veka. Sol frå knallblå himmel dagen lang, og om ein held seg i dette lyset kryp gradene fort opp mot 15. Me har faktisk kasta både hue og jakke, og mor har endåtil gått i kortarma topp for ei stund. Frå dag til dag ser ein at naturen vaknar til liv, og snart vil det eksplodere i livlege grønfargar rundt oss. Våren er herleg!!
Det klør i fingrane etter å koma igang utandørs - male stakitt, legge grus der den skal vere, laga jordhaugen om til plen, og aller mest - få ferdig platningen på oppsida av uthuset. Dei siste dagane har tankane sirkla meir og meir inn på hage, og bit for bit ser eg for meg korleis det skal verte - ein gong!
Og no veit eg ikkje heilt kva eg skal vise bilete av idag.... eit par glimt frå dei fine dagane me har hatt (og som me håpar fortset), eller bilete av korleis eg ser for meg hagen...?


Det får verte skrytebilder dag, og drøymebilder imorgon ;)


Den fyrste kvitveisen, framleis litt morgontrøytt, vart nøye undersøkt.


Prinsesse gullhår i djupe tankar.





Og så Hedvigen då - for fyrste gong i huska. Ganske fornøgd med det. Men noko mykje viktigare "fyrste gong", er det fyrste ordet. Og det har kome. Nå me seier "hadet", vinkar ho og seier"hadet" attende. Fyrste gong: 18. april! (8 mnd og 12 dagar)
Related Posts with Thumbnails