Idag har mannen min bursdag. 28 år vert han - begynnar visst å verte vaksne, me òg. Eg har kjent han sidan mi var 16, faktisk har me vore eit par sidan den gong. Ein kan vel sei at me har vakse ihop? Eg føler meg iallefall berre halv utan han. No har eg tråla nettet etter eit lydspor som kunne leggjast ut her i bloggen, men det viste seg vanskeleg. Songen eg ville ha var "Det e du det", av og med Bjørn Eidsvåg. Ein liten snutt av den ligg
her, men heile songen var ikkje å oppdrive på denne måten. Refrenget er iallefall slik:
En sko tru himmelen hadde sendt deg
det aller besta så har hendt meg
det e du det, de e du
det e du det, bare du
Sidan mandag er ein travel dag for min kjære måtte me benytta morgonstunda til bursdagsfeiring. Det vart song og ei lita gåve på senga frå oss jentene, før me alle tok fatt på dagen. Han fekk høyre både "Happy Birthday" og "Hurra for deg" før han åpna gåva frå oss - Ei lita ramme med bilder og nokre ord frå jentene. Meininga var å lage noko han kunne henge på kontoret, men eg innsåg då eg var ferdig at det nok vart i søtaste laget. Tida får vise om den kjem opp ;)

I mangel av eit bursdagsbarn her heime nyt eg no siste stykket av sjokoladeostekaka frå igår, saman med ein god kopp kaffi.
Gratulera med dagen, min kjære!