Alle ting har ei bakside, og dei siste to dagane har eg vorte minna på kva som er bakdelen med våren; All verdens skumle ting vaknar opp att frå dvala, og kjem for å plage meg! Eg snakkar insekt, edderkoppar, alt som kravlar og kryp på stadene eg minst ventar det, og aller minst ynskjer det.
Ved leggetid igår, akurat idet eg la Hedvig opp i senga, spratt det fram ein diger edderkopp på soveskinnet. Om han hadde loge i senga, eller om han (skrekk og gru) kom frå teppet som eg akurat hadde henta veit eg ikkje. Men rommet vart fylt av ganske mange desibel som følge av sjokket. Heldigvis var mannen der, og kunne redde oss alle frå udyret. I mange minuttar etterpå var pusten ujamn, hjertet banka med dobbel hastigheit, og frysnigar gjekk gjennom kroppen.
Idag tidleg måtte eg ordne opp sjølv, då eit digert udyr sat på taklista over dusjen. Heldigvis var det ikkje i bevegelse, så eg fekk tid til å summe meg litt. Under det hang diverse kle til tørk, og eg såg med gru for meg scenarioet med å leite etter uhumskheiten mellom reine babykle. Eg manna meg opp, og fekk flytta kleda. Så henta eg moppen, med skaft på over halvannan meter - den ville passe fint som mordvåpen. Drog pusten djupt og støyrde til så hardt eg kunne - og traff! Men sjølv då, på god avstand, klarte eg ikkje halde tilbake skrekkhylet idet greiene datt ned. Prikkingane og frysningane i kroppen ville ingen ende ta, og plutseleg er eg ikkje SÅ glad for våren lenger...