Måndag kveld gjekk eg meg vill i ein nettbutikk med scrappeutstyr. Eg såg og såg, til auga vart stort og vått, eg prøvde meg litt fram, prøvde å finna vegen ut,om du vil. Men den einaste vegen ut, gjekk gjennom "kassa". Der vart eg eindel pengar fattigare, og ein haug forventningar rikare. Tysdag fekk eg mail om at pakka var sendt, men ikkje før på laurdag dukka den opp - og då utan pakkelapp i postkassa mi. Takk og lov for personale som kjenner "alle", og veit at ein ventar.
Eg opna den ikveld, og eg eg iallefall heilt sikker på at dette skal verte mykje morro!!! Både ark og pynt som er litt anleis enn det eg har brukt til no - gler meg til å få litt forandring.
Her er fornyingane:
Mønsterark, einsfarga kartong, chip-board blomar (Tynne papp-plater/svært tjukke ark), og eit ark med forskjellige journaling-tags.

Journaling-arket på nært hald

Litt pynte-stæsj måtte eg òg ha: Blomar av forskjellige typar, englar og dronning elisabeth (metall-dekoren i små plastposar)

Små plastikk-"figurar" (symbol, spesialteikn osv)

Får nok ikkje gjort noko i helga, men mandag - DÅ ska det scrappast!!!












