laurdag 29. mars 2008

Lenge sidan sist

Ja, no er det lenge sidan eg har vist fram scrappinga mi. Men tru ikkje at eg har lagt den på hylla - eg putlar jamnt og trutt. Litt varierande kor fornøyd eg er med eit par av dei siste LO'ane, men slik får det vere. (Sidan eg ikkje har tålmod til å vente på dagslys måtte eg ta bileta med blitz, og av den grunn måtte eg ta dei litt på skeiva, slik at det ikkje skulle bli gjenskinn)

Her er iallefall dagens scrappe-skryt:


Oda sin bursdag er behørig dokumentert. Eg laga ei lomme med det grønne bursdagspapiret, og i denne ligg det fleire bilder montert på papir, der eg har skrive litt bakpå kvart.


Syns dette bildet av oda og bestefar var så kosleg, men å scrappe det blei vanskeleg.


Dei fine vårsol-bildene av Oda


Og til slutt ein av Hedvig, som blei til igår. Fekk plutseleg inspirasjonen over meg, og vart ferdig på ein kveld - det er ikkje ofte. Ser at nokre av bokstavane forsvann her på bildet. Tittelen er "Blid som dagen er lang".

fredag 28. mars 2008

Ein epoke forbi




Det er litt vemodig, men no er tida komen for å hive ut den gamle vogga. Hedvig kan ikkje bruka den meir, og så fullt som det er i stova vår kan me ikkje ha den ståande berre til pynt.

Vogga er ca 94 år gammal - den vart nemleg laga til bestefaren min og hans sysken. Sidan stod den på lølemmen i mangfoldige år før den vart plukka fram att og pussa opp til yngste bror min.
Det er sjølvsagt ekstra vemodig å hive den ut fordi bestefar nyleg gjekk bort, men eg håpar og trur at det gamle klenodiet atter kjem til heider og verdigheit for nye verdsborgarar i slekta.

Me har fått bruke den både til Oda og Hedvig, og det er eg veldig glad for!

Oda i vogga, 5 dagar gamal


Hedvig i vogga, 13 dagar gamal

torsdag 27. mars 2008

Ta ansvar

Samtale med treåringen over kjøkkendisken igår formiddag:

Oda: mamma, me må ta ansvar!
Eg: jaa, kva skal me ta ansvar for?
Oda: Me må ta ansvar for dei som er med
Eg: Kva gjer me når me skal ta ansvar då?
Oda: Me kviskrar til dei og sånn..

Det er utruleg morro å høyre kor mykje ho plukkar opp. Men samtidig skjønar ho ikkje alt, og ungar er greie slik - då lagar dei si eiga tyding :)

It's a beautiful day!

Igår var ein aldeles strålande dag! Oda hadde som vanleg fri frå barnehagen, og sjølv om "alarmen" gjekk klokka 06.15 om morgonen, så var det faktisk ikkje SÅ gale å stå opp når sola skein frå knallblå himmel.

Utruleg nok har me hatt bra vèr i fleire dagar i strekk no, og denne skulle vere den siste i denne omgang så me måtte ut!

Turen gjekk til svigerinna mi og hennar tre minste. Oda er så heldig å ha eit søskenbarn som er jamngamal med seg, og det er til stor glede! Ho snakkar om han mest kvar einaste dag, og har alltid lyst på besøk av han eller til han. Gårdagen var ikkje noko unntak, og det fyrste ho sa når eg fortalde kvar me skulle, var "Då kan eg leike med søskenbarnet mitt - då skal me vere venlege!" Mor måtte flire litt av ordelaga til 3-åringen då.

Med to tre-åringar som syns dagen skulle starte rundt kl 6 blei det vel litt varierande med vennlegheit, men dei koste seg iallefall med leik i hagen, på oppdagingstur og på trampolina.Som det veloppdregne barnet ho er, sov Hedvig frå me kom til me gjekk, og mor fekk ein herleg dag i sola med kaffikopp, vaflar og god prat.

Det var noko med å feia for eiga dør ;)

Nista smakar alltid godt ute i det fri

Det vart laga mykje god mat, m.a. spaghetti med blåbærsalat :)

"skal du ha bank?"

"Eg skal redda deg!" - med ein fjorårsgammal plantestengel

tysdag 25. mars 2008

Husmor?

Vaske kle, henge opp kle, brette kle, legge kleda på plass, hente skitne kle, vaske, henge opp (evt putte dei i den fantastiske turketrommelen), brette, legge på plass, hente skitne kle, vaske...... du skjønar teikninga, ikkje sant? Den uendelege runddansen kalla husarbeid. Skittenkleda som aldri tek slutt. Golva som aldri blir heilt støvfrie. Kjøkkendisken som aldri er heilt tom. Klesvasken har eg på ein måte foreina meg med. Det fins nesten ein slags underleg terapi i å stå der og brette. Då er det verre med alt det andre...

F.eks. turke støv... kor kjedeleg kan ein få det? Gå og løfte på alt i hyller og på diverse bord og møblar, for å turke støv under og rundt. Usj!

Eller støvsuge... plukke opp alle små og endå mindre leikar som etter ein lang dag ligg litt rundt omkring, lett fordelt. For ikkje å snakke om at støvugaren hengjer seg opp i møblane, dørkarmane, eller vilkårlege hindringar. Dessutan må ein skifte stikkontakt fordi ledninga ikkje er lang nok, og slå av ovnen på kjøkkenet slik at ikkje sikringa går.. Og så hugsar ein ikkje meir på den ovnen før neste dag ved frokost-tid, når kulden sler ein midt i det morgontrøtte ansiktet.

Men det aller, aller verste er å rydde kjøkken. Dvs, det går greit nok om det er tidleg på dag. Men kom og fortell meg etter klokka 22 om kvelden at eg må rydde kjøkkenet! I skrivande stund kjem eg ikkje på ein einaste ting som gjer meg meir sur enn å rydde kjøkken seint på kvelden. Då er eg det næraste eg kjem mannevond, og går praktisk talt og knurrar! Det klirrar faretruande i kjørel og bestikk, og nåde den som trår meg for nære.....

Du har sikkert skjønt det, og eg kan like gjerne innrømme det - eg er ei dårleg husmor. Ei ekte skippartaks-husmor, som spring rundt og ryddar febrilsk når eg veit det kjem folk, og som får aldri så lite panikk når nokon står på døra uanmeldt. Altså, eg ryddar sjølvsagt litt utan at me får besøk òg, og støvsuger så ikkje mine søte små skal sette rusk og snusk i halsen. Eg vaskar klede så me alle skal ha noko å ta på oss neste dag. Men kjøkkenet - der er mannen min reddande engel. Og det verste er at han likar det faktisk! (Kor rar går det an å bli?) Likevel må eg jo ta min del, eller iallefall litt av den..

Eg kunne sjølvsagt ha rydda mykje meir, kvar einaste dag. Eg kunne ha brukt sovetida til Hedvig på å halde huset mitt skinande blankt og fint, slik at eg uredd kunne opne døra for kven som helst kortid som helst. Men eg veljer å prioritere anleis. Nokre dagar trakkar eg berre over rotet med kaffikoppen i eine handa og radioen i den andre, og så rømmer eg opp på hobbyrommet mitt. Når eg sitt der ladar eg opp batteria, fornyar kreftene og humøret, og så vert det faktisk litt lettare å gjere husarbeid etterpå. Då kan eg tilogmed rydde kjøkkenet, sjølv om klokka på veggen viser 22.30...

søndag 23. mars 2008

Eg vil, eg vil......

Vart visst mange innlegg idag, men eg berre måtte få med denne vesle serien av Hedvig. Igår knekte ho framover-koden, så no er det berre å rydde vekk alt smått som kan setjast i halsen - no får ho tak i det ho vil.

Idag var det PC'en min ho fatta interesse for (ja, den står i stova - eg er vel litt over gjennomsnittet avhengig...). Ho strekte og strekte, prøvde å få bamsen til å hjelpe, men måtte til slutt ta til takke med reima på kameraveska istaden :)





Påskelammet er servert

Me hadde middagsgjester idag, og serverte som seg hør og bør på ein fyrste påskedag lammesteik. Tilbehøret var potetbåtar, asparges, gulrøtter, sukkererter, rosenkål og den beste brune sausen som tenkjast kan (ja, det er litt sjølvskryt - du får skulde det på mannen min, han drikk gjerne den sausen med sugerør :) )



Vel bekomme!

Om å prøve - og feile

Har du opplevd at ein idè formar seg i hovudet - ein kjempegod idè! Du ser akurat for deg korleis det ferdige produktet skal verta, og skaffar deg dei materiala som trengs.

Så set du igang, full av pågangsmot og kreativitet. Du klypper, limer og triksar, framleis full av optimisme - men plutselig innser du at det du held på med ikkje liknar det minste på den gode idèen som tidlegare spann rundt. Det ferdige produktet vart faktisk ikkje noko fint, men ber tydeleg preg av at skaparen aldri har prøvd dette før, og kanskje heller ikkje burde prøve det igjen...

Slik var det med meg og påskeegget til Oda. Faktisk kjøpte eg to påskeegg, for eg ville lage eitt til Hedvig òg. Sjølv om ho ikkje ville ha verken glede eller nytte av det i år, så ville eg lage to som minna om kvarandre til jentene mine. Eg kjøpte to egg av den udekorerte sorten hjå panduro, og såg for meg noko nydeleg med eit par søte figurar, og med navnet til kvar av jentene, dekorert med blondekant eller sløyfeband - og enda opp med dette:





Serviettane eg raida til meg hjå mammo var faktisk veldig søte, med eit par kyllingar og ein liten påskehare mellom vakre blomar på kvit bakgrunn. Men eg hadde ein idè i hovudet om at kvit bakgrunn skulle ein ikkje ha for mykje av når produktet var ferdig. Og eg kunne jo ikkje lime heile motivet rett på egget, for det er - tru det eller ei - ikkje beint! Det buar seg i alle retningar, og skapar faldar i det tynne papiret som ikkje er spesielt dekorative. Og apropos tynt papir: I eit forsøk på å lage blomebakgrunn for kyllingane, så ser det faktisk ut som om den eine har forete seg på rosa påskeblomar. Ein ser tydeleg at dei skin igjennom buken til stakkaren.



Ikkje hadde eg fleire egg (faktisk vart den eine halvdelen så mislukka at den måtte berre kastast), og ikkje hadde eg meir tid, så Oda må fint klare seg med ein litt rosablomstrete påskekylling denne gongen. Og sant å sei - så lenge egget var fullt av gode saker, så var det vel ikkje så nøye korleis utsida såg ut. Rosa sløyfe vart det, og då er lukka fulkommen.



Men neste gong - DÅ skal det bli fint, då ;)
Related Posts with Thumbnails