Som forrige sundag gjekk turen opp til løypene hjå min kjære kollega. No hadde me jo litt meir erfaring, og veret var endå finare, så dette berre måtte bli bra! "Timinga" vart akurat slik at me haldt Hedvig våken til sekken og bilen var pakka, og dermed sov ho i 3 timar mens me fekk prøvd både ski og stormkjøkken. For sikkerheits skuld hadde me med solbriller til ho, som ho fekk låne hjå snille storesyster. Ganske kul! :)

Det er altså ei knapp veke sidan Oda for første gong hadde ski på beina, og idag såg me verkeleg framgang! Det merkast òg godt på humøret og pågangsmotet; Jenta gjekk med ski på beina utan stans heile den fyrste timen....


Då var det tid for pølser og kakao bak ein liten knaus. Me rigga oss til (sikkert ikkje meir enn 50 meter frå gardstunet, hehe), og typisk nok var det den tida der "alle" skulle avslutta skituren og gå heim til middag. Følte oss vel litt teite akurat då, men kva gjer vel det når me kosar oss slik!

Oda hjelper til med å finne fram maten..

..og pølsene smakte verkeleg godt etter fysisk forstring.

Oda ville gjerne gått meir på ski, men ho fraus, Hedvig vakna, og eigentleg burde me komme oss heim for å rekke familiemiddagen hjå besta og besten, så det vart berre ein kort-kort tur til. Men no veit me iallefall at me har moglegheita, utstyret, og at jenta likar det, så då vert det kanskje fleire turar i nær framtid?























