fredag 14. mars 2008

Stor jente i høg stol

Me har funne fram høgstolen til Hedvig denne veka. Då vart det litt kjekkare ved middagsbordet, både for henne og oss. Godt støtta opp med pute og babydyne sitt ho som ei prinsesse og flirer av oss. Lydane av nesten tom ketchup-flaske framkalte hikstande latteranfall, så humoren er allereie på plass :) Ho veks så fort - store vesle jenta vår!


"kva driv du med, mamma?"

Litt frå kjøkkenet igjen

Har teke ned det gamle vaskestellet som stod inni skapet i toalettbordet, vaska det og fått det på sin rette plass. Oppå den vesle hylla står to lys frå Patina, som eg syns er så nydelege.


Nærbilde av lysa. Det englebildet gjev meg gode barndomsminner - eg hadde eit slikt bilete på rommet mitt då eg var lita.

Det nærmar seg påske

....og det fins ikkje noko kjekkare enn når storesyster kjem heim med ting ho har laga. Igår fekk me heim denne søte karse-korga

Og idag har eg kosta på meg påskeliljer som snart blømer

onsdag 12. mars 2008

Eg har vorte "tagga"!

Av Rønnaug.

Og slik ser mine svar ut:

4 jobbar eg har hatt: barnehageassistent,kiwi-dame, vaskeri-arbeidar, kunderservice-medarbeidar hos NGT
4 filmar eg har sett: Dan in real life, LOTR (tel jo eigentleg 3, men), Matrix, Seven
4 stader eg har vore: Praha, London, Sandsøy, Førde
3 stader eg har budd: Stavanger, Osterøy, Søreidgrend
4 TV-program eg ser: License to Grill (på PC), Tid for hjem, While you were out, Norske talenter
4 radioprogram: Nitimen, NRK Hordaland formiddag, norgesglasset, Stjerneklart (mandag kveld på hobbyrommet med radio :) )
4 favorittmatsortar: Laks med agurksalat og dillsaus, nachos, spaghetti á la mor, gresk salat
4 stader eg gjerne skulle vore no: New York, Den kinesiske mur, Roma, Sydenland ;)

dei 3 eg taggar er: Linda, Lene og Elisabeth

tysdag 11. mars 2008

Historie i veggane..

Kvar dag når eg et frokost ser eg denne inskripsjonen i kjøkkenveggen min
Andre stader i treverket er det tydelege teikn på at nokon har leika seg med passar, og laga ulike sirkelmønstre. Tru kven det var, og kva som fekk dei til å skrive på veggen, før den vart plata igjen? Det minner meg iallefall om at me bur i eit hus med historie! Noko av historien skal me ta med oss vidare, nokre av dei gamle tinga vil me framleis nytta. Men, me vil blanda det med ein del nytt, og i denne blandinga skapa vår eigen stil, vår eiga stemning, vår eigen heim....

måndag 10. mars 2008

Ein vårdag

Idag har me fått eit glimt av våren igjen. Himmelen har vore blå, og sola har fått kasta sine livgjevande strålar over bygda.
Eg og Hedvig har fått oss ein tur ut, og idag lukta det vår!! Over alt sildra smeltevatn frå bergsprekker, og ein kunne nærast høyre kor plantane vaks.


Det glitra vakkert over alt, men det er neimen ikkje lett å fange med kamera!





Er det nokon der inne, skal tru?

søndag 9. mars 2008

Rosa på ball

Fredag var det karneval i barnehagen, og det var aldri tvil om kva Oda skulle kle seg ut som...


Med fullt prinsesse-utstyr frå jul var saken klar. Og gjennomført skal det vere, så me tok fram den vakre kvite "pels"-jakka ho fekk hjå bestemor for lenge sidan - ei ekte vinterprinsesse vart det!


luring :)
Related Posts with Thumbnails