laurdag 8. mars 2008

Ein bestefar mindre

Det er rart med det - sjølv om me i lang tid har visst at bestefar kom til å døy, så kjennes det uverkeleg når det fyrst skjer. Idag tidleg vakna eg til meldinga om at han hadde sovna stille inn. Han var ein gammal mann, mangla berre ein mnd på 94 år, og har levd eit innhaldsrikt liv. Minna strøymer på, frå barndomen då kakao og kinasjakk var livet, frå ungdomen, då han passa på kvar me heldt oss, og frå dei siste åra, då han gleda seg over oldeborna når dei kom på besøk.

Det er som ei ny tidsrekning startar, for bestefar har alltid vore der. Det er trist og rart, men samtidig godt å vete at han no har fått fred frå smerter og plager som alder og sjukdom førte med seg. No kviler han.

Takk for alle gode minner!

fredag 7. mars 2008

Ei ny scrappeside

Måtte scrappe bildene frå Oda sin tur på sjukehuset, og slik vart resultatet:




Ei og ei side:


Bamsen har eg teke som utsnitt frå eitt av bilda der ho låg i senga - det er ein sengetøy-bamse som er lagt på svart kartong for å få kontur. "tøffe" er trykka med skum-stempel og acryl-maling, "jenter" er rubons ("gni-på-bokstavar")



"Får masse" er òg rubons, medan "is" sjølvsagt er laga av ispinnar. Filmstripa er svart kartong som eg har laga hòl i, og limt dei små bileta på. Og så tok eg med ID-armbandet ho fekk då ho vart innlagt.

onsdag 5. mars 2008

I rykk og napp

Det er ikkje kvar dag eg strikkar, men med tida til hjelp vert det til slutt ein kjole - håpar eg :)

måndag 3. mars 2008

Feberblanke auger



Idag er vetle Hedvig sjuk. Ho vart snorete og full av hoste i helga, og iløpet av natta kom feberen snikande. Etter ein lang kvil i vogna var humøret upåklageleg, men store delar av dagen har ho vore på armen til mor og klaga sin arme naud. Satsar på at ho frisknar fort til!!

søndag 2. mars 2008

...og med det fjerde skal det skje

Plutseleg var me igang igjen - med oppussing. Hurra!

Det var som om arbeidslysta fløymde over oss her, og etter stor-rydding i uthuset igår var tida komen for å ta fatt på neste prosjekt - det gamle kjøkkenet skal bli til tv-stove. Me fekk besøk av ein kamerat igår kveld, og lite visste vel han (og me?) at helga skulle gå med til jobbing :)

No står det kun eitt skap att der inne, og før det kan forsvinne må røyrleggjaren på plass. Spindelveven hang i laser bak dei gamle skapa, og det er eit lite pent lappverk av plater, maling og tapet der inne. Men akk, så lekkert det ein gong skal bli!

Eit par bilder hører med.

Fyrst eitt frå ifjor, medan kjøkkenet endå var i bruk (eit rom på 10 kvm (?), utan vindauge og naturleg lys, og utan avtrekk for vifta, etter ombygging ein gong på 60-talet)


Og slik ser det ut akurat no. Her må elektrikaren inn for å flytte ledninga til venstre ut av rommet før me får sett opp nye plater. Døra her går inn på det nye kjøkkenet. Langs denne veggen skal det stå ein sofa, og kanskje eit lite bord eller ei hylle? Har òg tenkt på ei smal hylle på veggen, meir som ei bildelist e.l.

Og den andre sida, der berre vasken står att. Døropninga til høgre går inn i stova, og skal nok utvidast ein del. Her er planen at me skal ha oppbevaringsløysingar, med tv på veggen.


Dette skal bli morro! :)
Related Posts with Thumbnails