Fredag er ein roleg morgon med Oda heime frå barnehagen.
Fredag er ein tur på kafè med andre småbarnsmødre.
Fredag er sjokolade-espresso i pappkrus, med noko attåt.
Fredag er småprat om bleieprisar, bydeoriginalar og skulepolitikk.
Fredag er nett ein kaffi til.
Fredag er suppe og pannekaker med flesk.
Fredag er å sige saman i sofaen når jentene er lagd.
Fredag har til no vore gullrekka, men ikveld - ikveld vert det jammen tv2 og "Norske talenter" istaden.
Sa nokon vanedyr?
God helg!!
fredag 29. februar 2008
onsdag 27. februar 2008
Kort til ein snikkar
Ein bror som er møbelsnikkar kan vere kjekt å ha. Då me pussa opp kjøkken sist haust fekk me god hjelp, og i desse dagar har han bursdag. To floger i ein smekk! :)
Verktøy er henta på nett, trebitane er ispinnar (som det vert mykje av her i huset for tida), og spikarane er høgst ekte! "Grattis" er klistremerkebokstavar, festa oppå to ispinnar som er limt saman.

Den siste ferdige LO'en ser slik ut (litt dårleg bilete):

Eit bilete frå kvar månad sidan Hedvig vart fødd. Eg ville laga det som ei slags klokke, med "tida går" på visarane. "Ornamenta" i kvart hjørne har eg teikna og skore ut sjølv.

måndag 25. februar 2008
Hedvig er óg her
Det har visst vorte mykje Oda-bilder i det siste, men Hedvig er her, ho òg :)
Me var på 6 mnd kontroll med ho 13. februar, og til stor glede for mor hadde ho gjort eit aldri så lite hopp på vekt-kurven. Over 600 gram vektoppgang på ein mnd var gode nyheiter! Grauten går ned på høgkant om kvelden, og no er me òg igang med litt middagsmat på dagtid. Prøver å laga sjølv, men om eg klarar å gjennomføre det vil vise seg...
Jenta kjem seg litt rundt no, med rulling, og ved å dra seg med armane. Om dagen er ho ein engel - om natta..... lat oss sei at me har eit potensiale der :)
Her er iallefall skøyarjenta - full av liv og lyst!

Abonner på:
Innlegg (Atom)