Det vart visst endå ein songtekst som overskrift, men denne tekstsnutten frå "Mellom bakkar og berg" har surra i hovudet mitt dei siste dagane. Onsdag fekk me nemleg eit hint om at våren ligg og ventar på tur, og det gjorde eventyrleg godt med litt sol på skinn og sinn!
Eg og Oda hadde oss ein tur ned i vasskanten for å kaste "fiskesprett", men med såpass massive "fiskar" som ho fann, skulle det noko til at det vart sprett :) Sjølv om den store spretten mangla vart det iallefall fine bilder - her kjem eit par av dei.









