Igår var ho under kniven, og no er ho 2 stk mandlar og 2 stk polyppar fattigare, og 2 dren "rikare". Me har snakka mykje om det som skulle skje, og med eitt mål for auga såg ho fram til det heile med spenning: Når operasjonen var over skulle ho få så mykje is ho ville!Onsdag var det innlegging, og dagen gjekk igrunn med til venting, venting, og litt meir venting. Då var det godt å ha litt proviant med seg. Blodprøvetaking var litt skummelt men med emla-plaster på førehand, og avledningsmanøver når nåla kom, så gjekk det fint.

Torsdag var det opp og hopp lenge før sola tørka søvnen ut or augene, og me var på plass på avdelinga kl halv åtte. På med emla-krem (englekrem) og sjukehus-pysj, og så var det litt venting igjen.

Kl 9 vart ho trilla til operasjonssalen, og mamma fekk vere med heilt inn, mens pappa måtte passe på Hedvig. Det vart litt mykje å ta inn - stadig nye folk i rare kle, og masse merkelege maskiner med lys og slangar alle vegar. Eg var glad for å få vere der, og sjølv om tårene stadig låg på lur hjå Oda, så var ho roleg og flink heile vegen, så lenge ho kunne halde meg i handa og søke tilflukt. Plutseleg var det tid for narkose, og med eit lite snork forsvann i inn i søvnen. Då var det mor som måtte halde att ei lita tåre.
Etter ein time var det gjort, og jenta var allereie vakna frå narkosen idet me kom småjoggande etter ho inn på intensiven. Formen var lite å skryte av, så ho fekk smertestillande intravenøst, og sovna etter ei lita stund. Ein time på puta hjalp godt, og det første ho klarte å formidle var - ikkje uventa - "eg vil ha is!" :) Ho ombestemte seg når isen kom fram, og det var heller kaldt vatn som skulle til. Sjølvsagt var ho sår i både munn og svelg, og syns det var ubehageleg med veneflonen som til slutt vart bandasjert fast i handa for ikkje å dette av.

Kaldt vatn i ganske store mengder gjorde godt, og SÅ var det tid for is. Frå kl 12 til kl 19 trur eg jammen jenta fortærte tett oppunder 10 saftisar (og då prøvde me å begrense ho i fleire periodar - sa nokon glad i is? :) )

Kontinuerlig tilførsel av smertestillande var eit must, men så lenge ho hadde dette i kroppen var ho overraskande pigg. Medbrakt laptop og DVD var kjempekjekt å ha på rommet når tida gjekk seint. Hanske-ballongen fekk ho som eit ledd i avledninga på operasjonssalen :)

Ei forholdsvis roleg natt vart det for dei to på sjukehuset, og dei vart godt tekne vare på av personalet der. Idag henta eg dei heimatt, og utruleg nok har ho ete både suppe og pannekaker iløpet av dagen - meir enn ho ellers har ete til middag. Det har sjølvsagt vore periodar med smerter, men med litt smertestillande har det gått fort over. Humøret og formen har vore upåklageleg - det einaste som verkeleg viser kva ho har vore igjennom er stemmebruk og snakking. Ubevisst har ho lagt seg til å snakke svært utydeleg (for å minimalisere bevegelsar i munn og svelg?), så me må anstrenge oss litt for å forstå nokre gonger. No håpar me ho er over kneika, og snart vil smertene vere eit bleikt minne. Det ho vil hugse best er sannsynlegvis isen og skryten over kor flink og modig ho har vore.



