onsdag 6. februar 2008

Eit heilt halvt år

Det skjer noko når ein går frå å berre rekne alderen i veker og månader, til å rekne den i år. Vetlejenta mi er jo framleis nyfødd, ikkje sant? Det er jo som berre sist veke, at eg gjekk og kjende på murringane, og lurte på om det ville skje noko til termin. Ein aldri så liten handletur for å kjøpe inn dei siste tinga var nok det som skulle til - eit par timars trakking i eit handlesenter skapte nok uro i kroppen til å sette fart i sakene. Den vordande storesyster vart etter mykje nøling sendt på overnattingsbesøk, sjølv om det var høgst tvilsamt om det vart nødvendig. Så begynte det å akselerere. Tok tida på riene, ringte føden, og skulle koma inn for ein sjekk. Framleis tok me det heilt med ro, for dette var jo berre starten på ein lang prosess. Etter ein biltur som aldri ville ta slutt, og ein endelaus korridor nådde me endeleg fødestova. Kor langt var det att - var det håp om noko for å døyva smertene, eller måtte eg vente litt til? Så feil kan ein ta - ein halv time seinare kom ein liten bylt nærmast med eit klask i fødesenga - ho skreik før ho traff underlaget, og hadde navlestrengen om både foten og skuldra. Ei perfekt lita Hedvig. I skrivande stund er det eit halvt år sidan eg låg og skaka etter den raske fødselen, nyforelska og utsleten, sjokka og glad - tallause følelsar og hormonar som rasa rundt i kroppen.
Storesyster fekk is på senga dagen etterpå, utan at ho endå visste kvifor. Men kven klagar vel over is før ein i heile tatt har stått opp? Ho fekk vete det straks etterpå, og før ho fòr i barnehagen fekk ho helse på babyen. Det første møtet var stor suksess, og eg må sei me har vore utruleg heldige, både med vetlesyster, storesyster og med forholdet dei to jentene imellom. Rolegare unge enn Hedvig skal ein leite lenge etter - ho søv, et og er stortsett smilande blid. Og Oda er så glad i henne, og stolt! Sjalusi har me sett heilt minimalt av, og det kjem stadige små kjærleikserklæringar frå storesyster. Når heile verda elles går ho imot, då er Hedvig einaste trøyst.


Og no er alt dette eit halvt år sidan.. Jenta et graut om kvelden - ein heil porsjon! Ho søv godt om natta, sjølv om me endå må ha eit par mat-stopp, og ho søv godt i vogna om dagen. Då får mor tid til både husarbeid og hobby. Det aller aller siste nye er ein liten klump i gummen - ei tann er på veg! Den er ikkje oppe enno, men det kan ikkje vere mykje om å gjere. Då er det slutt på tannlause smil, og endå eit bevis på at tida går alt for fort.


Eg kunne nok sitte og skrive heile kvelden, men no skal eg gje meg - her er eit par bilder til slutt:


Hedvig, ganske så fersk:





Og idag, heile 6 mnd gammal - eit heilt halvt år!



Barne-tv tid idag tidleg..



Og eit bilde av vetlejenta for eit par dagar sidan, slik ho ofte er - smørblid, på golvet, med armane rett opp :D

måndag 4. februar 2008

Ein revolusjon

Ja, det er nesten det, når det dukkar opp noko gult på noko eg har laga. Uvisst av kva grunn er det ein farge eg ikkje likar. Men her har eg altså klart å bruke den likevel - og det vart jo ikkje så verst ;)



Denne vart ferdig idag - Oda og to veninner som me har vorte så glad i! Har brukt stempel for å lage figuren nede til høgre, og knabba Oda sine fargeblyantar for å setje farge på den

søndag 3. februar 2008

Eit glytt av vinter

I over eit døgn i strekk har det snødd - 20-30 cm med puddersnø lava ned, med lovnad om vinteraktivitetar i lange baner. Slik såg det ut tidleg på dagen idag:





No innser eg at me har vorte lurt - igjen. Vegen er eit endelaust hav av sørpe, og eg lurar på korleis me skal koma oss i barnehagen imorgon, med vogn og små bein som skal gå....
--------
I dag har eg savna eldstejenta, og gledar meg veldig til å få ho heimatt - i mellomtida har eg heldigvis denne solstrålen å trøyste meg med :)







Related Posts with Thumbnails