laurdag 2. februar 2008

Scrappedilla

Ei roleg helg, der mann og eldste snuppa er ute av huset, kan brukast til så mangt. For min del betyr det at så snart Hedvig er i seng eller i vogna, så spring eg til scrapperommet. Har hatt bilder liggande, frå då Hedvig var nyfødd, og frå den store barnedåpen. No er dei endeleg scrappa.

“Hedvig” er skrive med glitrande lilla penn rett på kartongen. Eg fann fram ID-bandet ho hadde rundt foten på føden, og på innsida av den lyse kartongen har eg tatt med fødselshistoria. Imellom arket og kartongen ligg lappen som hang på babysenga på føden, med “data”, og navn på jordmor/barnepleiar.







Og så ein dobbel LO med bildene frå den store barnedåpen




fredag 1. februar 2008

Reisefeber

Idag skal storesyster ut på tur - utan mor og far! Saman med tante skal ho nemlig reise med toget idag. Med koffert og sekk ferdig pakka var ho klar til å reise. Sekken måtte sjølvsagt vere på, sjølv om det endå var neste 3 timar til avreise. Sa nokon reisefeber? :)



søndag 27. januar 2008

Aketur idag

"No er det søndag og far har fri, han har sagt me skal gå på ski"... eller noko slikt :)

Me er ikkje akurat ivrige skiløparar - og ikkje er det vel heilt forhold for det denne vinteren heller. Men med eit par cm snø som kom igår kveld var det sjølvsagt at me måtte ut og prøva akebrettet. Ikkje treng me gå langt for å finne fine akebakkar heller. Det var dessutan stor stas for Oda å kunne køyre heilt åleine!







Og Hedvig tok det heile med knusande ro :)
Related Posts with Thumbnails