fredag 2. januar 2009

Små søte jolegåver

No skal eg liksom ta att for alle dei blogginnlegga eg ikkje kunne lage før jol, sidan alt eg laga i november/desember skulle vere jolegåver til diverse familiemedlemer som ofte er innom og les.

Under ser du to av dei (gåvene - ikkje familiemedlemene); to after eight-boksar som vart laga på nytt i mønsterpapir, og pynta slik eg håpar og trur at mottakarane kunne like det. Som eg nevnte i eit innlegg under: Diktet inni loket på den eine har eg brukt til det kjedsommelege i haust, men no har eg bestillt fleire nye tekststempel, som eg gler meg vanvittig til å henta ein dag i nær framtid!

Boksane er pynta med svirlar som er skorne ut med Silhouette-maskina mi, blomster, band av ymse slag, og så er alle kantar sverta med distress ink.













Akurat som dei tre gåvene under (eg laga ljosomslag og dekorerte fyrstikkøskjer - lysa er heilt kjøpt ;) ); små gåver som ikkje berre vert husafyll, og som eg håpar vert sett pris på fordi det ligg tid og gode tankar bak :)


Ikveld er eg og Hedvig "åleine" heime. Oda fekk vere att hjå bestemor og bestefar på ein storesysternyttårsferie, medan rosamannen allereie er igang med den lange oppkjøringa til NM for brassband. Du kan jo gjette kvar eg skal tilbringe kvelden, no som Hedvig er i seng? Jaudå, etter ein lynrask ryddesveip over 1. etg pilar eg opp på scrapperommet. Ikveld skal eg starte på eit nytt storprosjekt! Eg hadde eigentleg tenkt å scrappe jolebilder, men det får vente til ein annan kveld - eg klarar ikkje sitje å bruke mi heilt åleine-tid på å sitje framfor PC'en for å plukke ut og printe bilder.

Ha ein god fredagskveld!

6 kommentarer:

Tove sa...

Grattis med face lift på bloggen! Forandring fryder! Nyt heime "åleine"-kvelden til fulle!

Henriette sa...

Så mange flote julegåver du har laga!! Eg synes dei sjokoladeesken berre er sååååå lekre. Kan jo ha noko med at innhaldet og er ufatteleg godt....men tenkå opne loket på den flott eska, ta ut nydeleg sjokolade, og samstundes verte påminna å nyte øyeblikket. Fantastisk flott!!!!!

Eg har hatt meir eller mindre bloggefri i jule og nyttårshelga, men eg håpar å koma strekt attende;)

Ha ein flott fredag:0)
Klem:)

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Godt nytt år!!! Takk for bloggvennskap i 2008:)
Klem

rod i hob sa...

Så flinke du e :-)
Kjempefine julagava, tenke at mottakarane sette stor pris på desse!!

rod i hob sa...

Så fin "heading" du har fått deg forresten!! Laga sjølv i photoshop?? Eg vurdere og om eg ska laga meg ny... He he!! Men ikkje i dag!!

Noralill sa...

Godt nyttår til deg og dine! Høyres ut som du har mange kjekke prosjekt på gang! Fine øskjer du har laga med verkeleg omtanke og tid bak...

Ha ei fin helg vidare!

Related Posts with Thumbnails