søndag 7. desember 2008

Jolemarknad

Dagen idag har gått med til den store vesle jolemarknaden som eg og 3 andre damer har planlagd i eit par månadar. Produsentane kom frå fjern og nær, vér og føreforhold var best tenkjeleg, og alt låg til rette for ein fin marknad. Det vart det òg, sjølv om eit par av hovudattraksjonane meldte avbud i siste liten. Utruleg frustrerande for oss som arrangerer, og nok litt skuffande for ein del av publikum òg.

Må vise litt bileter av nokre av dei nydelege tinga som var å få kjøpt. Frå butikken 1001natt var det 3,5 meter med fair trade-varer så fine at auga vart stort og vått. Eg klarte ikkje sjå meg mett på alt, og veit at eg er nøydd innom den butikken når jolelønninga har tikka inn på konto....berre ikkje sei noko om det til rosamannen....

Desse fantastisk fine stormglass-lyktene, foreksempel. Eller englane i framgrunnen.

For ikkje å snakke om denne aldeles nydelege jolekrubba, også den i glas med telys bakom.

Eller for dei modige og frimodige - veske forma som pepperkakehus eller eit anna lite hus. Eg såg dei for meg til pynt i huset, fyllt med telys eller liknande (som oppbevaring, altså)

Eg kunne óg godt tenkt meg denne fantastisk fine lykta, som er nesten ein meter høg.


Tvers over rommet kunne ein få kjøpt heimelaga hudpleieprodukt og såper - noko for ein kvar smak!


På loftet fekk borna slå seg laus i joleverkstaden. her vart det tova og måla, perla og klistra i ekte joleånd. Her står dei litt bleike nissane klare i rekkje og rad


Oda mi var særs nøgd der ho sat med joleposen i hendene,.....


...etter at ho hadde helsa på dette fornøyelege paret. Herr og fru nisse hadde nok tatt seg ein liten dram før dei kom, så lystig og lett på fot som dei dansa rundt jolatreet saman med små og store bygdefolk.
Så var marknaden over for denne gong, med jolegrantenning, jolesongar og obligatorisk nissebesøk. Bak øyra noterer ein små og store ting som kan forbetrast, og så legg me vekk slike organisatoriske tankar til neste haust ein gong. Det er 17 dagar til jol!
--------------------------



Tenn lys, to lys skal skine for kjærleik og for tru
for den som syner omsorg og alltid byggjer bru
må flyktningar få heimar, og fangar bli sett fri
tenn lys for dei som gret og for dei som trøyst kan gi

6 kommentarer:

Henriette sa...

Her var det mass fint:)

Det ligg noko til deg inne hos meg:)

Rønnaug S. sa...

Ååååå. Det var mye fint der, ja. Takk for tips. Skal nok en tur innom 1001natt :)

Magny sa...

hei... åååå, nå fekk eg sommarfuglar i magen...
er det sant, hadde vore så koselig om du hilste til Sigrid fra meg, ho var ( er sikkert) så skjønn , blid , snill, søt og hyggelig...
Vi var jo bare 16 år det skoleåret,- hmen ho er sikkeret mye det samme!
husker ikke etternavnet, men husker så godt personen!

takk for detektivarbeidet....
klem, Magny

PS! Så mange flotte stemningfulle bilder i bloggen din....

Anne sa...

Her var det mye fint å se:) Sikkert en kjempe koselig julemesse. Ha en fin uke:)

rod i hob sa...

Ååååå... Så fin melding eg fekk frå deg :-) Hadde du meg på lista di, så morsomt! Godt at eg fekk sendt den fysst då :-) Tjihi!!

Men kan eg spør deg om en ting? Krussedullar som du har på tinga du lager... Lager du dei sjølv, eller går det ann å finna lignande på nettet? Eg drive å lage julakort i photoshop -å kunne tenkt meg en krussedull som bakgrunn på baksida....

Klem :-)

Rosa sa...

Så mye fint på messa:)Men det var veldig få utstillere forstod jeg. "Gubben" var innom, kjørte litt for søstra, og jeg ba han handle for meg fra de som var der.Savner å handle julegaver og til oss selv på julemesser. Men det var bare "saft og krydder" der mente han..utenom søstra sitt da, men ho hadde jeg julehandla hos før. Lite folk mente han, men vi er vant til veldig mye folk på julemessene vi var på før da i sentrum. Er noen år siden jeg har orket, så kanskje det har endret seg der også. Mange flinke utstillere på julemessene rundtom i allefall,(ser jeg fra bilder på nett) skulle gjerne visst hva de heter og fått kontakt med de for å kjøpe utenom, får bare sett bilder ifra Ulvund eller evnt. Hordaland.

Fikk ikke solgt ETT smykke jeg da på denne messen, så de var vel ikke så fristende antakelig;)Nå har jeg tatt de hjem og selger hjemmefra og har fått solgt en god del, og mye er gått til julegaver. Prøve sitte selv på julemesse når jeg ei gang blir i såpass form.

Den lykta til Åshild ønsker jeg meg òg, har handla mye anna på 10001natt til jul da, er mye fint der. Fine englelys, julehjerter, julekuler m.m. Lekre de filt(?)husene m.m. ho har også :)
Hadde du noe utstilt der?

Related Posts with Thumbnails