fredag 5. desember 2008

Jolebakst

Då kan eg melda om at jolebaksten har hatt sitt offisielle avspark idag.

Fredag er heimedag for oss jentene i rosaheimen, og den prøvar eg å bruka godt. Å bruka dagen godt kan vere alt frå langdryge kaffibesøk hjå svigerinner eller naboar, til å kosa oss i heimen med ymse gjeremål. Idag var ein fredag av den sistnevnte sorten.

Oda elskar å få hjelpe til på kjøkkenet, og for at ho ikkje skal synast det er kjedelig å berre vere heime med mor ein dag prøver eg å finne på noko me kan gjere saman, om me fyrst skal vere heime heile dagen. Det er ikkje nokon voldsom jolebakst eg legg ut på i år heller - serinakaker, pepperkaker, risbollar, kaaaanskje kakemannar etter Rønnaug si oppskrift, og kaaanskje ekte kjøpe-kransekakemasse-kransekakestenger, berre fordi eg sjølv likar det så godt. Jolebaksten varierer forøvrig frå år til år, fordi eg alltid leitar etter noko endåtil rosamannen kan lika. Kaker er ikkje hans sterkaste side - evt største svakheit :)


Serinakaker oppdaga me ifjor, etter foreldrekaffi i barnehagen. Ikkje for søte, ikkje for store, og ikkje vanskelege å få til. Oda laga faktisk det eine brettet nesten åleine idag. Ho rulla og trilla, og med stor møye kom det litt perlesukker på kvar einaste kake - og på nesten heile brettet :)


Kakeboksane, ikkje særleg fine kakeboksar til ein tiar på europris ein gong for leeenge sidan, stod faktisk lett tilgjengelege i eit hjørneskap, og akurat den boksen eg var tenkt å bruke - trur du ikkje den innehaldt restane av serinakaker frå ifjor? Huff! Dei vart til kompost, og eg kunne fornøyd slå fast at eg har iallefall lært litt frå ifjor - denne gongen lagde me halvparten så mykje :)

No ikveld har eg kost meg åleine med gløgg, julemusikk og litt finpuss på diverse plakatar før jolemarknaden på sundag. Eg hadde ein plan om å gå på scrapperommet sidan mannen er ute av huset, men det vart for seintpå kveld. Midt i kveldens gjeremål vart eg nemleg sitjande å sjå på ein film, eller rettare sagt ein musical - "Hairspray". Om du likar musikalar, og treng ein aldri så liten lykkepille så er denne heilt rett valg. Kanonbra songarar og ei svært humoristisk framstilling av alvorlege tema frå USA på 60-talet.

Då er det berre å rydde unna koppar og kar, og kravle seg til sengs. Imorgon ventar nye gleder, nye utfordringar, nye oppgåver, og to små som er klar til å forlate varmen under dyna mykje tidlegare enn mor og far :)

5 kommentarer:

Trollkåno sa...

So flinke de er som er kome igang med julebaksten. Oda ser skikkeleg
konsentrert ut....over helga håpar eg me er igang her i huset òg.
Ha ei fin (og travel) helg, med julemarknad.

Noralill sa...

Så koseleg det såg ut! Ei skjønn lita bakstekone...

Eg slit enno med å koma igang med julebaksten...men kanskje serinakaker var ein idè?? Takk for tipset..

rod i hob sa...

En liten award finne du hos meg! Fordi eg like bloggen din, å eg e veeeeeeeeeeeeeeeeeldig fornøyd meg handelen me jore her en dag :-) Julakake slapp viss eg å tenka på i år -besøkte mamma sist helg å fekk 5 sorta -i boks! Utsjemt?? :-) Ha en fin kveld!

Rønnaug S. sa...

Heisann. Så flinke dere har vært. Godt det er flere som ikke stresser baksten. Trus nesten jeg er ferdig etter gårsdagen... Men kanskje fellesbakeriet har noe som kan friste...

Nå kom jeg på hva vi ikke fikk gjort denne helga. Marknaden var ikke i mine tanker. Jaja. Neste år har vi kanskje ikke besøk den helga.

Frøken Englefjes sa...

Åh, skulle ønske jeg også hadde tid til å bake julekaker! Har en pepperkakedeig stående, men det er jo aldri tid til å bake den ut! Det blir mye både masteroppgave og jobb på meg denne måneden. Men neste desember håper jeg livet er litt roligere...

Related Posts with Thumbnails