onsdag 3. desember 2008

Hugselister

Ja, eg innrømmer det - eg er ein liste-person.

Eg har pakkelister på nattbordet eit par dagar før me skal på turar (turar med overnatting)
Eg har sjølvsagt handlelister
Eg har hugselister for oppgåver i forbindelse med verv
Eg har gåvelister for jol og bursdagar
I joleboka mi har eg lister over jolekort, kaker, gåver til og frå,...

Og no trur eg jammen at eg treng ei arbeidsliste for oppgåvene i heimen før jol. Det er heilt klart ein klisjè, men dagane berre spring ifrå meg! No til helga skal me på jolemarknad, og i den forbindelsen har eg, og har hatt, diverse oppgåver med små trykksaker og annonsering. Når den "bekymringa" er ute av verda ber det rett til hovudstaden i 3 dagar. Men etter det - når kalendaren nærmar seg den 15. desember - skal eg prioritera heimen. Mange av jolegåvene er tenkt ut, og er på veg inni ei - ja akurat, gåveliste. (er det forresten berre hjå oss det er slik at mor tenkjer ut dei fleste gåvene, og deretter - kanskje - konsulterer far, medan han på si side tenkjer ut ei gåve, den til mor? Gjerne etter nøye spesifiserte ynskjer... For all del, ikkje eit vondt ord om verken rosamannen eller ordninga for denel, eg likar jo å ha kontroll. Men likevel, litt snodig er det jo :) )Ein del skal eg laga, og må berre få satt av nokre kveldar på arbeidsrommet, så skal nok det gå fint. Tradisjonen tru vert me nok i seinaste laget med gåver og jolekort (som i år vert konvertert til jolebrev) som Posten skal bringa for oss, men det brukar jo å gå bra, så det gjer det sikkert denne gongen òg.

Litt baking lyt det verte, sjølv om det vanlegvis ikkje er den heilt store avsetnaden på slikt her i huset. (Dvs - eg er ein kakemons av dimensjonar, men prøvar å begrense meg. Jentene er glad i ALT som er godt, men bør jo òg begrensast, og mannen får søtstoffkvoten sin dekka av ei einaste lita kake, og utgjer dermed ikkje det heilt store forbruket) Men så er det alltid kjekt å ha noko på lur, og kunna invitera nokon på kaffi i dei forhåpentlegvis rolege melsdagane (altså dagane mellom jol og nytår ;) )

Husvask? Tja... Eg har i mitt stille sinn planlagt at rosamannen skal få ansvar for å totalrenovere badet (det går vel fint, min kjære? *smask*), kjøkkenet skal få sleppe eit lag med støv, og kanskje tilogmed stova skal få ein omgang med støvkluten?
Men nokon rundvask i alle rom?? Nei takk!

Og i tråd med mitt forrige innlegg - jolepyntinga skjer heilt på slutten, den eller dei siste dagane før sjølvaste kvelden.

Har eg gløymt noko då?
(bileta er av den mirakuløse mini-orkidéen min, som etter eit halvt år utan vatn plutseleg byrja å spire igjen - hurra!)

1 kommentar:

Linda sa...

ehm... eit halvt aar utan vatn? ja, er det det man kallar hestekur for blomar?

Related Posts with Thumbnails